Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. Grupper og kommunikasjonChevronRight
  4. Fysisk aktivitet ChevronRight
  5. Utfordringar knytte til fysisk aktivitetChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Utfordringar knytte til fysisk aktivitet

Fysisk aktivitet skal først og fremst vere lystvekkjande og helsefremjande. Som barne- og ungdomsarbeidar kjem du til å oppleve nokre utfordringar knytte til fysisk aktivitet blant barn og unge.

Mann dytter kvinne i rullestol i terreng.Foto.

Ulikskapar

Barn og unge er ikkje ei homogen gruppe, og det er store forskjellar på kva forhold dei har til fysisk aktivitet. Forskjellane kan vise seg på fleire måtar:

  • Nokre barn og unge synest fysisk aktivitet er noko av det viktigaste dei driv med, medan andre helst vil sleppe.
  • Nokre barn og unge opplever meistring knytt til fysisk aktivitet, medan andre opplever liten grad av meistring.
  • Enkelte er i eit miljø med familie og venner som er fysisk aktive, medan andre er i eit miljø som føretrekkjer lite fysisk aktivitet.
  • Enkelte liker å prøve nye aktivitetar, medan andre synest det er unødvendig eller skummelt.
  • Nokre barn og unge har funne ein eller fleire aktivitetar dei liker godt, mens andre ikkje har gjort det.

Kjønnsroller

Som barne- og ungdomsarbeidar må du tenkje over korleis dei ulike idrettane blir presenterte. Blir dei presenterte på ein slik måte at dei opnar for alle interesserte uavhengig av kjønn?
Bilete og måten vi omtaler aktivitetane på, seier noko om forventningar. Dersom du søkjer etter bilete av fotballspelande barn og unge, finn du langt fleire bilete av gutar enn av jenter, sjølv om svært mange jenter spelar fotball.

Lystvekkjande

Den største utfordringa knytt til fysisk aktivitet, handlar truleg om å gjere fysisk aktivitet til noko kjekt for dei som ikkje har ei positiv innstilling til det. Det er også viktig å leggje til rette for at ungdom ikkje sluttar med idrett, og ikkje minst å gjere det mogleg for dei som ønskjer det, å satse på idretten dei liker.

Kva kan du gjere for at barn skal kome seg i aktivitet og vere fysisk aktive minst ein time kvar dag? Inaktive barn og unge viser ofte motvilje mot fysisk aktivitet. Du kan kanskje hjelpe dei med å vinne over denne motviljen. Ein slik snuoperasjon krev at kloke og motiverande vaksne vel aktivitetar som barna kan meistre og finne glede ved.

Når barn ikkje vil delta i aktivitetane

Enkelte barn har stadig gode unnskyldningar for ikkje å delta i fysisk aktivitet, anten det er i gymtimen eller i andre aktivitetar. Det kan ofte vere problematisk når du ønskjer å tru på det barnet seier, samtidig som du ser at barnet prøver å komme seg unna fysisk aktivitet.

Anne på 13 fortel Ante, som er barne- og ungdomsarbeidar, og at ho ikkje gidd å bli med på skidagen neste veke. Foreldra har sagt at det er greitt at ho er heime.

Ante kan seie
«Det var jo synd, men dersom foreldra dine seier det er greitt, så er det vel greitt, då.» Han kan tenkje at slik er det alltid, og forstår ikkje at foreldra ikkje pressar henne litt meir.
eller han kan
ta ein prat med Anne og prøve å finne ut kvifor ho ikkje vil vere med. Har ho det som trengst for å delta på skidagen? Kan ho å gå på ski? Har ho nokon å gå saman med? Har ho opplevingar som gjer at ho synest det er vanskeleg?
Saman kan dei kome fram til ei løysing. Ei slik løysing kan vere at Ante avtaler at han skal vere i nærleiken av henne heile dagen, og at dei ikkje skal gå så langt før dei tek ein pause. Ante kan be læraren om å ringje heim til foreldra hennar og fortelje kva dei er blitt einige om.

