Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. Grupper og kommunikasjonChevronRight
  4. Kommunikasjon ChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Vanskelege samtalar

Ofte reagerer barn med å bli sinte eller å gråte dersom vi er veldig strenge og kontante. Dette tek vi omsyn til dersom vi møter dei på ein anerkjennande måte og til dømes seier: «Du, eg skjønar at du ikkje likte at eg måtte vere streng. Eg liker det ikkje sjølv heller. Det er ikkje noko hyggjeleg.»

NRK Barnas supershow: Sint

Forklar kvifor

Når barnet har roa seg litt, kan vi også forklare kvifor vi var nøydde til å vere strenge akkurat i den situasjonen. Vi kan bruke litt meir tid på å lytte til det barnet har å seie, la barnet forklare kva det hadde tenkt å gjere – kanskje kvifor det var sint og ville hive isklumpen.

Vi kan også seie at vi skjønar at barnet var sint, og at det er lov å vere sint, men at det ikkje er lov å kaste noko på andre. Vi må forklare at dersom vi er sinte, må vi finne andre måtar å handtere det på – til dømes gå bort, gå til ein vaksen, seie høgt «stopp!» om nokon gjer noko vi ikkje liker, eller anna vi ser at barnet kan gjere i staden for å kaste noko, slå, ta ting frå andre eller liknande. Kunsten er å bruke ein del tid i lag med barnet for å forstå det betre og gradvis kunne hjelpe det til å finne betre måtar å handtere vanskelege situasjonar på.

Lytt til barnet

Vi kan også spørje kva barnet sjølv trur det kan gjere i staden for å slå eller kaste ting.

Når eit barn av ulike grunnar opplever å ha det vanskeleg – kanskje fordi det har skjedd noko i familien, fordi det blir halde utanfor leiken til dei andre barna, blir erta eller mobba – er det også lettare å hjelpe barnet om vi bruker tid til å høyre på kva barnet har å seie. Då anerkjenner vi korleis barnet opplever situasjonen.

Er vi for raske til å gi råd eller fortelje barnet kva det bør gjere – utan at vi først har brukt tid på å forstå kva barnet faktisk opplever, og vise at vi tek dette alvorleg – opplever barnet ofte at det vi har å seie, ikkje har noko med det sjølv å gjere. Dersom vi straks kjem med råd eller løysingar, får barnet heller ikkje brukt sine eigne evner til å løyse problem.

Sitat

"Eg set stor pris på omtanken din og den vennlege omsorga di. Eg verdset alt du gjer, og alle måtane du viser at du bryr deg på.!

(Roy Lessin)

Utfordringar til deg

  1. Dersom du har heva stemma eller vore streng mot eit barn, korleis forklarer du det til barnet etterpå?
  2. Korleis reagerer du når barn blir sinte eller lei seg? Tenk deg ulike aldrar, både i barnehagen og i skulen.
  3. Korleis anerkjenner du barn som er sinte?
  4. Korleis anerkjenne du barn som ikkje vil nokon ting?
  5. Kvifor skal vi vere forsiktige med å gi råd for tidleg?
  6. Korleis tolkar du sitatet på denne sida?

Læringsressursar

Kommunikasjon

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Ekstern læringsressurs