Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. Grupper og kommunikasjonChevronRight
  4. Kommunikasjon ChevronRight
  5. Kommunikasjon som grunnlag for sunne relasjonar mellom menneskeChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Kommunikasjon som grunnlag for sunne relasjonar mellom menneske

Vi treng å vite at opplevingane våre, perspektivet vårt og kjenslene våre blir tekne på alvor, og at vi kan ha innverknad på vår eigen situasjon. Dette betyr også at vi kan føle oss som ein del av fellesskapen, at vi kan føle at vi høyrer til, samtidig som vi opplever at vi bestemmer over oss sjølve.

Gutt får trøst. Foto.

Når vi skal setje desse ideala ut i praksis, er måten vi kommuniserer på, spesielt viktig. Dette gjeld i relasjonane vi har til barn og unge, der det er vi som vaksne og fagpersonar som har ansvaret for at relasjonane er gode. Dette betyr at vi først og fremst må fokusere på oss sjølve og måten vi kommuniserer med barna på.

Vanskelege eller konfliktfylte situasjonar

Kommunikasjon er viktig i alle samanhengar der vi gjer noko saman, stort eller smått. Men måten vi går fram på, blir spesielt viktig i situasjonar som er vanskelege eller konfliktfylte. Slike situasjonar er for eksempel når vi må setje grenser og seie nei til noko barnet vil, eller stoppe noko barnet held på med. Det same gjeld når vi ønskjer å ha med barnet på noko, eller vi vil at barnet skal gjere noko som barnet sjølv ikkje har lyst til.

Andre situasjonar kan vere når vi må hjelpe barn som er i konflikt med kvarandre, eller når eit barn er lei seg eller sint av ein eller annan grunn. Alt dette er situasjonar som er spesielt sårbare. Måten vi handterer desse situasjonane på, er med på å gjere den tryggleiken og tilliten barnet har til oss, betre eller dårlegare.

Kommunikasjon handlar om kontakt. Av og til har vi vanskar med å oppnå verkeleg kontakt med dei vi kommuniserer med, men kvar gong vi oppnår denne kontakten, kommuniserer vi godt.

Sitat

"Elektrisk kommunikasjon kan aldri erstatte ansiktet til nokon som med sjela si oppmuntrar ein annan til å vere modig og sann." (Charles Dickens)

Utfordringar til deg

  1. Kva er meint med sunne relasjonar?
  2. Kva skal til for at du skal føle deg trygg og ha tillit til nokon?
  3. Kva seier Maslow om tryggleik og tillit?
  4. Beskriv korleis du vil behandle eit anna menneske på ein respektfull måte.
  5. Forklar korleis du vil setje grenser for barn på ein respektfull måte.
  6. Eit barn vil ikkje vere i barnehagen. Korleis vil du kommunisere med føresette og barnet i denne situasjonen?
  7. Eit barn vil ikkje heim frå SFO. Korleis vil du kommunisere med barnet og føresette i denne situasjonen?

Læringsressursar

Kommunikasjon

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Ekstern læringsressurs