Somme barn har dårlege opplevingar og føler ikkje at dei meistrar dei aktivitetane som går føre seg i skule og idrettslag. Opplevinga av å vere den dårlegaste gjer at ein del trekkjer seg bort frå aktiviteten. Det er viktig når ein planlegg fysiske aktivitetar å vere medviten om at nokre barn faktisk er dei dårlegaste i ein eller fleire aktivitetar. Klarer vi å leggje til rette for fleire ulike aktivitetar i same timen, slik at alle barna kan finne noko dei meistrar?

Somme barn deltek ikkje i fysisk aktivitet sjølv om dei liker aktiviteten. Det finst då heilt andre grunnar til at dei ikkje deltek, som for eksempel at

  • vennene ikkje liker kroppsøving, så då skulkar dei saman
  • ungdommen synest det er så ubehageleg å dusje saman med dei andre at han eller ho vel å ikkje delta

Ved å prate med barna kan du kanskje finne løysingar på desse problema.

Utfordringar til deg

Oppgåver til "Utfordringar knytt til fysisk aktivitet"
  1. Korleis vil du leggje til rette for aktivitetar som passar for alle barna i ein tredjeklasse?
  2. Ein av gutane vil ikkje delta i kroppsøvinga fordi han ikkje vil dusje saman med dei andre. Kva gjer du?
  3. Kva svarar du dersom eit barn i barnehagen ikkje vil ut?
  4. Kva ville du gjort om ein elev alltid hadde med melding om at han eller ho ikkje skulle delta i kroppsøving og vere med på tur?
  5. Diskuter korleis kjønnsroller påverkar val av aktivitetar.
  6. Å la elevane velje lag kan ofte opplevast som stigmatiserande.
    • Kva meiner vi med det?
    • Kva meiner du om at elevar får velje lag? Kom gjerne både med fordelar og ulemper.
  7. I barnehagen kan vi høyre barn som seier «Nei, eg vil ikkje ut i dag». Korleis svarer du på dette?
Oppgåver til lydfila "Hvilken aktivitet - for hvem?"

På lydklippet høyrer du eit kåseri. Kort kan vi seie at eit kåseri er ein tekst som tek opp eit spesielt tema.

Kåsøren ønskjer ved hjelp av humor, overdriving, ironi og sarkasme å fremme ei sak. Undervegs prøver kåsøren å framstille saka så uhøgtideleg som mogleg og gjerne sett frå ulike sider.

  1. Ei undersøking viser at halvparten av ungdommane rører seg for lite. Det kan også framstillast som at halvparten av alle unge rører seg tilstrekkeleg. Kva er forskjellen på desse to utsegnene?
  2. Kva veit du om aktiviteten til barn i niårsalderen?
  3. Diskuter utsegnene han har om kroppsøvingsfaget.
  4. Det blir jamleg diskutert om gutar og jenter skal vere kvar for seg i gymtimane. Drøft dette ut frå kva som er best for barna.
  5. Korleis kan ein skulegard og området rundt ein skule innby til fysisk aktivitet?
  6. Diskuter det kåsøren seier om idrettslag.
  7. Kva er eigentleg bodskapen i dette kåseriet, og kva kan du lære av det?
  8. Kva er det som underbyggjer at dette er eit kåseri?
Oppgåver til filmen "Mange unge sluttar å spele fotball"
  1. Kva trur du er grunnen til at så mange barn spelar fotball?
  2. Kva er det forskaren her uroar seg for?
  3. Kva oppgir ungdommane som grunnar til at dei har slutta med å spele fotball?
  4. Kvifor er det så viktig at barna ikkje sluttar å vere aktive?
  5. Korleis kan vi ta vare på dei barna som spelar «berre» for det sosiale?
  6. Kvifor er forskaren uroa for at barn ikkje deltek i andre aktivitetar enn fotball?
  7. Diskuter korleis de som barne- og ungdomsarbeidarar kan ta vare på barna slik at dei held fram med fysisk aktivitet.
  8. Kva motiverer barn og unge til å halde fram med ein aktivitet?

Læringsressursar

Fysisk aktivitet

SubjectEmne

Fagstoff