Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. Grupper og kommunikasjonChevronRight
  4. Helse ChevronRight
  5. Sjukdommar hos barn og ungeChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Sjukdommar hos barn og unge

Som profesjonell yrkesutøvar må du setje deg inn i delar av sjukdomsbiletet dersom sjukdommen er av ein slik art at barnet treng spesiell tilrettelegging, hjelp eller omsorg medan det er i barnehage eller skule. Du kan få informasjon på fleire måtar, og det å prate med barnet og foreldra er ofte den beste kjelda.

Barn med omgangssyke. Foto.

Dessutan kan du finne fagstoff i bøker, på nettet eller ved å bli orientert av fagfolk om spesielle sjukdommar. Du vil kunne møte barn og unge som har andre sjukdommar enn dei som er nemnde her.

Astma

Astma er ein kronisk sjukdom i luftvegane som fører til anfall med tung pust eller hoste. Astma kan vere arveleg og førekjem ofte saman med eksem og allergi. Ikkje-arveleg astma kan utløysast av ulike miljøfaktorar, som til dømes tobakksrøyk, luftforureining og fuktskadar i bustaden ein bur i.
Hos små barn kan RS-viruset vere ein utløysande faktor.

Kvifor blir vi tette?

Eit astmaanfall kan bli utløyst og forsterka av ei rekkje ulike faktorar, som til dømes allergi, tobakksrøyk, støv, forureining, tåke, rå luft, kulde, gassar, sterke lukter, stress, medisinar, fysisk aktivitet og virusinfeksjonar.

Kva skjer i luftvegane?

Det er særleg tre faktorar som kvar for seg er årsaka til anfall:

  • Krampe i muskulaturen rundt luftvegane.
  • Betennelse (inflammasjon) som ikkje er forårsaka av infeksjon, i slimhinnene i luftvegane. Betennelsen fører til at slimhinna hovnar opp, og dermed blir bronkiene forsnevra, det vil seie trongare. Pustearbeidet aukar og ein kjenner seg tungpusta.
  • Opphoping av slim i luftvegane.

Desse faktorane er reversible, slik at gode og dårlege periodar kan avløyse kvarandre.

Les meir om astma på naaf.no

Allergi

Ordet allergi kjem frå gresk og betyr «endra reaksjonsmønster». Allergi betyr altså at kroppen endrar reaksjonsmåte på naturlege og i utgangspunktet ufarlege stoff i omgivnadene. Desse stoffa blir kalla allergen, og dei mest vanlege allergena stammar frå husstøvmidd, myglsoppar, pelsdyr, næringsmiddel, diverse legemiddel, somme metall og pollenkorn frå gras og ulike tre.

Når ein som er allergisk, kjem i kontakt med allergen, begynner kroppen å produsere spesielle antistoff (IgE). Slike antistoff finn vi blant anna i slimhinnene i luftvegane, i blodet og i huda. Dersom ein kjem i kontakt med det same allergenet igjen, kan det oppstå ein reaksjon med antistoffet. Denne reaksjonen dannar kjemiske substansar som forårsakar plager som kløe, tett nase, hoste og pustevanskar. Den viktigaste kjemiske substansen som blir danna, er histamin. Det kan ta kort eller lang tid å utvikle allergi mot eit stoff.

Ein allergisk reaksjon kan vere atopisk eller ikkje-atopisk. Atopi er den arvelege disposisjonen for at kroppen dannar IgE, og det er vanleg at den eine eller begge foreldra til ein person som har atopisk allergi, også er allergiske. Ein liten del av befolkninga har ikkje-atopiske allergiske reaksjonar, som for eksempel reaksjonar på legemiddel eller gift frå bie- eller vepsestikk.

Les meir om allergi på naaf.no sine sider.

Diabetes
Kvart år får rundt 200 barn under 14 år diabetes. Dei fleste barna får type 1-diabetes – også kalla insulinavhengig diabetes. Dei siste åra har vi også sett barn som får type 2-diabetes, men dette er framleis nokså sjeldan.
Når eit barn får stilt diagnosen diabetes, kan både barnet og resten av familien oppleve situasjonen som tung og vanskeleg. Foreldra blir gjerne urolege for barnet og usikre på korleis dei skal takle situasjonen i forhold til både barnet og omgivnadene, som resten av familien, naboar, venner og barnehagen eller skulen. Barnet har fått ein diagnose det skal leve med resten av livet, og då er det viktig at barnet blir trygt og fortruleg med sin eigen situasjon.

