Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. Grupper og kommunikasjonChevronRight
  4. Kommunikasjon ChevronRight
  5. Motivasjon og læringChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Motivasjon og læring

Motivasjon handlar om kva vi har lyst til å gjere eller ikkje har lyst til å gjere. Vi kan forklare motivasjon som den energien eller krafta som ligg under og driv fram handlingane våre. Dette er det viktig å kunne noko om når vi skal leggje til rette for utvikling og læring hos barn.

Indre og ytre motivasjon

Barn er i utgangspunktet naturleg motiverte for å lære, leike og vere aktive. Når barnet sjølv vel kva det vil halde på med ut frå sine eigne interesser og lyster, kan vi seie at barnet er indre motivert. Dette er i motsetnad til når det er dei vaksne som bestemmer aktiviteten og på ulike måtar prøver å få barnet til å ville vere med. Mange vaksne gir for eksempel ros eller andre former for lønn eller bruker ulike former for press for å få til dette. Forsking viser at vi lærer meir av aktivitetar vi er indre motiverte for å gjere.

Kva kan vi gjere når barnet ikkje har lyst til å gjere noko vi vaksne har planlagt?

Nokre gonger er det eitt eller fleire barn som ikkje har særleg lyst til å gjere det vi vaksne har planlagt. Spørsmålet er da kva ein gjer om eit barn for eksempel ikkje er spesielt interessert i å vere med på samlingsstund, lære å lese eller matematikk.

Ta barnet sitt perspektiv på alvor, og bruk anerkjennande kommunikasjon

Her vil det vere viktig å ta barnet sitt perspektiv på alvor og anerkjenne at aktiviteten faktisk kan vere kjedeleg, vanskeleg eller til og med synast meiningslaus for det enkelte barnet. Ein kan for eksempel seie «Ja, det skjønner eg godt. Det er ikkje noko morosamt å jobbe med grammatikk, særleg ikkje når du synest at det er vanskeleg. Det kan vere frustrerande at vi må jobbe med ting som vi ikkje vel heilt sjølve.»

Gi ei ordentleg forklaring som tek barnet på alvor

Når vi jobbar med barn og ungdom, er det viktig å forklare på ein god måte kvifor vi gjer dei aktivitetane vi gjer. Kvifor skal vi for eksempel lære grammatikk? Her kan vi kanskje seie at det gjer det lettare å lære andre språk, det hjelper oss å skrive rett og å forstå språket betre.

Motivasjon og læring

Tilhøyr og fellesskap, leik og lystvekkjande aktivitetar

Vi bør uansett alltid prøve å skape ei best mogleg sosial og relasjonell ramme rundt læringa. Det å ta del, vere ein del av ei gruppe og kjenne at ein høyrer til, er viktig for motivasjonen til å ta del i mange aktivitetar. Å gi barna ei oppleving av at dei er likte, og at vi set pris på dei positive sidene deira, er eit grunnelement i å skape gode relasjonar. Vi kan også prøve å gjere aktivitetar lystvekkjande. Leik, fysisk aktivitet, song og liknande kan vere med på å gjere ein del læring meir morosamt.

Tru på at ein kan lære, og verdien av innsats

Det er også grunnleggjande at den vaksne formidlar ei sterk tru på at barn som slit med lesing, eit fag eller noko anna, faktisk kan lære. Vidare er det viktig å leggje vekt på det at barnet gjer ein ordentleg innsats heller enn berre å fokusere på resultatet: Skal ein gi ros, bør ein halde fram det arbeidet barnet gjorde, og at det var innsatsen som førte til eit godt resultat. Det gir eit godt høve til å gi konkrete tilbakemeldingar om korleis barnet kan jobbe vidare for å utvikle seg til neste nivå.

Sjølvråderett

I den grad det er mogleg, bør barnet sjølv få avgjere om det vil vere med på aktiviteten eller ikkje. Det å oppleve at ein bestemmer sjølv, og får støtte i dette, er for mange avgjerande.

Tilpassa oppgåver og oppleving av å meistre

Det er vidare viktig at barnet får oppgåver og utfordringar som er tilpassa barnet sitt nivå, slik at det kan oppleve å meistre. Ein kan da veksle mellom oppgåver barnet kan klare ganske lett, og oppgåver barnet må jobbe ekstra for å få til. Det er også viktig å vere tålmodig, gi konkret rettleiing og å unngå stress og press og negative kommentarar (som «no må du skjerpe deg»). Her vil det også hjelpe om vi fokuserer meir på kva dei får til, enn på kva dei ikkje får til.

Utfordringar til deg

  1. Kvifor er motivasjon viktig for korleis barn utviklar seg og lærer?
  2. Kva er forskjellen på indre og ytre motivasjon?
  3. Kva kan vi gjere for å motivere dei barna som ikkje vil?
  4. Korleis kan vi gi barna kjensla av å bestemme sjølve dersom det er noko dei må lære eller vere med på?
  5. Kva er mestringskjensle?
  6. Sjå filmen «Motivasjon og læring» som ligg på sida. Diskuter i klassen korleis læraren bruker motivasjon som ein del av arbeidet.

Læringsressursar

Kommunikasjon

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Ekstern læringsressurs