Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. Grupper og kommunikasjonChevronRight
  4. Fysisk aktivitet ChevronRight
  5. Fysisk aktivitet i skulen og skulefritidsordningaChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Fysisk aktivitet i skulen og skulefritidsordninga

Foreldre har hovudansvaret for at barn er i fysisk aktivitet, men sidan barna oppheld seg på skulen og på skulefritidsordninga store delar av dagen, må det leggjast til rette for aktivitetar også her.

Mann dytter kvinne i rullestol i terreng.Foto.

Fordi barn bruker ein stor del av dagen sin på skulen og i skulefritidsordninga, har det offentlege eit ansvar for å leggje til rette for barna får vere i fysisk aktivitet. Det vil mellom anna seie at det må setjast av tid til fysisk aktivitet i skuledagen. Romma barna oppheld seg i, både inne og ute, må vere eigna for aktivitet, og personalet må ha kompetanse på dette området.
Mennesket er bygd for rørsle, og det er vanskeleg for både store og små å sitje roleg i ein heil time. Det er naturleg at vi må røre på oss, og derfor er det viktig å leggje inn små rørslepausar gjennom dagen. Det kan vere nok med nokre minutt for å strekkje litt på kroppen, og kanskje springe ein tur ut.

Gjennom leik og allsidig fysisk utfalding utviklar barn ferdigheiter som hjelper dei til å meistre utfordringar. Dette skaper også glede over å røre seg og meistre det.


Dersom barnet meistrar fysisk aktivitet, er barnet inne i ein god sirkel. Fysiske ferdigheiter og god kondisjon gjer at barnet kan delta i meir leik, og det er igjen med på å betre kondisjonen og fører til meir leik og sosial omgang med andre. Ein livsførsel med regelmessig fysisk aktivitet i barne- og ungdomsåra har mykje å seie for helsa vår både i oppveksten og i vaksen alder.

Utdrag frå «Saman for fysisk aktivitet»
Departementa

Undersøkingar viser at gutar er noko meir aktive enn jenter, og at aktivitetsnivået aukar opp til tenåringsalderen for deretter å minke når barna blir eldre. Det er tilrådd at barn og unge er fysisk aktive minst 60 minutt kvar dag for å sikre god helse.

I grunnskulen er leiken framleis ein viktig del av den fysiske aktiviteten til barna: dei hoppar strikk, spelar fotball og leikar songleiker. Dei vaksne bør leggje til rette for at barna kan leike også i ungdomsskulen. Barn skal ha høve til allsidig leik og aktivitet, og friminutta på skulen bør innby til dette. Barna veks, og allsidig rørsleerfaring er best for utviklinga til barnet.

Kroppsøvingsfaget er ei anna viktig kjelde til fysisk aktivitet. Helsedirektoratet hevdar at meir og betre kroppsøving har god effekt for å få barna meir aktive. Kroppsøvingsfaget blir gjennomført på ulike måtar, og ei av utfordringane er å gi desse timane eit innhald som gjer at alle barna kan meistre og bli glade i faget. Som barne- og ungdomsarbeidar har du ofte eit ansvar for ein eller fleire elevar som treng ekstra hjelp eller støtte i dette faget. Barn med funksjonshemmingar har eit like stort behov for å vere fysisk aktive og å meistre som andre barn.

Å sykle eller gå til skulen gir gode helsegevinstar for barn og unge. Å kjøre barna til skulen kan nokre gonger vere nødvendig, men aller helst bør barna sykle eller gå. For å få fleire barn til å gjere dette bør

  • skulevegen vere trygg, med gang- og sykkelstigar
  • barna få opplæring i korleis dei skal ferdast i trafikken
  • temaet «gå til skulen» bli diskutert i klassen og på foreldremøte for å skape positive haldningar til å gå til skulen
  • det vere mogleg å ta sykkelprøva på skulen

Under lenkjer finn du sidene til Helsedirektoratet om fysisk aktivitet i skulen. Desse sidene bør du gjere deg kjend med.