Her er nokre problemstillingar ein kan møte:


  • Barnet må lære seg å setje insulin og ta omsyn til blodsukkernivået sitt. Når barna er små, er det som regel foreldra som tek det ansvaret, og etter kvart tek barnet over meir og meir av ansvaret sjølv.
  • Det er varierande kunnskap om diabetes i skular og barnehagar. For at barn med diabetes skal få oppfylt den retten lover og forskrifter gir til alle barn, er det nødvendig at ein tek spesielle omsyn. Det er viktig å leggje forholda til rette, og alle som har ansvar for barnet, må få nødvendig informasjon og kunnskap om den typen diabetes barnet har. Dette inneber at dei føresette, helsetenesta og dei tilsette i skulen eller barnehagen samarbeider godt. Noregs Diabetesforbund har laga eit hefte som tek opp dette.
  • Mange foreldre vil leite etter kva som er årsaka til eller skyld i at akkurat deira barn fekk diabetes. I dag veit vi for lite om kvifor barn får type 1-diabetes, men kunnskapar om kva faktorar som medverkar til å auke eller redusere risikoen, aukar.

Det finst mange fleire problemstillingar, og det er viktig at ein tek dette opp med helsepersonell eller med andre familiar som har barn med diabetes. Det er likevel svært viktig å hugse at eit barn er eit barn.


Les meir om diabetes på diabetes.no.
Overvekt

Barn som er overvektige, har større sjanse for å bli overvektige når dei blir vaksne, men ikkje alle blir det. Vi veit at overvektige vaksne har auka risiko for å få ei rekkje sjukdommar.

Kvifor blir enkelte barn overvektige?

Det er sjølvsagt mange årsaker til at nokre barn blir overvektige, men dei vanlegaste grunnane er usunne matvanar og for lite aktivitet. Hugs likevel på at barn veks i rykk og napp, og dei fleste barna som har litt kvalpefeitt, veks seg slanke med alderen. Statens råd for ernæring og fysisk aktivitet skriv dette om barn og overvekt i rapporten om vekt og helse:

«Rutinemessig måling av vekst innen helsetjenesten bør knyttes til intervensjon når vekten øker drastisk i forhold til høyden. Det anbefales ikke behandling av fedme hos barn under 3 år. Det er grunnlag for å anbefale at 3–9 år gamle barn med fedme tilbys oppfølging hvis minst én av foreldrene er fete. Barn og ungdom i alderen 10–19 år med fedme bør få tilbud om oppfølging.
Ved oppfølging av fedme hos barn og ungdom tyder resultater fra mange studier på at foreldre må være aktive i behandlingen. Det bør fokuseres på moderate endringer i kosthold og fysisk aktivitet og ikke dramatiske slankekurer. Det er viktig med langvarig oppfølging.»

Kosthald

Barn veks opp med tilbod om hurtigmat nærmast på kvart gatehjørne. Cola, hamburgarar og godteposar har blitt meir daglegdags og er ikkje lenger berre assosiert med laurdag eller fest. Svært mange barn et godteri nesten kvar dag og drikk brus dagleg.

Barna er mindre aktive

I dag bruker barn i aukande grad tid framfor ein eller annan skjerm. TV, video, datamaskin, Playstation, Nintendo, GameBoy: Tilbodet er stort! Tidlegare, då desse tilboda var få, var det nok vanlegare å springe rundt i nabolaget eller sparke fotball; inne var det i alle fall ganske kjedeleg!

Tidlegare var det òg vanlegare at barna gjekk til skule og fritidsaktivitetar. No er det derimot blitt sjølvsagt med skulebuss mange stader, og fleire og fleire stader kjennest skulevegen såpass utrygg at mange vel å kjøre sjølv om det ikkje er så langt.

I nokre få tilfelle kan det vere medisinske årsaker som ligg til grunn for at barnet er overvektig, som til dømes hormonforstyrringar. Dette er likevel sjeldan, men sjølvsagt viktig å få utelukka dersom det ikkje finst nokon openberr grunn til overvekta, eller dersom barnet har andre symptom i tillegg.

Dette er ein del av ein lengre artikkel, og du kan lese heile artikkelen på Lommelegen.no dersom du ønskjer det.

Psykososiale problem

Internasjonale studiar har tidligare vist at 10–16 prosent av barn og unge har psykiske plager og utagerande åtferd som verkar inn på korleis dei fungerer i i det daglege. Rundt 8 prosent treng behandling. (Kjelde: Folkehelseinstituttet)

Andre undersøkingar viser at heile 15–30 prosent av barn og unge har psykiske plager eller sjukdommar. Psykososiale problem kan komme av arv eller miljø.

