Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. Grupper og kommunikasjonChevronRight
  4. Kommunikasjon ChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Anerkjennande kommunikasjon

Om eit blir sint eller lei seg fori det må avslutte ein leik det held på med, reagerer det kanskje slik fordi det ikkje får bestemme sjølv. Det betyr ikkje at vi aksepterer alle handlingar, som for eksempel å slå, sparke, ta ting frå andre eller liknande.

Tommel opp. Foto.

Sjå og forstå andre mennesker

Om vi då seier til barnet at «ja, det skjønar eg godt at du ikkje likte. Du hadde lyst til å leike meir, og så blei du sint då du ikkje fekk bestemme det sjølv», så føler barnet at det blir forstått, og då blir barnet meir innstilt på å samarbeide med den vaksne.

Dersom vi i staden seier at «no må du høyre på meg», eller «det er ikkje noko å bli lei seg for», forsterkar det ofte konflikten. Barnet får ikkje gjere som det vil, men det får heller ikkje lov til å ha ei meining om det eller si eiga oppleving av det som skjer. Dette forsterkar den negative opplevinga for barnet.

Det er viktig å hugse på at anerkjennande kommunikasjon ikkje berre er ein måte å snakke på, men også ei grunnhaldning. Vi må sjå andre menneske og ta opplevingane, tankane og kjenslene deira på alvor. I tillegg må vi vise barnet at vi prøver å forstå. Då må vi gi barnet reell innverknad i mange ulike situasjonar, sjølv om barnet ikkje kan få det akkurat som det vil. Vi må lytte til korleis barnet opplever å ikkje få det som det vil, og vi må vise at vi forstår og aksepterer reaksjonen til barnet.

Sitat

"Bare fortsett å mislykkes. Bare fortsett. Men neste gang bør du mislykkes bedre."(Samuel Beckett; ordnett.no)

Utfordringar til deg

  1. Kva er anerkjennande kommunikasjon?
  2. Kva seier du til eit barn som blir sint fordi det ikkje får gå ut og leike?
  3. Kva er meint med grunnhaldning?
  4. Kva meiner vi når vi seier at vi må sjå andre menneske og ta opplevingane, tankane og kjenslene deira på alvor?
  5. Diskuter sitatet av Samuel Beckett.

Læringsressursar

Kommunikasjon

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Ekstern læringsressurs