Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. Grupper og kommunikasjonChevronRight
  4. Kommunikasjon ChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Tydeleg kommunikasjon i akutte situasjonar

I mange situasjonar held det lenge å seie «ver så snill å leggje frå deg boka på bordet» med ei vennleg stemme, og gjerne også med ei forklaring: «Eg skal bruke henne i samlingsstunda». Somme gonger må vi bruke eit sterkare og tydelegare tonefall og kroppsspråk.

Voksen er sint på et barn på trehjulssykkel. foto.

Dersom vi observerer ein akutt farleg situasjon som vi ønskjer skal stoppe med ein gong, kan vi seie høgt «NEI» eller «STOPP», og eventuelt gjenta dette, bruke eit strengt kroppsspråk og gå eit skritt eller to mot barna. Eitt døme på ein slik situasjon er om når eit barn er i ferd med å springe ut i vegen.

Vi kan då også fysisk stoppe barnet om det ikkje hjelper å seie stopp. Det same gjeld om eit barn er i ferd med å kaste ein isklump eller noko anna farleg mot eit anna barn. Målet er å stoppe det som skjer. Når vi har stoppa den uønskte handlinga, kan vi raskt nedjustere tonefallet og kroppsspråket vårt.

Dette er døme på situasjonar der vi som vaksne må setje grenser og gi tydeleg og klar beskjed om kva som ikkje skal gjerast. Men vi må ikkje nødvendigvis vere så kontante som i desse døma når vi set grenser.

Om barnet ikkje gjer som vi seier, så kan vi gjenta det vi har sagt, gjerne med litt tydelegare tone og kroppsspråk. Til dømes kan vi seie «hei, eg bad deg om å leggje boka på bordet. Ver så snill å gjere det».

Om vi stadig må gjenta ting og bli strenge i tonen, så kan det vere lurt å snakke med barnet eller barna om dette. Vi kan seie at vi helst ønskjer at dei høyrer på oss når vi snakkar med ei hyggeleg stemme, slik at vi slepp å gå rundt å seie ting på ein streng måte. Så kan vi øve på dette.

Sitat

"Dei kortaste orda – ja og nei – krev også den største ettertanken."

(Pythagoras, ordtak.no)

Utfordringar til deg

  1. Kva assosierer du med tydeleg kommunikasjon?
  2. Gi døme på akutte situasjonar.
  3. Tenk deg at du ser eit barn som er på veg ut i ein trafikkert veg. Bruk språket ditt til å prøve å stoppe barnet.
  4. Eit barn i SFO held hovudet til eit anna barn ned i ein sølepytt. Kva gjer du?
  5. Diskuter ordtaket du finn på sida.
  6. Les om grensesetjing i lenkjesamlinga.

Læringsressursar

Kommunikasjon

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Ekstern læringsressurs