Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. Grupper og kommunikasjonChevronRight
  4. Kommunikasjon ChevronRight
  5. Å snakke om hijabChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Å snakke om hijab

Dei seinare åra har det vore ein del debatt om bruken av religiøse hovudplagg i det norske offentlege rommet. Det har vekt særleg engasjement at tilsette og elevar bruker hijab i den norske skulen, og at svært unge jenter i skule og barnehage bruker hijab.

Kvinne med hijab. Bilde.

Somme har hevda at det ikkje bør vere rom for synlege religiøse symbol i den norske einskapsskulen, mellom anna fordi det kan hindre integrering og føre til diskriminering og rasisme.

Det har også vore hevda at hijab gjer det vanskeleg for jentene å delta i ulike aktivitetar. Eit anna argument for å forby hijab er at eit forbod kan hjelpe jenter som er tvinga til å gå med hijab, samtidig som det kan dempe presset mot dei som ikkje bruker hijab. Dei som forsvarer at muslimske kvinner har rett til å bruke hijab i skulen, viser mellom anna til den norske religionsfridommen, og peikar på kor viktig det er at skulen har ei inkluderande og open haldning.

Kritikken mot at jenter ned tre–fireårsalderen bruker hijab, har gått på at dette er ein unødvendig praksis som ikkje har noko med islam å gjere. I staden handlar dette om seksualisering av stadig yngre barn, og om islamsk fundamentalisme. Det blir også hevda at hijab kan hindre jentene i å utfalde seg i leik og føre til mobbing og utestenging.

Argumenta for å bruke hijab også i barnehagen handlar om at dei barna som bruker hijab, ikkje sjølve opplever dette som eit problem, men tvert imot ser det som naturleg. Ikkje minst blir det trekt fram at foreldra sjølve må få bestemme kva klede barna skal bruke.

Både blant muslimar i Noreg og muslimar elles i verda er det ulike oppfatningar om hijab og om tidspunktet for når det eventuelt er riktig å byrje å bruke hovudplagget. Medan somme meiner at puberteten er det naturlege tidspunktet, meiner andre at det er best å byrje tidlegare, mellom anna så jentene får venje seg til det.

Det er i Noreg i dag ikkje forbod mot hijab verken i skulen eller i barnehagen. Kva du som barne- og omsorgsarbeidar sjølv måtte meine om hijab, skal ikkje påverke arbeidet ditt. Det er svært viktig at både dei barna som bruker hijab, og dei som ikkje gjer det, slepp å stå til ansvar for eller bli kritiserte for dette.

Auka kunnskap og informasjon om eit tema eller ein praksis er ofte med på å gjere det meir forståeleg og mindre rart, spennande, trugande og provoserande. Samtalar om hijab gir gode høve til å forklare barn og unge at ulike kulturar og religionar har sine praksisar som blir opplevde som naturlege og gode for dei som tilhøyrer kulturen, medan andre kan oppleve dei som rare og uforståelege.

Skal vi som vaksne kunne leggje til rette for gode samtalar om hijab, er det viktig at vi veit kva hijab er, og kvifor det er slik at somme muslimske jenter bruker dette hovudplagget, medan andre ikkje gjer det.

Barn og unge som bruker hijab, kan oppleve det som ein naturleg del av kvardagslivet, og ikkje som eit hinder for å utfalde seg fritt i aktivitetar og leik. Mange bruker hijab i gymnastikktimane og i sportslege fritidsaktivitetar, og enkelte dekkjer håret også når dei sym.

Andre igjen vel å ta av seg hijaben i slike situasjonar. Når jentene sjølve ikkje opplever hovudplagget som eit problem, er det viktig at vaksne ikkje gjer det til eit problem heller. Dersom det oppstår diskusjonar om ulike måtar å bruke hijab på, er det viktig å fortelje at det finst forskjellar, og at det er ulike oppfatningar om kva som er riktig måte å dekkje seg til på for muslimar.

Somme gonger kan hijab skape konfliktar mellom foreldre og barn. Då er det viktig å ta konflikten på alvor og handtere han på same måten som vi handterer andre konfliktar.

Dersom det i skulen, barnehagen eller fritidsklubben skulle bli mykje snakk om hijab og dei som bruker dette hovudplagget, kan det vere positivt å snakke saman og opne for spørsmål. Dette gjeld også dersom du som barne- og omsorgsarbeidar sjølv bruker hijab. Mange av dei du arbeider med, er sikkert nysgjerrige på for slag hovudplagg dette er, og kvifor du går med det.

Utfordringar til deg

  1. I lenkjesamlinga finn du lenkjer til fagstoffsidene om hijab for Vg1. Dersom du ikkje kjenner innhaldet på desse sidene, bør du setje av tid til å lese dei før du går i gang med fagstoffet for Vg2.
  2. Kva er internasjonal migrasjon?
  3. Korleis kan du som barne- og ungdomsarbeidar leggje til rette for at jenter som bruker hijab, ikkje skal oppleve problem i barnehagen eller skulen?
  4. Kva for utfordringar kan barne- og ungdomsarbeidarar som bruker hijab, møte i jobbsamanheng, og korleis kan det å bruke hijab også vere ein ressurs i arbeidet?

Læringsressursar

Kommunikasjon

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Ekstern læringsressurs