Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. Grupper og kommunikasjonChevronRight
  4. Kommunikasjon ChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Samtalar mellom vaksne

Barn bør få ærleg og enkel informasjon når det er vanskelege ting dei er opptekne av eller lurer på. Når det skjer skremmande ting i verda, er det viktig å vere optimistisk for framtida. Forklar barna at vaksne jobbar for å løyse dei vanskelege situasjonane.

To voksne som snakkar, meddan da barn sloss i bakgrunnen. Teikning.



Dersom du er sliten, oppgitt eller har vanskar med nokon i hjelpeapparatet eller familien, er det ikkje alltid lurt å snakke om dette medan barnet høyrer på. Ver merksam på om barnet er engsteleg eller har behov for å snakke. Fortel om situasjonen på ein måte som barnet forstår, og søk hjelp til denne samtalen dersom du treng rettleiing.

Barn høyrer og forstår ofte meir enn vi vaksne trur. Det er viktig å vere merksam på kva som blir sagt når barn er til stades. Set av tid til å snakke med lærarar eller andre nærpersonar åleine, og set av tid til å snakke med slektningar og familie når du treng det. Treng du faglege råd eller ønskjer å snakke om noko du opplever som vanskeleg, kan du også vende deg til helsesyster, helsestasjon, fastlege og habiliteringstenesta.

Utfordringar til deg

  1. Finn teksten «Det foreldre er redde for å snakke om – Dialog med barnet om sjukdommen og døden». Les teksten og lag eit samandrag om det han handlar om.
  2. Lag ei liste over tema du trur det er vanskeleg å snakke med barn om.
  3. Kor mykje av det som skjer i verda, skal vi prate med barn om?
  4. Gi eksempel på diskusjonar som barn ikkje bør høyre.
  5. Barna i SFO diskuterer ein krig dei har sett på nyheitene, og dei er uroa. Kva seier du?

Læringsressursar

Kommunikasjon

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Ekstern læringsressurs