Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. Grupper og kommunikasjonChevronRight
  4. Hygiene ChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Smittsame sjukdommar

Sjukdommar smittar på ulike måtar, og vi må prøve å hindre at eit sjukt barn smittar dei andre. Folkehelseinstituttet meiner at strenge reglar for å halde sjuke barn borte frå barnehagen har ein noko innskrenka effekt på smittespreiinga. Sjuke barn bør likevel haldast heime i periodar.

Kosebamser med termometer, lommetørkle og varmeflaske. foto.

Det er foreldra som har ansvaret for å vurdere om barnet er friskt nok til å gå i barnehagen eller på skulen. Det er naturleg å vurdere

  • allmenntilstanden til barnet
  • om barnet er feberfritt
  • om barnet kan delta i daglege aktivitetar
  • faren for at andre kan bli smitta

Samtidig skal vaksne vurdere kvar barnet har det best. Ofte er ro og kvile nødvendig for å bli frisk. Nokre gonger kan det vere vanskeleg for foreldre eller føresette å vere heime, og då er det viktig at ein kommuniserer godt med barnehagen.

Når ein smittsam sjukdom viser seg i barnehagen eller på skulen, finst det nokre generelle råd som kan avgrense smittespreiinga:

  • god handhygiene hos barn og tilsette
  • god kjøkkenhygiene
  • at sjuke barn blir haldne heime så lenge som Folkehelseinstituttet tilrår
  • ekstra reingjering i barnehagen
  • desinfisering av stellebord
  • ekstra vask av toalett og vaskar
  • bruk av hanskar ved bleieskift og innpakking av bleier og skitne klede

Ein del av dei smittsame sjukdommane kan førebyggjast ved hjelp av vaksinar. Det er foreldra som avgjer om barna skal vaksinerast eller ikkje. Som barne- og ungdomsarbeidar er det greitt å kjenne til dei vaksinane som blir gidde. Både barn og vaksne blir vaksinerte for å førebyggje sjukdom.

Utfordringar til deg

  1. Kven har hovudansvaret for å vurdere om barnet er friskt nok til å gå i barnehagen eller på skulen?
  2. Kva bør vurderast før barnet blir sendt i barnehagen?
  3. Kva er vaksinar?
  4. Sjekk kva du sjølv er vaksinert mot.
  5. Ta føre deg oversiktene du finn under «fagrelatert stoff». Korleis vil du bruke det fagstoffet du finn her?
  6. Dei aller fleste vaksinar er frivillige så lenge helsestyresmaktene ikkje finn det nødvendig å påleggje vaksinasjon på grunn av epidemiar.
    Nokre foreldre er usikre på om dei skal vaksinere barna sine, mens andre ikkje stiller spørsmålsteikn ved behovet for vaksinar i det heile.
    Prøv å finne ut kva som kan tale for å vaksinere barn, og kva som kan vere motførestellingar til vaksinering av alle barn. Snakk gjerne med ei helsesøster du kjenner til, eller leit på nettet. (Kjelde oppgåve 6: Kjell Arne Standal)

Læringsressursar

Hygiene

SubjectEmne

Fagstoff