Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. Grupper og kommunikasjonChevronRight
  4. Helse ChevronRight
  5. Tilrådingar ved symptom utan etiologisk diagnoseChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Tilrådingar ved symptom utan etiologisk diagnose

I utgangspunktet er det allmenntilstanden til barnet som avgjer om det kan gå i barnehagen eller bør vere heime. Vurdering av allmenntilstanden vil alltid måtte byggjast på skjønnet til foreldra. Som hovudregel bør barnet vere friskt nok til å kunne vere med på vanlege aktivitetar i barnehagen.

skygger av barn som går bortover asfalt. Foto

Feber

Den normale temperaturen hos barn kan variere. Ein temperatur på meir enn 37,5° om morgonen og 38° om kvelden er rekna for å vere auka temperatur, eller feber. Barn med feber bør først og fremst av omsyn til seg sjølve haldast heime til dei er feberfrie. I nokre samanhengar kan det vere ønskjeleg av omsyn til smittevern.

Diaré med eller utan brekningar

Barn med akutte diarétilstandar kan gå tilbake til barnehagen to døgn etter at dei har blitt symptomfrie. Dette gjeld òg bleiebarn. Barn som konstitusjonelt har tendens til laus avføring, treng ikkje haldast borte frå barnehagen. Det må vere foreldra som avgjer om barnet har ein unormal diarétilstand. Viss ein har mistanke om at diarétilstanden kjem av ein næringsmiddeloverført mikrobe (for eksempel etter utanlandsreise), bør barnet undersøkjast av lege, og det bør sjekkast om andre barn i barnehagen har symptom.

Augekatarr (konjunktivitt)

Med dagens kunnskap er det ikkje av omsyn til smittevern grunnlag for å tilrå at barnehagebarn blir haldne heime når dei har mild til moderat augekatarr. Berre ved kraftig augekatarr med rikeleg pussproduksjon bør barnet av smittevernomsyn haldast heime til pussproduksjonen har blitt mindre. Ved kraftig augekatarr kontaktar ein vanlegvis lege, og allmenntilstanden til barnet har òg mykje å seie for om barnet skal vere heime frå barnehagen. Det må vere opp til dei føresette å avgjere om eit barn som har symptom på konjunktivitt, skal undersøkjast av lege. Dersom ein set i gang behandling, kan barnet gå i barnehagen dagen etter at det har skjedd. Dei tilsette kan vanlegvis ikkje forlange at barn med konjunktivittsymptom skal undersøkjast eller behandlast med augedropar før dei kan gå tilbake til barnehagen, men i tvilstilfelle kan dei ta det opp med dei føresette. Viss ein er usikker, bør ein kontakte smittevernlegen i kommunen.

Forkjøling

Forkjøling er den vanlegaste infeksjonen hos barn. Snue, snørrproduksjon, hoste, tett nase og rennande auge er dei vanlegaste symptoma. Barnet kan gå tilbake til barnehagen når allmenntilstanden tilseier det.

Influensaliknande symptom

Influensaliknande symptom kan vere feber med frysningar, tørrhoste, muskelverk og lett snue. Barnet kan gå tilbake til barnehagen når allmenntilstanden tilseier det.

Hoste og andre luftvegssymptom

Hoste er eit vanleg symptom ved forkjøling og andre luftvegsinfeksjonar. Ved hoste utan feber kan barnet gå tilbake til barnehagen når allmenntilstanden tilseier det. Ved langvarig eller kraftig hoste bør barnet undersøkjast for mellom anna kikhoste.

Øyrebetennelse

Øyrebetennelse artar seg vanlegvis som plutseleg øyreverk, ofte kombinert med feber og forkjøling. Barnet kan gå tilbake til barnehagen når allmenntilstanden tilseier det.

Brennkoppar

Barn med brennkoppar kan gå tilbake til barnehagen når hudlesjonane er under kontroll. Grunnlaget for skjønnet her må vere at det ikkje lenger er fare for at smitteførande sårsekret kan påførast andre barnehagebarn direkte eller indirekte gjennom kontaktpunkt. Ved få og små lesjonar kan dette ivaretakast med god tildekking, men meir utbreidde lesjonar må vere tørre og i god tilheiling.

Kjelde: Folkehelseinstituttet 2009
Utdrag frå: Faglege råd

Læringsressursar

Helse

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Oppgåver til filmen «Omgangssjuke»

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Oppgåver til filmen «Spiseforstyrrelser er arvelige»

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff