Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. Grupper og kommunikasjonChevronRight
  4. Hygiene ChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Inneklima

For dei fleste barn og unge er ikkje inneklima noko helseproblem. Som barne- og ungdomsarbeidar skal du likevel ta alle signal på dårleg inneklima alvorleg og bidra til at dårleg inneklima blir retta opp.

Mopp og bøtte. Foto.

Godt inneklima er viktig for at vi skal kunne halde oss friske. Inneklimaet er særleg viktig i bygg som blir brukte av barn og unge.

Ytre påverknad

Sjølv om vi manglar kunnskap som gjer at vi kan fastslå med visse korleis alle forhold i inneklimaet påverkar helsa vår, veit vi at det finst ein samanheng mellom helse og det å bli utsett for visse stoff. Dette gjeld mellom anna sigarettrøyk (passiv røyking) radongass asbeststøv dyr husstøvmidd fukt mykotoksin muggsopp

Symptoma på dårleg inneklima kan vere mange, og av og til er det vanskeleg å avgjere om symptoma kjem av inneklimaet eller andre ting. Symptoma vi kan knyte til dårleg inneluft, er mellom anna:

  • unormal trøttleikskjensle
  • hovudpine, hudirritasjon
  • irritasjon i auga
  • irritasjon i dei øvre og nedre luftvegane
  • dårleg konsentrasjon.

Nokre råd for betre inneklima:

  • Ofte kjem problem med inneklimaet av forhold i ventilasjonsanlegget. Ein kontroll av anlegget vil lønne seg dersom det er usikkert kva årsaka til problema er.
  • Temperaturen bør ikkje overstige 22 grader i fyringssesongen. Innetemperaturen påverkar både avgassing frå ulike materialar, luftfukta i rommet og kjensla av tørr luft. Temperaturen påverkar òg veksten av mikrofiber og muggsopp.
  • Betre reinhald gir òg betre inneklima, sidan støv og skit blir vaska bort og erstatta med reine flater. Det fører til mindre støv og betre luftkvalitet i rommet.
  • Unngå teppegolv. Det er svært vanskeleg å få opp alt av støv, pollen og matrestar frå dei. Dessutan blir lufta ofte litt for tørr der det er teppegolv.
  • Ikkje tillat røyking i bygget.
  • Luft godt i alle romma, gjerne to gonger om dagen i 10–15 minutt. Dette aukar vanlegvis luftfukta og senkar innetemperaturen.
  • Unngå at dyr kjem inn i bygget, både fordi dei dreg inn skit og støv, og fordi barn kan vere allergiske mot dyra.
  • Bruk innesko. Det verkar smussførebyggjande.

Ta med barna ut i frisk luft medan du luftar i barnehagen eller skulen. På den måten får du betre inneklima. Du finn rettleiar til forskrift om miljøretta helsevern i barnehagar og skular. Han kan brukast som eit oppslagsverk og som fordjuping for deg som ønskjer meir kunnskap om emnet. Om tema inneklima hos Noregs astma- og allergiforbund finn du òg fagstoff om utelufta.

Lover og forskrifter

Forskrift om miljøretta helsevern i barnehagar og skular mv.

§ 19 Inneklima og luftkvalitet.

Verksemda skal ha tilfredsstillande inneklima, og dette gjeld òg for luftkvaliteten.

Temperaturreguleringa og ventilasjonen skal vere tilpassa bruksområdet og årstidsvariasjonar.

Den relative luftfukta i romma må liggje på eit slikt nivå at fare for muggproduksjon ikkje førekjem. Ioniserande stråling skal ikkje overskride eit allment akseptert nivå.

Utfordringar til deg

  1. Kva meiner vi med inneklima?
  2. Kvifor er inneklima viktig?
  3. Set opp ei liste over råd for å få eit betre inneklima.
  4. Kva symptom kan barn få dersom dei oppheld seg i eit dårleg inneklima?
  5. Fordjuping: Les sidene 69–73 i rettleiar til forskrift for miljøretta helsevern i barnehage og skule mv. Ta notat, og diskuter innhaldet med andre som vel å fordjupe seg i dette.

Læringsressursar

Hygiene