Psykososiale problem hos barn kan blant anna vere

  • einsemd
  • mistrivsel
  • omsorgssvikt og mishandling
  • tungsinn og depresjon
  • angst og uro
  • konsentrasjonsvanskar
  • åtferdsproblem
  • skuleproblem
  • rusmisbruk
  • kriminalitet
  • eteforstyrringar

For å lesa meir om psykisk helse for barn og ungdom kan du sjå på huba.no - Psykososiale vansker.
Helsedirektoratet sine sider om psykisk helse kan du finne filmar og fagstoff.

Anoreksi, bulimi – fakta om eteforstyrringar

Bulimi, anoreksi og andre eteforstyrringar kjem av både arv og miljø. Fleire kvinner enn menn blir ramma. Slanking og vekttap er ofte eitt av dei første trinna i utviklinga av bulimi og anoreksi, men det er usikkert om slanking i seg sjølv er ein risikofaktor.

Eteforstyrringar har fleire former. Anoreksi er den sjeldnaste forma, og den vanlegaste er patologisk overeting, som er foreslått som ny diagnose.

Hovudtypar eteforstyrringar

  • Anoreksi (etevegring, anorexia nervosa) er den alvorlegaste eteforstyrringa. Tilstanden inneber at den som blir ramma, et lite og ofte trenar mykje for å gå mest mogleg ned i vekt. Sjølvbiletet er forstyrra: Ein kjenner seg tjukk, men er eigentleg undervektig og svært tynn. På grunn av alvorleg underernæring er dødelegheita fire til ti gonger høgare enn samanliknbare befolkningsgrupper.
  • Bulimi (oksehunger, bulimia nervosa) er tvangsprega storeting kombinert med ulike tiltak for å kompensere for det store matinntaket og for å unngå vektauke. Kompensasjonen kan vere å kaste opp, å bruke avføringstablettar eller klyster, å faste i periodar eller å trene. Bulimikaren klarer ikkje å stoppe å ete og kan ete enorme måltid. Oppkast kan føre til at saltbalansen i kroppen blir forstyrra, og at ein får syreskadar på tennene. Personar med bulimi er oftast normalvektige eller overvektige. Om lag 30 prosent av bulimikarane har ei forhistorie med anoreksi.
  • Patologisk overeting (sjukeleg overeting, engelsk: binge eating disorder) er foreslått som ein tredje diagnose. Tilstanden liknar bulimi, men ein kompenserer ikkje for det store matinntaket ved å kaste opp eller liknande. Overetaren er som regel overvektig.
  • Atypiske eteforstyrringar. Eteforstyrringane har også andre former som ikkje tilfredsstiller krava til ein medisinsk diagnose, men som like fullt kan vere eit stort problem i kvardagen. Til dømes kan det vere lettare bulimi- og anoreksiliknande forstyrringar. Atypiske eteforstyrringar er minst like vanlege som anoreksi og bulimi.

Rammar flest kvinner

Eteforstyrringar rammar både unge og vaksne, men oppstår ofte i ungdomsåra den første gongen. Anoreksi og bulimi er om lag ti gonger hyppigare hos kvinner enn hos menn. For patologisk overeting (BED) tyder undersøkingar på at førekomsten hos kvinner berre er ein halv gong større enn hos menn.

Ifølgje Götestam og Rosenvinge har om lag 2 700 norske kvinner mellom 15 og 44 år anoreksi: 18 000 har bulimi og 28 000 lir av patologisk overeting. Til ei kvar tid har følgjande del av norske kvinner i aldersgruppa 15–44 år ei eteforstyrring: 0,3 prosent anoreksi, 2 prosent bulimi og 3 prosent patologisk overeting. Tala er baserte på norske studiar, men utanlandske studiar viser tilsvarande tal.

Sjukdommane er alvorlige i ulik grad, og vi reknar med at fleirtalet av dei som har anoreksi, og halvparten av dei som har bulimi, treng behandling – til saman nærmare 50 000 kvinner. Av desse har om lag 600 personar behov for høgspesialisterte helsetenester ved universitetsklinikkar.

Berekningar tyder på at førekomsten av anoreksi har vore relativt stabil dei siste 25 åra. Bulimi kan kanskje ha auka noko. (R. Borresen og J.H. Rosenvinge, 2003 og J.H. Rosenvinge og K. Götestam, 2002.)

Både arv og miljø speler inn

Eteforstyrringar er eit resultat av samspelet mellom arv og miljø. Forsking som er gjort i dei seinare åra, tyder på at det er ein genetisk disposisjon for alle eteforstyrringar.

(Kjelde: Folkehelseinstituttet. Ein del av ein lengre fagartikkel om eteforstyrringar frå september 2008.)

