Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. Grupper og kommunikasjonChevronRight
  4. Hygiene ChevronRight
  5. Rutinar for reingjering ChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Rutinar for reingjering

Forskrift om miljøretta helsevern i barnehagar og skular § 13: Dei delane av innandørsarealet ved verksemda som er i dagleg bruk, skal ha forsvarleg reinhald etter hygienisk tilfredstillande metodar. Hovudreingjering skal gjennomførast årleg i innandørsarealet.

Mopp, bøtte og klut. Foto.

Uteområdet og tekniske anlegg skal haldast ved like og reingjerast etter behov.

Rutinane varierer

Kva rutinar som gjeld, og kven som har hovudansvaret for reingjering, varierer frå arbeidsplass til arbeidsplass. Dersom du sjølv ikkje har hovudansvar for reingjeringa, bør du likevel setje deg godt inn i dei rutinane som finst på arbeidsplassen. Dersom arbeidsplassen har ein eigen reinhaldar, er denne ein viktig samarbeidspartnar for deg som barne- og ungdomsarbeidar.

Sjølv om arbeidsplassen har eigen reinhaldar, vil du få eit medansvar for reinhald, sidan ein del reinhald ikkje kan vente til ettermiddagen.

Føremålet med reinhald er å redusere førekomsten av støvpartiklar, allergen og smittestoff. Reinhald har òg til føremål å skape trivsel og velvere generelt.

Støv kan i seg sjølv vere skadeleg, men støvet ber òg med seg kjemiske sambindingar som kan ha negativ innverknad på helsa. Reinhaldet har mykje å seie for barn, ettersom dei er meir sårbare for forureiningar enn vaksne. Barn oppheld seg dessutan nærare golvet enn vaksne og vil difor få i seg støvpartiklar og sambindingar som vanlegvis ikkje er i innandingssona til dei vaksne. Aktivitetsnivået til barna er òg høgare. Det fører til oppkvervling av støv og dessutan til auka forbruk av luft, noko som igjen aukar eksponeringa for støv.
Kjelde: Helsetilsynet 2009
Frå: Rettleiar til forskrift om miljøretta helsevern i barnehagar og skular m.v.

Reinhald blir delt i tre hovudområde:

  • Dagleg/periodisk reinhald
    • Det skal finnast ein plan som seier kva som skal vaskast, kor ofte det skal vaskast, og av kven. Reinhald av leiker skal inngå i planen.
    • Rom som er i dagleg bruk, skal reingjerast dagleg.
    • Rom som ikkje blir brukte dagleg, kan reingjerast ein gong i veka.
    • Støvtørking bør gjerast regelmessig.
  • Hovudreingjering
    • Det skal vere minst ei hovudreingjering i året.
    • Gardiner og tekstilar bør vaskast minst to gonger i året.
  • Reinhald av ventilasjonsanlegg og andre tekniske installasjonar
    • Slikt reinhald skal inn i planen for reinhald.
    • Dette er ofte tenester som blir kjøpte utanfrå.

Vi tilrår at du les sidene 49–53 i rettleiar til miljøretta helsevern i barnehagar og skular m.v. Der vil du finne utfyllande stoff om alle punkta over.

Reinhald av uteområde omfattar følgjande gjeremål:

  • Uteområda skal ryddast for søppel.
  • Harde flater som asfalt, brustein o.l. skal spylast ved behov.
  • Det skal skiftast sand i sandkasser ved behov.

Utfordringar til deg

  1. Kva seier forskrift om miljøretta helsevern i barnehagar og skular m.v. om reinhald?
  2. Kvifor er reinhald så viktig?
  3. Kva for tre hovudområde kan vi dele reinhald inn i?
  4. Korleis bør reingjeringsmiddel lagrast?
  5. Be om å få reingjeringsplanar frå barnehagar og skular i nærområdet. Samanlikn dei, og vurder dei ut ifrå kunnskapen din om hygiene.
  6. Lag ei oversikt over kva rutinar vi bør ha for reingjering av kjøleskap og andre skap der mat blir lagra.
  7. Lag ein plan for reinhald i ein barnehage, skule eller ungdomsklubb.
  8. Be om å få vere med ein reinhaldar på jobb ein dag, og skriv logg frå arbeidet.
  9. Korleis kan vi få barn delaktige i reinhaldet?
  10. Kva tankar gjer du deg om barn og reingjeringsmiddel?

Læringsressursar

Hygiene