Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. Grupper og kommunikasjonChevronRight
  4. Kommunikasjon ChevronRight
  5. Ulike uttrykksmåtarChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Ulike uttrykksmåtar

Vi kan alle jobbe med å utvide vårt eige repertoar av uttrykksmåtar og lære oss å forstå og omgå menneske i forskjellig alder, ulik erfaringsbakgrunn, uttrykksformer og så vidare. Det gjeld å finne ein måte å kommunisere på som når fram til dei vi snakkar med, og som vi også føler er riktig for oss sjølve.

Mannlig pedagog kjefter på jente. Bilde.

Måten vi snakkar på, orda vi bruker og så vidare, varierer alt etter kven vi snakkar med, kor gamle dei er, kva bakgrunn dei har – og også av kven vi er sjølve.

Det er stor forskjell på barna i ein barnehage, elevane i barneskulen og ei gruppe 16-åringar som kanskje har begynt å utvikle tilhøyrsel til ulike subkulturar, begynt å feste, der somme har teke tatoveringar eller piercingar, medan andre trener mykje eller er veldig opptekne av skule og karakterar.

Kulturell og religiøs bakgrunn har begynt å bli viktigare for somme, og andre kan vere veldig opptekne av politikk. Det er viktig at vi møter alle ope, bruker tid på å forstå kvar enkelt og kva ho eller han er oppteken av. Vi må ikkje vere dømmande overfor menneske sjølv om vi har ulike oppfatningar og meiningar. Det bryter raskt ned tillit og skaper avstand og konfliktar.

Sitat

"Vennskap er udramatisk. Ulikheter når det gjelder alder, kjønn, samfunnsstilling, nasjonalitet og rase er uvesentlig når vennskap først har oppstått."

(Erik Lindkvist/ordnett.no)

Ulike mennesker ved et buss-stopp. Illustrasjon.
Ulike kulturar

Læringsressursar

Kommunikasjon

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Ekstern læringsressurs