Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. Grupper og kommunikasjonChevronRight
  4. KonfliktarChevronRight
  5. Konfliktar i barnehagenChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Konfliktar i barnehagen

Utviklingsnivået til barna avgjer korleis du som vaksen bør handtere konfliktane. Mange av konfliktane i barnehagen er knytte til leiken. Det er viktig å skilje mellom sak og person i ein konfliktsituasjon.

Sur jentunge på moderne benk. Bilde.

I ein konfliktsituasjon ser du som vaksen kanskje ikkje sjølve hendinga, eller du er berre vitne til ein del av hendinga. Du må difor prøve å finne ut kva som har skjedd, ved å la begge partar fortelje sin versjon (noko avhengig av alder). Det viktigaste er sjeldan kva som har skjedd, men korleis du kan hjelpe barna med å finne ei løysing slik at ingen av partane føler seg som taparar.

Vi vaksne skal vere heilt tydelege på at det var handlinga som ikkje var god. Barnet som person er godt!
[1]

Ta opplevingane til barna på alvor i konfliktsituasjonen, lytt til det barna har å seie og prøv å få til ein dialog som gjer det mogleg for barna å løyse konflikten sjølve. Dersom barna ikkje klarer å løyse konflikten sjølve, må dei vaksne finne måtar å hjelpe dei på. Det er viktig at vaksne er medvitne på forskjellen mellom å «sladre» og å be andre om hjelp. Haldninga den vaksne har og viser i ein slik situasjon, er avgjerande for den vidare utviklinga til barnet.

Døme
To barn sit i sandkassa med kvar sin spade. Den eine tek begge spadane. Det andre barnet roper på ein vaksen.

Vaksen A har haldninga «Dette er utidig mas, og eigentleg noko han burde ha ordna opp i sjølv».
Vaksen B har haldninga «Dette er noko han treng hjelp til å løyse».
Kva den vaksne tenkjer, har mykje å seie for kva slags erfaring barna får av episoden. Det får også noko å seie for det vidare arbeidet på avdelinga.
Vaksen A tek kanskje opp på det neste avdelingsmøtet at det er mykje sladder og mas for småting på avdelinga.
Vaksen B tek kanskje initiativ til å fokusere på sjølvhevding og punktet «Hjelpe barnet til å gi klar melding til andre når det er på sin plass».
Haldningane til dei vaksne kjem her heilt tydeleg fram og får konsekvensar for barna. [2]

Barn i barnehagealder treng å lære og å trene på å løyse konfliktar på ein god måte. [bib]66347[/bib]

Barn som trivst godt saman, bør få lov til å leike saman. Då finn dei reglar i leiken, og det oppstår få konfliktar. Vi må likevel sikre at ingen barn blir utanfor, og at barna også får trening i å leike med dei barna som dei har mindre til felles med.Som vaksen har du eit ansvar for å få gruppa til å fungere. Ved å vere medviten om kva som skjer i gruppa, og ved å hjelpe dei barna som treng hjelp til å kome inn i gruppa, kan du førebyggje mange konfliktar. Sjå meir om dette i filmen under.

Gruppeprosessar

Du kan førebyggje mange konfliktar ved å vere i førekant

  • Dersom du veit at Oskar og Inge alltid kranglar om bamsekoppen, kan du til dømes velje å bruke meir nøytrale koppar eller berre bamsekoppar.
  • Dersom du veit at det blir krangel om kven som skal gå først når de er på skogstur, kan du saman med barna lage ein morosam leik der de byter på å gå først.

Utfordringar til deg

Oppgåver til «Konfliktar i barnehagen»
  1. Gi døme på konfliktar som kan oppstå i ein barnehage.
  2. Forklar følgjande setning: «Utviklingsnivået til barnet avgjer korleis du som vaksen bør handle i konfliktsituasjonar.»
  3. Korleis kan vi skilje mellom sak og person i ein konfliktsituasjon?
  4. Les eksempelet frå sandkassa. Diskuter dei to ulike måtane å reagere på. Korleis ville du ha reagert?
  5. Kva er «den gylne regelen»?
  6. Kva er meint med at ingen bør gå ut av ein konflikt som taparar?
  7. Kva kan du gjere for å få ei gruppe til å fungere godt?
  8. Korleis kan du førebyggje konfliktar?
  1. 1«Konfliktløsning i Rolighetsmoen barnehage». Rolighetsmoen barnehage. 2010.
  2. 2«Konfliktløsning i Rolighetsmoen barnehage». Rolighetsmoen barnehage. 2010.

Læringsressursar

Konfliktar