Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. Grupper og kommunikasjonChevronRight
  4. Kommunikasjon ChevronRight
  5. Kommunikasjon med foreldre og kollegaerChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Kommunikasjon med foreldre og kollegaer

Å ha ei positiv grunnhaldning og vere bevisst på korleis vi kommuniserer, er derfor viktig overfor dei vi jobbar med, og også overfor til foreldra til barna.

Tre typer sitter i parken. Bilde.

Vi er avhengige av å kunne samarbeide med kollegaene og koordinere aktivitetar med dei, og vi må kunne ta opp spørsmål knytte til den daglege drifta: spesielle hendingar, barn som har spesielle utfordringar o.l. Den sosiale fellesskapen mellom kollegaer er også viktig for at vi skal trivast på arbeidsplassen. Korleis vi samarbeider, og også korleis vi lyttar til det andre tek opp og gjer, er avgjerande for at dei andre tilsette skal trivast på arbeidsplassen.

Kontakten med foreldra har også mykje å seie, både for barna og for foreldra sjølve. For å kunne skape ein best mogeleg kvardag for barna er det viktig at dei tilsette og foreldra har ein god dialog seg imellom, og at viktig informasjon om behova til barna, situasjonen dei er i, og om kvardagen deira blir formidla mellom dei tilsette og foreldra.

Foreldra treng også å vite noko om korleis barna deira har det gjennom dagen, og kva som skjer av små og store hendingar. Skjer det noko problematisk, er det spesielt viktig for foreldra å vite at dei tilsette klarer å handtere dette på ein konstruktiv og hjelpsam måte, og at dei kan fortelje om dette til foreldra slik at dei får tillit til at barna får den hjelpa dei treng.

Evne til å lytte, til å ta opplevingane til andre på alvor og til å vere tydeleg i eigen kommunikasjon er viktig i alle relasjonar.

Sitat

"Tomrommet som oppstår ved manglande eller mislykka kommunikasjon, blir raskt fylt med rykte, sladder, vrøvl og gift."
(Henry Louis Mencken, ordnett.no)

Utfordringar til deg

  1. Kva vil du leggje vekt på i kommunikasjonen med føresette?
  2. Kvifor er det viktig å ha ein god kommunikasjon med føresette?
  3. Korleis kan du påverke barnet dersom du ikkje har ein god kommunikasjon med dei føresette til barnet?
  4. Kvifor er det viktig å ha ein god kommunikasjon med kollegaene dine?
  5. Korleis blir gode relasjonar og god kommunikasjon etablerte?
  6. Korleis vil du gå fram dersom du skal fortelje foreldre om ei ubehageleg hending som har skjedd gjennom dagen? For eksempel at
    • barnet deira er slått av eit anna barn
    • barnet deira har slått eit anna barn
    • barnet har gråte heile dagen og verkar utilpass
  7. Drøft ordtaket du finn på sida.

Læringsressursar

Kommunikasjon

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Ekstern læringsressurs