Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. Grupper og kommunikasjonChevronRight
  4. Hygiene ChevronRight
  5. Hygiene og rollemodellarChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Hygiene og rollemodellar

Som barne- og ungdomsarbeidar er du alltid rollemodell for barn og unge. Når barn skal lære å ta ansvar for sin eigen hygiene, treng dei gode rollemodellar som viser dei korleis det skal gjerast.

Håndvask i servant. foto.

Her er nokre eksempel på korleis du kan gå føre med eit godt eksempel for barna:

  • Vask hendene når du har vore på toalettet. Når du er med barn på toalettet, er det viktig at du vaskar både dine eigne og barnet sine hender.
  • Ha god personleg hygiene.
  • Dusj saman med barna eller i eigen garderobe etter kroppsøvingstimane på skulen. Sjølv om du kanskje har rørt deg mindre enn barna, er det viktig for å innarbeide gode rutinar.
  • Sjå til at det er reint og ryddig rundt deg, og tørk straks bort søl.
  • Skaff deg kunnskap som gjer at du kan utøve god hygiene på arbeidsplassen.

Når du jobbar med barn og unge, kjem du ofte tett innpå dei. Du bør difor vere klar over at dei kan oppleve bestemte lukter som ubehagelege. Det gjeld lukt av

  • sveitte
  • kaffe og te
  • røyk og snus
  • nokre påleggssortar
  • parfyme

God personleg hygiene, deodorant, tannpuss og minimal bruk av parfyme på jobb kan fjerne desse problema.

Utfordringar til deg

  1. Kvifor er det så viktig å vere ein god rollemodell?
  2. Diskuter kva som er god hygiene hos ein barne- og ungdomsarbeidar.

Læringsressursar

Hygiene