Barnesjukdommar

Når du arbeider med barn og unge, vil du jamleg møte barn som er smitta av ein barnesjukdom. Barnesjukdommar er ofte svært smittsame, men i dei fleste tilfella blir vi immune når vi har hatt sjukdommen éin gong. Mange barn er vaksinerte mot fleire av barnesjukdommane. Sjå også barnevaksinasjonsstoffet under relatert fagstoff til høgre på sida.

Skular og barnehagar har ofte oppslag som viser kva symptom dei ulike sjukdommane gir, korleis dei smittar, kor lang inkubasjonstida er, og når barna kan kome tilbake til skulen eller barnehagen etter dei ulike sjukdommane. Du kan finne mykje informasjon om barnesjukdommar på Lommelegen.no og Folkehelseinstituttet sine sider. Under finn du ei oversikt over når barnet kan komme tilbake til barnehagen.

SjukdomNår kan barnet kome tilbake til skulen eller barnehagen?
BrennkopparNår såra er heilt under kontroll. Om barnet har få og små sår, kan ein dekkje dei godt til, men om barnet har større og meir utbreidde sår, er det nødvendig at såra er tørre og har heila godt.
KikhosteOm barnet blir behandla tidleg, blir han eller ho vanlegvis smittefri fem dagar etter at behandlinga er sett i gang. Barnet bør derfor haldast heime i denne perioden. Om barnet får behandling seinare i sjukdomsutviklinga, er faren for smitte betydeleg mindre, og barnet kan derfor gå i barnehagen eller skolen dagen etter at behandlinga er sett i gang. (Kjelde: Folkehelseinstituttet)
KusmaUvaksinerte barn med sikker diagnose kan komme tilbake til barnehagen ni dagar etter at hevelsen begynte. Dersom alle dei andre barna er vaksinerte, er det allmenntilstanden til barnet som avgjer når han eller ho kan komme tilbake til barnehagen. (Kjelde: Folkehelseinstituttet)
Meslingar
Barnet kan komme tilbake til barnehagen tidlegast fire dagar etter at utslettet braut ut, dersom allmenntilstanden elles er god. (Kjelde: Folkehelseinstituttet)
Raude hundarBarnet kan komme tilbake til barnehagen tidlegast fem dagar etter at utslettet braut ut. (Kjelde: Folkehelseinstituttet)
VasskopparBarnet kan komme tilbake til barnehagen når utslettet har begynt å tørke inn. (Kjelde: Folkehelseinstituttet)
Den fjerde barnesjukdomBarnet kan komme tilbake til barnehagen to dagar etter at feberen har gått ned.
SkarlaksfeberBarnet kan komme tilbake til barnehagen fire dagar etter at behandlinga starta, om lege ikkje bestemmer noko anna.

Ut over desse generelle tilrådingane er det tre andre ting som har noko å seie for når vi kan ha barn i barnehagen og skulen:

  • Omsynet til barnet. Ta alltid omsyn til allmenntilstanden til barnet, og tenk på kva som er det beste for barnet.
  • Omsynet til dei andre barna. Dersom det er fare for at dei andre barna kan bli smitta, bør barnet vere heime.
  • Omsynet til personalet. Sjuke barn treng ofte meir oppfølging og omsorg, og foreldra og personellet må vurdere om det er nok personale i barnehagen/skulen til å gi barnet denne ekstra omsorga.

Når barn gir uttrykk for at dei har vondt i magen, hovudet eller musklar, eller om dei svimar av lett, må vi ta desse plagene på alvor. Først og fremst må vi varsle foreldra og oppfordre dei til å ta barnet med til lege for å utelukke at plagene kan kome av fysiske lidingar eller sjukdom. Dersom ein kan utelukke at barnet har skadar eller er sjukt, må vi sjå på heile livssituasjonen til barnet og lytte til kva det har å fortelje oss.

(Kjelde: Kjell Arne Standal)

Utfordringar til deg

  1. Korleis kan du få nødvendig kunnskap om ein aktuell sjukdom?
  2. Gjer deg kjend med nettstadene som lenkjene fører til.
  3. Lag ein plakat med informasjon om dei ulike barnesjukdommane. Beskriv korleis dei smittar, kva symptom dei gir, eventuelle komplikasjonar som kan oppstå, og kva behandling dei krev.
  4. Kvifor kan det vere greitt å vite om barna er vaksinerte eller ikkje?

Læringsressursar

Helse

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Oppgåver til filmen «Omgangssjuke»

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Oppgåver til filmen «Spiseforstyrrelser er arvelige»

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff