Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. Grupper og kommunikasjonChevronRight
  4. Kommunikasjon ChevronRight
  5. Kommunikasjon når ein ikkje har eit felles språk ChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Kommunikasjon når ein ikkje har eit felles språk

Innvandrarar i Noreg er ei samansett gruppe. Det er stor forskjell på bakgrunnen deira, kor lenge dei har budd i landet, og korleis livssituasjonen deira er. Norskkunnskapane blant innvandrarar er svært varierande. Medan somme snakkar språket flytande, har andre problem med å forstå og formidle enkle beskjedar.

Innvandrerfamilie i Norge. Foto.
Innvandrerfamilie i Norge

I kor stor grad morsmålet deira liknar på norsk, har mykje å seie for kor raskt dei lærer seg språket her i landet, i tillegg til skulegang og om dei tidlegare har erfaring med å tileigne seg eit anna språk. Tilgang til god språkopplæring er sjølvsagt også viktig, og ikkje minst sjansen til å praktisere norsk dagleg i lag med andre norsktalande.

Når det gjeld barn, ser vi ofte at dei lærer språk lettare enn vaksne, og at dei på imponerande vis kan handtere og sjonglere mellom fleire språk samtidig. Men også barn er avhengige av god opplæring og høve til å praktisere språket for å lære det. I familiar der foreldra og andre personar i den nære krinsen rundt barnet, ikkje snakkar norsk, hender det at barnet har lite utvikla norskkunnskapar når dei byrjar på skulen.

Ettersom norsk blir rekna som viktig for å klare seg godt både på skulen, blant venner og i samfunnet elles, er det sett i verk tiltak for å stimulere til betre norskkunnskapar frå barna er små. Eitt eksempel på det er å leggje til rette for å få fleire minoritetsspråklege barn til å gå i barnehage i førskulealder.

Som barne- og ungdomsarbeidar kan du komme til å møte barn, unge og foreldre som ikkje meistrar norsk så godt. Når de heller ikkje deler eit anna språk, kan situasjonen vere svært frustrerande for begge partar. Det du seier, blir misforstått og feiltolka, og du lykkast ikkje i å tyde det den andre prøver å fortelje. Du har som den profesjonelle i samhandlingssituasjonen eit særleg ansvar for å få kommunikasjonen til å fungere, og situasjonen avgjer kva du skal gjere for at de skal forstå kvarandre.

Det første steget mot samhandling med ein person når språkleg kommunikasjon er ei utfordring, er å kartleggje kor god vedkommande er i norsk. Den enklaste måten å gjere dette på er å snakke med henne eller han, først og fremst om noko som barnet, ungdommen eller forelderen er interessert i. I slike samtalar er det viktig at du tilpassar språket ditt og sørgjer for at også den andre får prøve å uttrykkje seg.

Dersom du opplever at den andre parten meistrar norsk så dårleg at de vanskeleg kan kommunisere saman på ein likestilt og god måte, er det viktig å skaffe ein tolk.

Det er tilrådd å bruke kvalifiserte tolkar så langt det let seg gjere. Når det handlar om barn, kan vi likevel sjå for oss situasjonar der det er best å bruke personar som barnet kjenner og stoler på, som tolk i alle fall i ein periode. Då kan både foreldre, sysken og venner vere aktuelle som tolkar.

Dersom foreldre eller andre i den nære krinsen rundt barnet fungerer som tolkar, er det ein fare for at dei anten ønskjer å skjerme barnet for noko av den informasjonen du gir, eller at dei av ulike grunnar let vere å fortelje alt som barnet seier.

Barn bør stort sett ikkje fungere som tolk for foreldra sine, ettersom det kan setje dei i ein vanskeleg situasjon. Dei kan få tilgang på informasjon som ikkje er meint for dei, og dei kan kjenne eit ansvar for å vurdere kva som skal formidlast vidare og ikkje.