Uteskule blir meir og meir vanleg, spesielt i dei yngste klassane. Dette gjer at barna får vere meir i fysisk aktivitet.

Areal som fremmar leik og mangfald

Studiar av skulegardar i Sverige viser at barn finn på fleire leikar og nyttar fleire ulike areal i skulegardar som har innslag av natur, enn i skulegardar som har mindre innslag av natur. Undersøkingar viser også at innslaget av natur og storleiken på areala, kombinert med at det er få elevar, er faktorar som kan gi eit mangfald av aktivitetar. Ved planlegging og utforming av nye barnehagar og skular skal ein derfor leggje vekt på kvalitetar i det fysiske miljøet både ute og inne som fremmar leik og fysisk utfalding for barna og for nærmiljøet.

Kjelde: Helsedirektoratet 2009


Mange skular rundt i landet prøver ut spennande prosjekt for å få barn og unge meir aktive. Kanskje finst det eit slikt prosjekt i kommunen din også?

Utfordringar til deg
Oppgåver til "Fysisk aktivitet i skule og skulefritidsordning"
  1. Korleis definerer du fysisk aktivitet?
  2. Kven har ansvaret for at barn og unge er i fysisk aktivitet?
  3. Kor mykje fysisk aktivitet tilrår helsestyresmaktene?
  4. Kvifor er det viktig med fysisk aktivitet?
  5. Bruk dei to teikningane til å skrive ein fagtekst ut frå spørsmålet «Korleis kan eg som barne- og ungdomsarbeidar bidra til at barn blir meir aktive?».
  6. Gjer deg kjend med nettsidene det er lenkja til. Ta notat frå sidene.
  7. Diskuter korleis kroppsøvingsfaget bør organiserast for at flest mogleg elevar skal oppleve meistring og bli glade i faget.
  8. Korleis kan du som barne- og ungdomsarbeidar motivere til fysisk aktivitet i ungdomsskulen?
  9. Intervju nokon som jobbar i skulen eller skulefritidsordninga om fysisk aktivitet.
Oppgåver til «Utemiljøet»

Under finn du eksempel på kva som kjenneteiknar eit godt utemiljø. Oppgåva di er å konkretisere korleis eit utemiljø som har desse kjenneteikna, ser ut.

KJENNETEIKN DI SKILDRING AV UTEMILJØ SOM HAR DESSE KJENNETEIKNA
plass til mangfaldig og allsidig rørsleleik og aktivitet
kontakt med natur og høve til sanseopplevingar
rom for rolleleik og sosialt samspel mellom jenter og gutar, og mellom barn i forskjellig alder
plass til regelleik, spel og idrettsaktivitet
utstyr og materiell til byggjeleik (hytter o.l.)
skjerming til uforstyrra leik, utan innblanding og kontroll frå vaksne
høve til positive opplevingar knytte til ulike årstider og vêrforhold
høve til leik og aktivitetar for barn med forskjellige funksjonsnivå
skjerming slik at barna kan leike trygt
skjerming frå støy og anna forureining
mogleg med vaksenkontakt dersom barna ønskjer det

