Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. Grupper og kommunikasjonChevronRight
  4. KonfliktarChevronRight
  5. GrensesetjingChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Grensesetjing

Grensesetjing handlar ofte om å gi barn rettleiing i å vurdere kva som er rett eller gale, altså lære barn å gjere etiske vurderingar.

Barn leker i barnehagen. Bilde.

Alle har treng å vite kvar grensene går. Det gjer både oss vaksne og barn tryggare i kvardagen når vi veit kva vi skal halde oss til. Samtidig er det å setje grenser for barn og unge ei utfordring fordi grensene blir tøygde, og vi kan bli usikre på kva som er riktig å gjere i forskjellige situasjonar.

Dersom vi vel å sjå på grensesetjing som rettleiing, så blir det ikkje eit spørsmål om kven som har makt eller rett til å bestemme over nokon, men eit spørsmål om i fellesskap å kome fram til det som kan vere den beste løysinga i ein bestemt situasjon.

Behova til dei vaksne

Somme gonger er det nok behova til dei vaksne som dominerer i situasjonar der det blir sett grenser for barn og unge. Dagsform og arbeidsbør kan vere faktorar som spelar inn.

Eksempel

Influensa i kroppen eller stort arbeidspress kan føre til at lunta til dei vaksne kan vere kortare enn vanleg. Det hender at vaksne set urimelege grenser i slike situasjonar.

Eit møte eller mangel på folk på avdelinga kan også føre til at vi nokre gonger tek i bruk strengare reglar og grenser enn vanleg. Slik er det kanskje også når vi har lita tid og skal rekkje bussen?

Behova til barn og unge

Det er ikkje alltid like lett for barnet å sjå at det blir sett grenser for at dei skal føre seg trygge og vere sikre. Vi må setje grenser ut frå føresetnadene til barnet, kor mode det er, og kva alder det har, og vi må vurdere kvart enkelt tilfelle vi står i. Barn opplever fort at noko kan bli veldig urettferdig, men da må vi ha fornuftige forklaringar på kvifor ikkje alle kan gjere alt heilt likt. Vi må ta vare på mangfald, kreativitet og personlege eigenskapar når vi set grenser for barn og unge.

Ulike måtar å setje grenser på

Den autoritære

Utstrekt bruk av reglar og strenge grenser. Reglane blir ofte grunngjevne ut frå verdiar og moralske normer. Ein fortel barna kva for reglar og grenser som gjeld. Ein bruker påskjønning eller straff for å få barna til å gjere det den vaksne meiner er rett.

Den demokratiske

Reglar og grenser blir avtalte i samarbeid mellom vaksne og barn. Det som blir avtalt, skal vere forståeleg for barnet. Ein bruker "eg-bodskap" og oppfordringar. Ein drøftar og forhandlar med barnet ut frå føresetnadene til barnet. Ein lèt barnet få vere med på å fastsetje reglar og grenser. Ein anerkjenner barnet.

La det skure

Reglar og grenser blir i liten grad brukte i samspelet mellom vaksne og barn. Gjennom eigne erfaringar lærer barnet seg dei reglane og grensene som det treng. Ein lèt barnet sjølv prøve ut reglar og grenser. Ein gir positiv tilbakemelding når barnet tek lærdom av erfaringane sine.

Utfordringar til deg

  1. Kvifor er det viktig for både vaksne og barn å vite kvar grensene går?
  2. Forklar korleis grensesetjing kan vere rettleiing?
  3. Kva blir du påverka av når du skal setje grenser for barn?
  4. Korleis kan du ta vare på kvart enkelt individ i grensesetjinga?
  5. Kvifor er det viktig å setje grenser ut frå dei føresetnadene barnet har, og ut frå kor mode og kor gammalt det er?
  6. Forklar ulike måtar å setje grenser på?
  7. Korleis set du grenser for barn og unge?
  8. Korleis set du grenser for deg sjølv?
  9. Kvifor er det viktig å ta omsyn til eigne grenser i grensesetjinga for barn og unge?
  10. Kvifor er det viktig at vi er tydelege vaksne?
  11. Tenk tilbake på eigen oppvekst. Kva for erfaringar har du med å bli sett grenser for?

Læringsressursar

Konfliktar