Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. Grupper og kommunikasjonChevronRight
  4. KonfliktarChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Rettleiing

Rettleiing er ein målretta samtale som skal skape refleksjon. Den som får rettleiing, skal få høve til å finne sine eigne svar og løysingar. Når du rettleier andre, er det viktig å tenkje på at det er den som får rettleiing, som skal vere mest aktiv i samtalen.

undrende dame foran fargerike dører. Foto.

Vi foreslår at du startar med å repeterer fagstoffet om rettleiing frå Vg1 helse- og oppvekstfag. Dette finn du i lenkjesamlinga, der du også finn ein tekst om rettleiing frå NDLA Norsk.

Rettleiing er eit stort fagområde som du kan finne mykje spennande litteratur om. På denne sida finn du fagstoff om:

  • det å rettleie andre
  • det å bli rettleidd

Rettleiing er i utgangspunktet ein frivillig aktivitet mellom likeverdige personar.


Kor frivillig rettleiinga er, varierer. Til dømes har ein del studentar pålagd rettleiing i studia sine. Også i situasjonar som er knytte til spesialpedagogikk og omsorgssvikt, kan rettleiinga vere meir eller mindre pålagd.

Vi foreslår at rettleiing av studentar inneheld desse punkta:

  • Førebuing:

    Den som skal få rettleiing, fyller ut eit rettleiingsdokument.

  • Førrettleiing:

    Vi tek utgangspunkt i rettleiingsdokumentet. Førrettleiing bør skje så tidleg at det er rom for å gjere endringar.

  • Gjennomføring:

    Rettleiar er observatør.

  • Etterrettleiing:

    Etterrettleiing bør skje så raskt som mogleg etter at aktiviteten er gjennomført.

    – Korleis gjekk det?

    – Kva kunne ha vore gjort på ein annan måte?

    – Kva fungerte godt?

    – Planar vidare?

Å rettleie andre

I arbeidet ditt som barne- og ungdomsarbeidar kan du kome i situasjonar der du må rettleie andre. Dei kan trenge rettleiing når det gjeld

  • barn og unge
  • foreldre
  • andre tilsette

Å rettleie vil seie å hjelpe ein annan slik at han eller ho sjølv kjem fram til si eiga løysing. Gjennom rettleiing skal du hjelpe den andre til sjølv å kunne vurdere, setje grenser og gjere eigne val. Rettleiing skal gi rom for refleksjon og diskusjon.

Når du skal rettleie andre, må du ha kunnskapar om det du skal rettleie i. Det er viktig at du held deg innanfor kompetanseområdet ditt når du rettleier.

Som barne- og ungdomsarbeidar må du opptre profesjonelt. Ver merksam på at du som vaksen er eit førebilete, og at dei du rettleier, speglar seg i reaksjonane dine.

Les om rettleiing knytt til seksualitet til høgre.

Å få rettleiing

For å utvikle deg som fagarbeidar er det viktig at du kan ta imot rettleiing. Kollegarettleiing er lærerikt både for dei som får rettleiing, og for dei som gir rettleiing.

Det beste er å bli einige om ein struktur på rettleiinga før ho startar. Aktuelle ting å avklare kan vere:

  • Når og kvar skal rettleiinga gå føre seg?
  • Kor ofte skal du ha rettleiingstimar?
  • Kor mykje førearbeid er nødvendig – skal du til dømes fylle ut eit rettleiingsdokument?
  • Kven skal delta?
  • Kva for tema skal de ta opp? Kva skal de fokusere på?
    Det er lurt å ikkje be om rettleiing på «alt» samtidig.
  • Det er viktig å avklare teieplikta.
  • Skal de bruke hjelpemiddel – til dømes referat frå foreldresamtalar eller observasjonar av barna?
  • Er rettleiinga ein del av eit arbeid som skal vurderast?

Døme på spørsmål du kan få under rettleiing før ein aktivitet:

  • Kva ønskjer du å oppnå med denne aktiviteten?
  • Kva for arbeidsformer vil du velje for å inkludere alle barna?
  • Kva treng du kunnskap om for å meistre denne oppgåva?
Døme på spørsmål du kan få under rettleiing etter ein aktivitet:
  • Korleis opplevde du at denne økta gjekk?
  • Per kom ikkje inn i gruppa. Kva kunne vi ha gjort med det?
  • Kva har du lært av denne økta?
Veiledning

Under finn du ein film som viser delar av rettleiingsprosessen. Sjå filmen.

Utfordringar til deg

Oppgåver til «Rettleiing»
  1. Repeter tekstane om rettleiing frå Vg1. Svar på spørsmåla og sjå filmen som ligg der dersom du har behov for det.
  2. Korleis blir rettleiing definert?
  3. Kva er forskjellen på å gi rettleiing og å få rettleiing?
  4. Kvifor er det viktig å vere likeverdige personar i ein rettleiingssamtale?
  5. Kva for eigenskapar er det lurt å ha i ein rettleiingssituasjon?
  6. Er det forskjell på kva eigenskapar som er viktige når du gir rettleiing, og når du får rettleiing?
  7. Kva skal til for at du og rettleiar skal føle dykk likeverdige?
  8. Les teksten om rettleiing knytt til seksualitet.
  9. Sjå filmklippet «Ungdomsveileder Petra Røise på TV Follo». Kva råd gir ho for rettleiing av ungdom?
  10. Til høgre finn du to filmar om rettleiing av ungdom. Sjå begge og diskuter den rettleiinga du ser i filmane.
Oppgåver til filmen «Veiledning»

Barne- og ungdomsarbeidaren

  1. I starten av filmen seier rettleiaren: «I dag tenkte eg at rettleiinga skulle handle om ...» Ein annan måte å starte ein rettleiingstime på er: «Kva ønskjer du at vi skal snakke om i dag?» Gå saman to og to og prøv ut desse to måtane å starte ei rettleiing på. Kva opplever de som best? Grunngi svaret.
  2. Her ser du at rettleiar og barne- og ungdomsarbeidar lagar ein plan i fellesskap. Kva er fordelane og ulempene ved det?
  3. Når barne- og ungdomsarbeidaren seier at han vil bruke konkret, er rettleiaren raskt ute med å seie: «Her har vi konkreta.» Kva kunne ho ha oppnådd ved å seie: «Kva for konkret har du tenkt å bruke?»
  4. Kva er hovudføremålet med rettleiing?
  5. Kva betyr det å vere likeverdig?
  6. Kvifor er det viktig å vere to likeverdige personar i rettleiingssamtalen?
  7. Korleis får rettleiaren barne- og ungdomsarbeidaren til å reflektere rundt oppstart og avslutning på samlingsstunda?
  8. Når barne- og ungdomsarbeidaren seier at han gruer seg litt til å dramatisere og syngje framfor dei vaksne, så fortel rettleiaren at det er det mange andre som også gjer. Kva ville ho ha oppnådd ved å seie: «Er det noko vi kan gjere for at du skal gru deg mindre?»
  9. Kvifor trur du det er viktig å ha ei slik førrettleiing før ein aktivitet?
  10. Kven lærer av rettleiingsprosessen?
  11. Tenk deg at du er rettleiar. Kva for spørsmål ville du ha stilt i ein samtale etter at samlingsstunda var ferdig?

Helsefagarbeidaren

  1. Korleis trur du det er å rettleie andre som er på same alder som deg?
  2. Kvifor er det viktig å la kvar enkelt kome med tankane og meiningane sine?
  3. Kvifor er kjemi viktig når ein skal velje rettleiar?
  4. Kva for kunnskapar treng dei som skal rettleie?

Læringsressursar

Konfliktar