Kjelde: Kjell Arne Standal

Oppgåver til filmen "Bra å gå til skulen"
  1. Kva viser ny forsking om resultatet av at barn går eller syklar til skulen?
  2. Kva er ein trygg skuleveg?
  3. Korleis kan ein gjere det å gå til skulen til noko sosialt?
  4. Kva kan foreldre gjere dersom skulevegen er utrygg?
  5. Kan du gi eksempel på korleis lærarane kan gjere starten på skuledagen meir aktiv?
  6. Kva samanheng er det mellom aktivitetsnivået til foreldra og aktivitetsnivået til barna deira?
  7. Kva er samanhengen mellom fysisk aktivitet og depresjon?
Oppgåver til filmen "Dansematte"
  1. Her ser du ein skule som har teke i bruk moderne teknologi for å få elevane meir aktive. Kva synest du om denne ideen?
  2. Har du andre idear til moderne former for aktivitet?
  3. På kva måte kan det vere ein samanheng mellom lese- og skrivevanskar og fysisk aktivitet?
  4. Kva alderstrinn meiner du slike dansematter passar for?
  5. Dersom du har høve til å prøve ut ei slik matte, kan du prøve å danse i ti minutt. Kva erfaringar gjer du deg?
Oppgåver til filmen "Inaktivitet blant ungdom" (Sjå lenkje)
  1. Kva seier undersøkingar om den fysiske aktiviteten blant barn og unge?
  2. Kvifor bør barn og unge røre seg?
  3. Kvifor bør det vere stor variasjon i gymtimane?
  4. Kva blir foreslått av uteaktivitetar i dette klippet?
  5. Korleis kan ein gi elevane høve til å velje mellom mange ulike aktivitetar i gymtimane?
  6. Kva er det viktigaste med fysisk aktivitet?
Oppgåver til filmen "Å leggje til rette for fysisk aktivitet"
  1. Kva kan du som barne- og ungdomsarbeidar gjere dersom barn på skulen eller i skulefritidsordninga helst vil sitje inne og spele dataspel?
  2. Finn ut om det finst uteskular i nærmiljøet ditt.
  3. Her blir det påpeika at det er viktig at foreldra går føre som gode rollemodellar. Gi eksempel på korleis du som barne- og ungdomsarbeidar kan vere ein god rollemodell for å få barn til å vere fysisk aktive.
  4. Kva meiner vi med å leggje til rette for aktivitet?
  5. Korleis bør skulen organisere dagen når det gjeld inne- og utetid?
  6. Kva for fritidsaktivitetar fremmar fysisk aktivitet i nærmiljøet ditt?
Jente som danser. Illustrasjon.
Aktivitet
Oppgåver til filmen "Fysisk aktivitet i skulen"
  1. Kor mykje aktivitet blir tilrådd for barn og unge?
  2. Her ser de at fysisk aktivitet og engelsk blir knytte saman. Kva andre fag kunne du knytt til fysisk aktivitet? På kva måte kunne du gjort det?
  3. Kva positive resultat har fysisk aktivitet ført til her?
  4. Kva samanheng er det mellom fysisk aktivitet og mobbing?
  5. Kor mange timar sit femtenårige gutar i ro framom TV eller PC?
  6. Kva tenkjer du om å få meir fysisk aktivitet inn i skulekvardagen?
Fysisk aktivitet mellom en mann i rullestol og en løpende jente. Tegning.
Fysisk aktivitet
Oppgåver til filmen "Trampoline"
  1. Kvifor er hopping på trampoline ein fin aktivitet?
  2. Kva er koordinasjon?
  3. Korleis verkar hopping på trampoline på skjelettet?
  4. Kvifor får nokre barn vondt i ryggen når dei hoppar på trampoline?
  5. Dersom du søkjer på Internett, ser du at nokre barnehagar og skular har trampoline:
    • Kva tenkjer du om det?
    • Kva krav stiller det til dei vaksne?
    • Kva krav stiller det til tryggleik?
    Fysisk aktivitet i 7-12-årsalderen

    Her kan du øve deg på å skildre korleis du vil aktivisere barn innan eit nærmare bestemt alders- og utviklingsområde. Hugs at du også skal fremme glede og lyst til å delta i fysiske aktivitetar. Du må gjerne slå saman fleire av ferdigheitene i ein og same aktivitet.

    DET BARNET MEISTRAR DINE FORSLAG TIL FYSISKE AKTIVITETAR
    dei fleste grunnleggjande rørslene er automatiserte
    meistrar å koordinere kroppsdelane
    meistrar aktivitetar som dans og aerobic, rullebrett, rulleskøyter og sykling
    nødvendig å repetere allsidige, grunnleggjande rørsler for at dei skal automatiserast
    motivert for idrettsaktivitetar
    den store blomstringstida for barnekulturen

    Kjelde: Kjell Arne Standal

    Læringsressursar

    Fysisk aktivitet

    SubjectEmne

    Fagstoff