Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. Grupper og kommunikasjonChevronRight
  4. Kommunikasjon ChevronRight
  5. Kroppsspråk og tonefallChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Kroppsspråk og tonefall

Orda eg vel å bruke, tonefallet mitt og kroppsspråket mitt seier også noko om kva haldning eg har til barnet, om relasjonen mellom oss, og også om kva eg tenkjer og føler om situasjonen.

Gutter hvisker. Foto.

Høyrer eg nokre barn krangle om noko i rommet ved sida av, og eitt av dei tek til å gråte eller skrike, kan eg gå inn til dei. Måten eg går inn i rommet på, dei første orda eg seier, og måten eg seier dei på, får mykje å seie for korleis barna oppfattar meg, og for kva som skjer vidare.

Kjem eg inn med rask gange, går rett mot eitt av barna og seier med streng stemme at «no må du slutte å lage problem», provoserer eg lett fram ein negativ reaksjon og gjer barna både aggressive og usikre. Eg såg jo ikkje kva som skjedde, men likevel kjem eg inn, peiker på ein eg kanskje trur har gjort noko og bruker kjeft. Dette kan lett gjere barna utrygge og redde, og eg øydelegg høvet til å kome i dialog med barna og skape ein situasjon der vi kan lære noko. Eg viser altså fram ein måte å oppføre seg på som barna lett kan ta med seg vidare til andre situasjonar, slik dei oppfører seg på same måten overfor andre barn eller vaksne.

Ein annan måte å handtere den same situasjonen på, er å gå inn til barna på ein roligare måte, setje meg ned framfor dei og seie at «no høyrde eg at det var ein som græt eller blei sint, og eg lurer på kva som skjedde. Kan de fortelje meg det?». Sjølv om eg får fleire ulike svar på kva som skjedde, er eg no nærare ein dialog, og eg får meir informasjon frå barna enn eg vil få i det første eksempelet. Eg signaliserer med tonefallet og kroppsspråket mitt at eg er her for å hjelpe og ikkje for å dømme nokon eller kjefte. Om eg ikkje har sett kva som skjedde i utgangspunktet, kan eg her for eksempel seie at «ok, eg høyrer at de seier ulike ting om kva som skjedde. Eg såg ikkje kva som skjedde, men det er nokre reglar som gjeld for alle. Det er ikkje lov å ta ting frå andre, og det er ikkje lov å slå. Det gjeld for deg og deg og for meg. Om vi ønskjer noko som andre har, må vi spørje om lov og vente på tur».

Konflikttrappen. Illustrasjon.
Konflikttrappen

Eg har då høyrt på alle partar, og vi har repetert nokre enkle basisreglar som ofte skaper konflikt når dei ikkje blir følgde. Om dette skjer stadig vekk, for eksempel mellom to eller fleire barn, kan vi følgje tettare med på desse og vere meir til stades når dei leikar for å kunne rettleie og hjelpe dei. Dersom vi i tillegg arbeider med å skape ein positiv relasjon mellom oss og barna – og tydeleg viser at vi er der for å hjelpe, og ikkje for å kjefte eller dømme nokon – er vi i ein betre posisjon til å hjelpe dei med å lære nye og betre måtar å samhandle og løyse konfliktar på.

Sitat

"Det er bedre å diskutere uten å finne en politisk løsning, enn å påtvinge noen en løsning uten å ha diskutert."

(Joseph Joubert, ordnett.no)

"Det er et stort problem i all kommunikasjon når noen bruker maktposisjonen sin til å styre kommunikasjonen. I verste fall kan vi snakke om krenking av menneskerettar som ytringsfridom og krenking av vernet mot tilfeldig behandling, retten til å bli høyrd, retten til å uttale seg i saker som gjelder ein sjølv og så vidare."

(Kjell Standal: «Prinsipper om rettssikkerhet»)

Utfordringar til deg

  1. Kva er ein relasjon?
  2. Gå saman i grupper. Spel at ein av dykk er barne- og ungdomsarbeidar som kjem inn i SFO. Det er mykje rot i gangen. Be barna om å rydde. Bruk ulikt tonefall og kroppsspråk. Diskuter verknaden.
  3. Kva konsekvensar kan det få for kommunikasjonen mellom deg og barna at du bruker den maktposisjonen du har som vaksen?
  4. Diskuter ordtaket du finn på sida.

Læringsressursar

Kommunikasjon

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Ekstern læringsressurs