Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. Grupper og kommunikasjonChevronRight
  4. KonfliktarChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Konfliktar i profesjonelle relasjonar

Konfliktar kan til dømes vere med ein leiar, kollegaene eller dei føresette til barna. I en konflikt er det alltid minst to parter. I ein konflikt er det alltid minst to partar. Konfliktane kjem gjerne av at ein har ulike haldningar, verdiar, ønske, interesser eller behov.

To voksne perker i hver sin retning. Bilde.

Vi tenkjer ofte på konfliktar som berre noko negativt, men usemje og konfliktar er også ei kjelde til vekst, utvikling og framgang. Som fagarbeidar treng du ein profesjonell måte å takle konfliktar på. Når det er mogleg, bør du hindre at konfliktar oppstår.

Døme

  • To tilsette i same barnehagen ønskjer ferie den same veka, men berre éin av dei kan få ferie då.
  • Leiinga i barnehagen ønskjer å innføre totalforbod mot røyking i arbeidstida, også i pausen. To av dei tilsette må ha røykepause kvar dag.

Når vi skal løyse konfliktar, er det nødvendig å finne ut kva vi er usamde om viktig å vise respekt for kvarandre viktig å kommunisere tydeleg

Kva strategi i vel, heng saman med fleire ting, til dømes tidlegare erfaringar med konfliktar, personlegdom, kor viktig resultatet av konflikten er, og kva for posisjon vi har – leiar, tilsett, forelder og så vidare. Konfliktar bør løysast på ein måte som alle kan akseptere.

Strategiar

Vi bruker alle ulike strategiar når vi kjem opp i konfliktar. Johnson og Johnson (1994) og Hjeraker (1984) har delt strategiane som vi bruker, inn i fem hovudstrategiar:

Trekkje seg tilbake

Vi trekkjer oss unna konflikten og let andre ordne opp. Det er ikkje så nøye kva utfall konflikten får.

Glatte over

Vi kan gi etter for ønska til andre og bli litt overflatiske når vi samhandlar med andre.

Kompromiss

Vi gir og får, og møtest på halvvegen. Vi prøver å finne ei minneleg løysing for alle partar.

Bruke tvang

Dersom vi er veldig opptekne av resultatet, til dømes å få fri i jula, fokuserer vi på å få viljen vår gjennom. Dette kan øydeleggje vennskap og samarbeidsklima.

Konfrontere

Vi går rett inn i konflikten for å finne ei god løysing, og slik tek vi vare på både det gode resultatet og den gode relasjonen. Vi får alle interesser på bordet, involverer alle partar og bruker kreativiteten for å finne løysingar som alle kan vere nøgde med.

Eg-bodskap

Dersom du sjølv er i ein konflikt, er det lurt å bruke eg-bodskap. I staden for å seie «Vi burde lage betre planar», så kan du seie «Eg ønskjer at vi skal sjå på aktivitetsplanane våre». Dette gjer kommunikasjonen tydelegare.

Nokre tips

Søk hjelp hos leiaren dersom du ikkje klarer å løyse konflikten sjølv. Set av god tid til å finne ut kva problemet er, og til å finne eit forslag til løysing. Tenk trinnvis dersom problemet er stort. Finn ut kva de er samde om. Prøv å unngå situasjonar der éin part taper, og éin part vinn.

Kjelder til denne sida: Eide og Eide: Kommunikasjon i relasjoner, 1996 Forebygging.no

Læringsressursar

Konfliktar

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter