Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. Grupper og kommunikasjonChevronRight
  4. Hygiene ChevronRight
  5. Utfordringar knytte til hygiene ChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Utfordringar knytte til hygiene

Som på dei fleste andre område finst det ei rekkje utfordringar knytte til hygiene.

Stor klokke med ben som løper i en retning. foto.
Tidsnød

Mangel på tid

Korleis går det an å finne tid til å vaske alle leikene i barnehagen? Er det mogleg å finne tid til tannpuss som ein del av rutinen i barnehagen og skulefritidsordninga dersom det er ønskjeleg?
Tidsproblematikken er reell nok, og ofte er det få vaksne på mange barn. Det hjelper å lage gode rutinar. Det inneber å fastsetje kven som skal gjere kvar enkelt oppgåve, og når ho skal gjerast. På denne måten legg den enkelte aktiviteten inn i planane sine.

Ulike forventningar

Tilsette, føresette og barn kan ha ulike oppfatningar av kva som er god og dårleg hygiene.

Kva er dårleg hygiene, og kva gjer vi når vi oppdagar det?

Det må vere rom for at foreldre har ulikt syn på kva god hygiene er. Vi må likevel ta ansvar for barnet dersom det tydeleg manglar dagleg stell eller er meir enn akseptabelt skite i klede, kropp og hår. Det kan vere vanskeleg å setje grensene her, men som profesjonell yrkesutøvar må du diskutere dette med medarbeidarane dine slik at noko blir gjort dersom barnet er utsett for omsorgssvikt.

Å våge å finne tid til å diskutere hygiene på arbeidsplassen

Mange opplever det som vanskeleg å ta opp konkrete ting, som at ein medarbeidar luktar sveitte, sterk parfyme, røyk eller andre ting. Dette er lettare å diskutere dersom ein tek det opp på generelt nivå før det blir eit problem, og blir samde om at slik gjer vi dette hos oss.

Å respektere ulike kulturar

Ulike kulturar kan ha noko ulikt syn på hygiene. Då er det viktig å få kunnskap om dette og respektere det som er ulikt, dersom det er innanfor grensene av det vi kan akseptere. Både tilsette og barn bør vere klar over at ulik matkultur kan gi ulike lukter. Det må ikkje vere slik at vi bruker kultur som grunn for ikkje å gripe inn dersom det er nødvendig.

Å rettleie ungdommar

Dei aller fleste ungdommar har god hygiene, men nokre treng rettleiing. Dette er ungdommar som ikkje har andre som rettleier dei. Viss ein vaksen veit at ein ungdom blir utstøytt frå gruppa på grunn av dårleg hygiene, vil det vere uetisk å ikkje ta det opp med han eller henne.

Å hjelpe ungdommar med nedsett funkjonsevne

Nokre barn og ungdommar med nedsett funksjonsevne vil ha behov for hjelp til personleg hygiene. Kor mykje hjelp dei treng, varierer frå person til person. Nokre opplever det vanskeleg å skulle hjelpe folk på eins eigen alder med personleg hygiene. God kommunikasjon med du ein skal hjelpe, og trening, gjer at dei fleste meistrar dette på ein profesjonell måte. Det er viktig å vise respekt og late den enkelte avgjere kva han eller ho treng hjelp til.

Utfordringar til deg

  1. Diskuter korleis gode rutinar kan gi betre tid.
  2. Diskuter denne utsegna: «Vi har tusen plastleiker og like mange tøyleiker. Det er umogeleg å vaske dei så ofte. Vi vaskar dei ein gong i halvåret, det får vere nok.»
  3. Kvar går grensa mellom god og dårleg hygiene?
  4. Korleis ville du gått fram dersom du meinte at eit barn var meir skite enn det du kunne akseptere?
  5. Ein av kollegaene dine luktar alltid sterkt av parfyme. Kva gjer du?
  6. I ungdomsklubben der du jobbar, går Anne. Ho luktar alltid sveitte, men er elles rein. Du ser at dei andre ungdommane trekkjer seg litt unna. Kva gjer du?
  7. Du jobbar heime hos Isak, som har cerebral parese og må ha hjelp til det meste. Du skal for første gong bade han. Lag eit rollespel der de prøver ut korleis du kan prate med Isak før stellet. Diskuter etterpå korleis de ville kjent dykk i denne situasjonen både som barne- og ungdomsarbeidar og som Isak.

    Læringsressursar

    Hygiene