Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. Grupper og kommunikasjonChevronRight
  4. KonfliktarChevronRight
  5. Ansvaret til dei vaksne i samhandling med barn og ungeChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Ansvaret til dei vaksne i samhandling med barn og unge

Før var det vanlegare å sjå på barn som mindre viktige enn vaksne. Det var måten dei vaksne såg ting på, tenkje på og gjere ting på som var viktig og rett.

To voksne og to barn hånd i hånd. Tegning.

Likeverd og ansvarlegheit

Før var måten dei vaksne såg ting på, tenkje på og gjere ting på som var viktig og rett. Barn måtte innordne seg dette. Dei skulle ikkje vere i vegen for dei vaksne, og dei skulle gjere som dei vaksne sa. Det var ikkje uvanleg å behandle barn på ein nedlatande, latterleggjerande, kjeftande måte eller på andre negative måtar. Bruk av straff, også fysisk straff, var sedd på som greitt.

I dag er haldningane annleis, og vi forsøker å sjå alle menneske som likeverdige. Med dette meiner vi at alle har lik verdi, og at alle har rett til å bli tekne på alvor som dei dei er. Vi har også rett til å bli møtte med respekt utan stadig å bli utsette for negativ og nedlatande behandling.

Likeverd er ikkje det same som at alle er like, eller at alle skal behandlast heilt likt. Kvar og ein må behandlast ut frå eigne behov. Som ansvarlege vaksne i skular eller barnehagar må vi prøve å bli kjende med kvart barn og leggje til rette pedagogiske planar og undervisning slik at alle kan få oppleve at dei meistrar og lærer noko. Likeverd dreier seg da om at sjå alle for den dei er, og ikkje berre prøve å presse dei inn i ei form som skal passe alle.

I "Forskrift om rammeplan for barnehagens innhold og oppgaver" står det bl.a.: ”I barnehagen er gjensidige samhandlingsprosesser med barn og voksne i lek og læring og hensynet til hverandre forutsetninger for barnets danning”.

Asymmetriske relasjonar

Likeverd betyr heller ikkje at alle skal ha dei same rollene og kunne bestemme like mykje. Sjølv om vi kan lytte til barn og ta det dei fortel, ønskjer og føreslår, på alvor, er det likevel vi vaksne som har det endelege ansvaret for kva som skjer og korleis det skal skje. Vi har meir erfaring, meir kunnskap og er modnare. Vi må derfor vere ansvarlege for å leggje til rette for aktivitetane, planleggje dagane, jobbe for at planar og mål kan gjennomførast, hjelpe barna når det oppstår vanskelege situasjonar og så vidare. Det er også vi som må ta ansvaret for kvaliteten på relasjonen mellom oss og barnet og korleis han utviklar seg.

Vi kallar gjerne denne typen relasjonar for asymmetriske relasjonar. Med dette meiner vi at begge partar har det same grunnleggjande menneskeverdet. Dei har begge behov for og krav på å bli behandla med respekt som sjølvstendige individ utan å bli utsette for krenkingar, men den eine parten har ikkje høve til å ta det same ansvaret for kvaliteten på relasjonen og innhaldet i han.

Utfordringar til deg

  1. Kva er likeverd?
  2. Kva er ein relasjon?
  3. Korleis skaper vi kvalitet i relasjonen mellom vaksne og barn, og kva må du som barne- og ungdomsarbeidar bidra med?
  4. Gjer greie for kva ansvar du har i samhandling med barn og unge?
  5. Kvifor er det viktig for barn og unge å bli tekne på alvor og behandla med respekt?
  6. Kva er ein asymmetrisk relasjon?

Læringsressursar

Konfliktar

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter