Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. Grupper og kommunikasjonChevronRight
  4. Helse ChevronRight
  5. Kjend etiologisk diagnose og kroniske blodborne infeksjonarChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Kjend etiologisk diagnose og kroniske blodborne infeksjonar

Nokre sjukdommar er ikkje lenger smittefarlege for andre barn ved diagnosetidspunktet. Då kan barnet fortsetje å gå i barnehagen dersom han eller ho er feberfri og har god allmenntilstand.

Person som vasker hendene med vann og såpe. Foto

Her kjem nokre tilrådingar for dei tilfella der barnet har fått ein etiologisk diagnose og ikkje treng å bli halde heime, og nokre tilrådingar ved kroniske blodborne infeksjonar.

Slike sjukdommar er

  • atypiske mykobakteriar
  • encefalitt
  • erythema infectiosum (parvovirus B19, femte barnesjukdom)
  • exanthema subitum
  • herpes simplex-infeksjon (munnsår)
  • hand-, fot- og munnsjuke (coxsackievirus)
  • molluskar
  • mononukleose
  • loppebit
  • veggdyrbit
  • vorter
  • parainfluensa
  • RS-virus

Tilrådingar ved kroniske blodborne infeksjonar

Hepatitt B-berarskap

Barn som har fått diagnostisert kronisk hepatitt B-berarskap (det vil seie at HBsAg og/eller HBeAg er til stades), skal ikkje bli nekta tilgang til barnehage eller familiedagheim. Erfaring har vist at når eit slikt barn skal ha eit barnehagetilbod, kan det føre til uro blant tilsette og andre foreldre som har barn i barnehagen. Helsestyresmaktene har difor utarbeidd retningslinjer for korleis ein slik situasjon skal handterast. Når ein bestemmer seg for tiltak, skal det skje utifrå alderen på barnet og om barnet har ei bestemt åtferd som kan ha noko å seie for ein eventuell smittefare. Det er smittevernlegen i kommunen der barnehagen er, som skal ta avgjerda om kva for tiltak som skal setjast i gang.

Hepatitt C

Dagens kunnskap gir ikkje grunnlag for å tru at barn med HCV-infeksjon i praksis representerer nokon smitterisiko for andre barn eller vaksne i nærmiljøet. HCV-smitta barn kan difor gå i barnehage på linje med andre barn.
I samråd med foreldra til barnet bør styraren i barnehagen og leiaren for den eininga der barnet skal gå, bli informerte om HCV-infeksjonen til barnet slik at forholda rundt barnet kan leggjast til rette på ein trygg måte. Det er ingen andre som treng informasjon om HCV-statusen til barnet.

Hiv-infeksjon / aids

Dagens kunnskap gir ikkje grunnlag for å tru at barn med hiv-infeksjon i praksis representerer nokon smitterisiko for andre barn eller vaksne i nærmiljøet sitt. Hiv-positive barn kan difor gå i barnehage på linje med andre barn.


I samråd med foreldra til barnet bør styraren i barnehagen og leiaren for den eininga der barnet skal gå, bli informerte om hiv-infeksjonen til barnet slik at forholda rundt barnet kan leggjast til rette på ein trygg måte. Det er ingen andre som treng informasjon om hiv-statusen til barnet. Dersom det hiv-positive barnet har særlege åtferdsproblem som kan medføre auka risiko for blodeksponering mot andre barn (biting eller kloring), eller bestemte hudproblem som kan medføre auka risiko for blodeksponering mot personalet, bør plassering i barnehage berre skje etter medisinsk og pedagogisk vurdering av barnet. Dette gjeld òg dersom barnet har utvikla aids.



Kjelde: Folkehelseinstituttet 2009
Utdrag frå: Faglege råd
Folkehelseinstituttet oppdaterer sidene sine kontinuerleg

Læringsressursar

Helse

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Oppgåver til filmen «Omgangssjuke»

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Oppgåver til filmen «Spiseforstyrrelser er arvelige»

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff