Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. Grupper og kommunikasjonChevronRight
  4. Kommunikasjon ChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Viktige faktorar for kommunikasjon og samhandling

Kommunikasjon dreier seg om måten vi innrettar oss etter kvarandre på gjennom ulike måtar å utrykkje oss på. Vi kommuniserer både gjennom verbalt språk, som er orda vi bruker, og gjennom ikkje-verbalt språk, som er måten vi seier ting på: tonefall, ansiktsutrykk, kroppsspråk og så vidare.

Overrasket barnehagejente. Foto.

Skilje mellom handlingar og person

Den grunnleggjande haldninga vi har til barna vi har kontakt med, er også avgjerande. Dersom vi gjennom måten vi oppfører oss på, signaliserer at vi har mistillit til dei eller fordømmer dei, er det sjeldan konstruktivt i situasjonen. Her er det viktig at vi skil mellom dei handlingane ein person gjer, og personen sjølv. Dersom vi signaliserer at vi har ei grunnleggjande tru på barnet og den gode viljen til barnet, samtidig som vi forklarer at det er visse handlingar vi ikkje kan akseptere, kjem vi som regel mykje lenger.

Akseptere det barnet føler

Ein annan avgjerande faktor er korleis vi handterer dei kjenslemessige sidene ved vanskelege situasjonar. Barn og unge kan reagerer med sterke kjensler dersom dei ikkje får lov til noko dei har lyst til, eller dei må gjere noko dei sjølve ikkje ønskjer. Det kan vere krevjande for den vaksne å handtere dette. Dersom vi i slike kjensleladde situasjonar aksepterer det barnet føler og opplever, kjem vi mykje raskare ut av konflikten og inn i eit konstruktivt spor.

Anerkjennande kommunikasjon er viktig her.

Tips til meir fagstoff: Snakke med barn - nettside om tips og råd

Film

Sitat

"Hvis menneskene bare våget å snakke helt åpent med hverandre, ville det være betydelig færre sorger i verden om hundre år." (Samuel Butler)

Utfordringar til deg

  1. Kva bør du som barne- og ungdomsarbeidar kunne om kommunikasjon?
  2. Korleis kan du lære meir om kommunikasjon?
  3. Forklar forskjellen på verbalt språk og ikkje-verbalt språk.
  4. Kva for haldningar bør du ha dersom du skal jobbe med barn og unge?
  5. Korleis kan du skilje mellom det ein person gjer, og det personen er?
  6. Gi døme på korleis du kan kommunisere for å vise at du aksepterer kjenslene til barnet når barnet er sint eller lei seg.
  7. Eit barn blir plaga av eit anna barn. Barnet som blir plaga, slår den som plagar. Korleis reagerer du?
  8. Lag ein tekst om kommunikasjon knytt til biletet.
  9. Diskuter sitatet av Samuel Butler.

Læringsressursar

Kommunikasjon

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Ekstern læringsressurs