Av og til er det ikkje mogleg å få tak i tolk. Då må du gjere det beste ut av situasjonen sjølv om den språklege kommunikasjonen er svært vanskeleg. Eit godt og viktig råd til i slike situasjonar er å snakke sakte og modifisere språket slik at samtalepartnaren får så gode sjansar til å forstå som råd. Då bruker du ord som du trur samtalepartnaren forstår, og eventuelt unngår du å snakke dialekt. Sjå etter teikn på at den andre forstår kva du seier, og gi tydeleg uttrykk for kva du sjølv forstår og ikkje forstår av det den andre seier. Lat samtalepartnaren repetere viktige meldingar med sine eigne ord.

Når verbal kommunikasjon sviktar, er kroppsspråk svært nyttig. Ein kan kommunisere med ansiktsuttrykk, stemmebruk, handrørsler og eventuelt miming, og ofte klarer ein å løyse misforståingar på denne måten. Samtidig må ein vere merksam på at det også i ikkje-verbal kommunikasjon finst kjelder til misforståingar, mellom anna fordi det er kulturelle skilnader på korleis vi bruker kroppsspråket, og på kva dei ulike ikkje-verbale signala tyder.

Å ikkje meistre eit språk kan gjere oss makteslause, oppgitt og fortvila, og det er lett å kjenne seg underlegen. Det er viktig at du som meistrar språket, er medviten om dette og passar på at du ikkje snakkar ovanfrå og ned, men alltid med den andre. Ver tolmodig og vis tydeleg at du ikkje klandrar den andre for at det er vanskeleg å kommunisere. Sidan relasjonen mellom vaksen og barn frå før ikkje er likestilt, kan denne asymmetrien bli veldig stor når kommunikasjonen i tillegg er vanskeleg. Dette skaper dårlege føresetnader for tillit og trivsel.

Du kan motverke denne asymmetrien ved at du til dømes fysisk går ned på nivå med barnet. Du kan setje deg ned på golvet og la barnet gjere noko det kan, som du ikkje meistrar. Kanskje kan det syngje ein song på sitt eige språk, leike eller liknande. Då får du rolla som utanforståande og inkompetent, medan barnet er eksperten.

Å kunne norsk er rekna som grunnleggjande for å kunne delta fullverdig i det norske samfunnet. Når vi ikkje meistrar norsk, er samhandling med andre vanskeleg, enkle oppgåver blir uoverkommelege, og vi kan oppleve å bli stengde ute frå enkelte samfunnsarenaer. Dette er årsaka til at norskopplæring stadig er eit høgt prioritert område i integreringsarbeidet.

Barn kan oppleve det som skremmande å ikkje forstå det som blir sagt. Lydar og stemmer som ikkje gir meining, verkar gjerne skumlare og strengare enn når barnet forstår det som blir sagt. For å motverke utryggleik og frykt er det viktig å prøve å skape tryggleik på andre måtar, for eksempel ved at barnet eller ungdommen får ha med seg ein person dei kjenner, eller eventuelt ei leike. Du som vaksenperson har språket i di makt, og det er viktig at du tydeleg viser at du er vennleg innstilt.

Fordelane med ein kvalifisert tolk er at ho eller han er profesjonell i situasjonen, meistrar begge språka, har opplæring som tolk og har teieplikt.

Utfordringar til deg

  1. Kvifor varierer norskkunnskapane blant innvandrarar?
  2. Kvifor er det så viktig at barn lærer seg norsk godt?
  3. Kva for tiltak kan setjast i verk for at barn med eit anna morsmål lettare skal lære norsk?
  4. Kva for utfordringar kan du som barne- og ungdomsarbeidar møte dersom barn og foreldre ikkje meistrar norsk?
  5. I kva for situasjonar er det naturleg å bruke tolk?
  6. Korleis kan du motverke at barn opplever frykt og ubehag når dei ikkje forstår språket?
  7. Kven bør brukast som tolk?

Læringsressursar

Kommunikasjon

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Ekstern læringsressurs