Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. Grupper og kommunikasjonChevronRight
  4. Fysisk aktivitet ChevronRight
  5. Om fysisk aktivitetChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Om fysisk aktivitet

Foreldra har hovudansvaret for at barn og unge er i fysisk aktivitet. Barnehage og skule har ansvar for å samarbeide med foreldra og leggje til rette for fysisk aktivitet mens barna er der. Både inne- og utemiljøet bør bli brukte for å skape eit variert tilbod for fysisk aktivitet, uavhengig av vêr og årstid. Tilboda bør vere tilgjengelege for alle.

Jente hopper paradis. Foto.

Definisjonen på fysisk aktivitet

Folkehelseinstituttet definerer fysisk aktivitet som alle aktivitetar der du bruker musklane dine.

Mosjon

Mosjon er aktivitetar og kroppsrørsler som skal styrkje helsa. «Å mosjonere» eller «å trimme» er ei form for lettare trening. Mosjon er veldig bra for å førebyggje og behandle ei lang rekkje sjukdommar.

Trening

er fysisk aktivitet som er planlagd, og som blir gjenteken regelmessig for å betre eller halde ved like den fysiske forma. Vi kan trene både kondisjon, styrke, hurtigheit, balanse og rørsleevne.

Tilrådingar

"Barn og unge skal vere fysisk aktive i minst ein time kvar dag. Ein WHO-studie i fleire land viser at barn og ungdom i alderen 11–16 år sit i ro og ser på TV, PC eller gjer lekser i gjennomsnitt 40 timar per veke utanom skuletid."
(Torsheim mfl. 2004)

Gutt balanserer i tau på lekeplass. foto.

Helsegevinstar ved fysisk aktivitet

  • styrkjer hjarte og lunger
  • senkar blodtrykket
  • reduserer risikoen for hjarte- og karsjukdommar
  • reduserer risikoen for diabetes type 2
  • reduserer risikoen for overvekt
  • førebyggjer enkelte kreftsjukdommar
  • styrkjer oppbygginga av beinmassen hos barn og unge
  • reduserer risikoen for brot
  • gir betre muskelstyrke, balanse og motorikk, noko som mellom anna førebyggjer ryggplager og motverkar fall i eldre år
  • stimulerer tarmfunksjonen
  • betrar den psykiske helsa, mellom anna ved å gi betre søvn, meir overskot, betre evne til å meistre stress, motverke aldring og depresjon

(Folkehelseinstituttet, september 2008)


Trivsel og god helse

I "Handlingsplan for fysisk aktivitet 2009" seier Helse- og omsorgsdepartementet, at fysisk aktivitet er ei kjelde til trivsel og god helse.

Fysisk aktivitet er og viktig for veksten og den motoriske utviklinga hos barn. Leik med andre barn har også mykje å seie for den sosiale og emosjonelle utviklinga deira. For å oppnå auka fysisk aktivitet i befolkninga er det nødvendig med tiltak på følgjande område::

  • Leggje dei fysiske omgivnadene til rette med vekt på god tilkomst for alle.
  • Medverke til at det finst lokale lågterskeltilbod og gode høve for fysisk aktivitet på fritida og på viktige arenaer som barnehage, skule og arbeidsplass.
  • Motivere befolkninga til ein aktiv livsstil.

Tilretteleggje for fysisk aktivitet

Dei vaksne skal leggje til rette for at barn og unge får vere i fysisk aktivitet. Det kan gjerast på mange ulike måtar. Her finn du nokre eksempel på korleis vi kan leggje til rette for aktivitet:

  • Skape gode møteplassar som er lagde til rette for fysisk aktivitet. Gode møteplassar er lett tilgjengelege og innbyr til aktivitet. Eksempel på slike møteplassar er sykkelparkar, skateboardramper i parkar, ballbingar, eller turstigar.
  • Innarbeide fysisk aktivitet i planar på alle nivå frå barnehage til vidaregåande skule. Døme på slike aktivitetar er: aktivitetar ute og i gymsal, turar i skog og mark, aktivitetar på ski og skøyter.
  • Ha utetimar i skulen der elevane leikar paradis og regelleikar, speler basse, volleyball og kanonball, er ute i skogen og ser på tre og blomstrar osv.
  • Skape uteområde i skule og barnehage som stimulerer til aktivitet og leik for alle, med klatretre, klatrestativ, paradis, opne område, sykkelbane osv.
  • Gi eit variert tilbod med både symjing, klatring, ballspel, dans osv.
  • Tilsetje personale med som har god kunnskap om og er flinke til å leggje til rette for og motivere til fysisk aktivitet.
  • Sørgje for at personalet er gode rollemodellar som deltek i leik og aktivitet.
  • Bidra til at barna synest aktivitet er moro og opplever meistring.
  • Stimulere til at elevar går eller syklar til skulen.
  • Satse på universell utforming.

Utfordringar til deg

  1. Kven har ansvaret for at barn og unge får nok fysisk aktivitet?
  2. Kor mykje fysisk aktivitet er tilrådd for barn og unge?
  3. Kva meiner vi med aktivitetar i omgivnader som er tilgjengelege for alle?
  4. Les brosjyren «Skapt for bevegelse». Diskuter innhaldet.
  5. Klikk på lenkja «Saman for fysisk aktivitet – Kortversjon». På side 9 finn du ein figur som viser alle dei fysiske fordelane som fysisk aktivitet gir. Teikn av figuren.
  6. Bruk biletet av Usain Bolt og skriv ein tekst om fysisk aktivitet og glede.
  7. Diskuter punkta under «Å leggje til rette for fysisk aktivitet».
    Kva tyder punkta, korleis blir dette gjort i praksis? Har du andre forslag til korleis ein kan leggje til rette for fysisk aktivitet?
  8. Fordjuping: Les fordjupingsteksten om fysisk aktivitet.

Læringsressursar

Fysisk aktivitet