Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. Grupper og kommunikasjonChevronRight
  4. Fysisk aktivitet ChevronRight
  5. Fysisk aktivitet for menneske med nedsett funksjonsevneChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Fysisk aktivitet for menneske med nedsett funksjonsevne

Fysisk aktivitet for barn og unge bør gå føre seg på område som er tilgjengelege for alle, uavhengig av funksjonsnivå. Vi bør også så langt som råd velje aktivitetar som alle kan vere med på. Fysisk aktivitet er like viktig for menneske med nedsett funksjonsevne som for andre.

Aktivitet er viktig for alle

For menneske med nedsett funksjonsevne er gjerne treningsaspektet ved fysisk aktivitet svært viktig for å behandle eller kompensere for funksjonsnedsetjinga. Samtidig handlar det å vere fysisk aktiv om verdiar, livsstil og ønske om sosial tilknyting. Dette gjeld for oss alle, men det er endå viktigare for grupper i befolkninga som i større grad enn andre kjenner seg isolerte.

Vi legg grunnlaget for eit fysisk aktivt liv og god helse i barne- og ungdomsåra. Barn med nedsett fysisk eller mental funksjonsevne er i risikosona for å få eit livslagt passivt tilvære. Difor er det viktig med allsidig motorisk aktivitet frå tidleg alder for å sikre at barnet utviklar optimale fysiske ferdigheiter. Barn med funksjonshemning treng gjerne ekstra stimulering og tilrettelegging for å få utnytta ressursane sine best mogleg.

Kjelde: Helsedirektoratet

Det er forska lite på fysisk aktivitet hos menneske med nedsett funksjonsevne, men levekårsundersøkingane fortel at menneske med funksjonsnedsetjing er i langt mindre aktivitet enn andre i same aldersgruppa.

Fagarbeiderens rolle

Som barne- og ungdomsarbeidar møter du barn og unge med funksjonsnedsetjing på alle arenaer der det er barn og unge. Ofte har barne- og ungdomsarbeidaren eit eige ansvar eller eit medansvar for menneske med nedsett funksjonsevne. Mange barne- og ungdomsarbeidarar jobbar også i heimane til menneske som treng ekstra hjelp.

Når du skal hjelpe barn og unge til fysisk aktivitet, er det viktig å sjå på kva barnet faktisk kan gjere, i staden for kva det ikkje kan gjere. I det daglege bør du leggje til rette for aktivitetar som alle kan vere med på. Enkelte aktivitetar er likevel slik at ikkje alle kan delta. Då er det viktig å sjå på om barnet kan vere med på delar av aktiviteten, eller om ei gruppe barn kan gå saman om ein annan aktivitet.

Døme

Døme: les meir

Gunn er elleve år og sterkt synshemma. Ho har vanlegvis gym saman med klassen, men då er barne- og ungdomsarbeidaren Nora saman med henne. Når klassen skal trene på ballspel, er det vanskeleg for Gunn å vere med. Skulen har saman med Gunn bestemt at barne- og ungdomsarbeidaren då skal ta med seg Gunn og tre andre elevar inn i ein annan sal. Dei skal også spele ball, men med bind for auga. Då lærer dei andre barna å bruke dei andre sansane sine, og dei forstår kanskje betre korleis kvardagen til Gunn er.

Når du arbeider med barn og unge i organiserte fritidsaktivitetar, er det viktig å gi rom for at alle skal få delta – anten saman med alle andre, eller i eigne grupper når det er naturleg.

Døme: les meir

Aktivitet eller ikkje?

Isak er 16 år og går første året i den vidaregåande skulen. Han har celebral parese og treng hjelp til mange praktiske gjeremål. Han sit i rullestol og har liten kontroll over musklane sine. No skal klassen hans på klatretur i nærmiljøet. Ole Kristian er barne- og ungdomsarbeidar og ein av fleire som hjelper Isak når han treng det. Å dra på klatretur er ei utfordring for Isak og klassen. Under finn du to måtar å møte denne utfordringa på.

Aktivitet

Ole Kristian kan saman med Isak og læraren finne eit område som er tilgjengeleg for rullestol. Dei må planleggje turen godt, slik at Isak kjem seg dit og kan ha det bra på turen. Når dei kjem fram, kan Ole Kristian hjelpe Isak ut av rullestolen. Medan dei andre klatrar i nærleiken, kan Isak til dømes bevege seg litt på ein stor stein. Han får på denne måten delta i fellesskapen, sjølv om han ikkje klatrar som dei andre. Han får også brukt sansane sine og rørt på seg. Kanskje kan han få på seg ein klatresele og prøve å rappellere litt også. For Ole Kristian og læraren er det sjølvsagt at Isak skal vere med på turen, for dette klarer dei. Det krev berre litt ekstra planlegging.

Ikkje aktivitet

Ole Kristian og læraren kan bli samde om at det er best at Isak blir heime. Han kan sjå ein film medan klassen er på tur, for det er mykje enklare for alle.

Det finst få aktivitetar som menneske med nedsett funksjonsevne ikkje kan vere med på, men dei kan ofte ikkje vere med på den same måten som andre. Skal dei vere med, krev dette at

  • ein kommuniserer med barnet eller ungdommen
  • ein er kreativ
  • ein planlegg godt
  • ein samarbeider med barnet og eventuelt foreldra
  • ein ser kva som er mogleg å få til
  • miljøet er lagt godt til rette for alle
  • barne- og ungdomsarbeidaren har gode kunnskapar om fysisk aktivitet
  • ein samarbeider med fysioterapeut, ergoterapeut eller andre faggrupper når det er nødvendig
  • ein kan å bruke spesialutstyr
  • ein har godt humør og vilje til å leggje til rette for alle

Av og til kan det vere klokt å snu problematikken på hovudet. Ta utgangspunkt i dei aktivitetane som dei med nedsett funksjonsevne kan vere med på, og spør deg sjølv: «Kva må til for at dei andre elevane også kan vere med på denne aktiviteten?» Eksempel: Idar sit i rullestol og er god i rullestoldans. Kva skal til for at heile klassen skal kunne lære seg rullestoldans? Kanskje er alt som skal til, at dei får låne nokre rullestolar og får Idar til å vise dei korleis dei skal gjere det.

Utfordringar til deg

Oppgåver til «Fysisk aktivitet for menneske med nedsett funksjonsevne»
  1. Korleis kan du leggje til rette for fysisk aktivitet for menneske med nedsett funksjonsevne?
  2. Kva må du ta omsyn til?
  3. Diskuter eksempelet om Isak i klassen. Kva ville du gjort i ein slik situasjon? Grunngi svaret ditt.

Læringsressursar

Fysisk aktivitet

SubjectEmne

Fagstoff