Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. Grupper og kommunikasjonChevronRight
  4. Hygiene ChevronRight
  5. Hygiene i barnehage og skule ChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Hygiene i barnehage og skule

Råda for god hygiene er dei same uavhengig av alderen til barnet, men mens barnet i barnehagen treng hjelp frå dei vaksne, må større barn i stadig større grad lære seg å ta ansvar for hygienen sjølv.

Barn som vasker hender. Foto

Ifølgje tal frå Folkehelseinstituttet er snue, hoste, vondt i halsen og øyrebetennelse nesten dobbelt så vanleg hos dei yngste barnehagebarna som hos barn som ikkje går i barnehage. Mage-/tarminfeksjonar er tre gonger så vanleg, og i tillegg blir barn utsette for stadige angrep av hovudlus og brennkoppar og andre smittsame sjukdommar.

Sidan barn i barnehage og skule leikar tett saman, er det truleg umogleg å førebyggje all smitte, men vi bør gjere det vi kan for å førebyggje smittespreiing.

Nokre tiltak for å førebyggje smitte er

  • god handhygiene
  • gode hygienerutinar ved bleieskift og toalettbesøk
  • gode rutinar for reingjering av leiker og utstyr
  • god kjøkkenhygiene
  • gode rutinar for reingjering i barnehage og skule
  • gode rutinar når barn er i kontakt med dyr
  • rein og god inneluft
  • gode rutinar for avfallshandtering
  • reint uteområde
  • rutinar for når barna bør vere heime
  • at ein lærer barn om hygiene og lærer dei å ta medansvar for å hindre smittespreiing

God handhygiene

I Vg1 lærte du om personleg hygiene og god handhygiene. Når du jobbar med små barn, må du som barne- og ungdomsarbeidar hjelpe barna med å innarbeide gode rutinar for handhygiene. Å vaske hendene etter uteleik og toalettbesøk og før matlaging og eting er rutinar som barna bør lære seg. I lenkjesamlinga finn du meir om

  • handhygiene og bruk av desinfeksjonsmiddel
  • generell hygiene

Bleieskift og toalettbesøk

Ved bleieskift må det anten brukast papir som blir kasta etter kvart skift, eller ein rein handduk for kvart skift. Bleieskift kan gjerast utan hanskar, men mange liker best å bruke det. Vask alltid hendene etter bleieskift.

Bleier kan kastast i ein vanleg dunk med lokk eller i ein spesialbehaldar for bleier. Viss ein bruker ein vanleg dunk, må han tømmast ofte, og han må reingjerast godt.

Det varierer kor lenge barna held fram med å måtte ha med seg ein vaksen på toalettet, men lær barnet å vaske hendene sjølv om det er den vaksne som har tørka. Det vil hjelpe barnet med å innarbeide gode rutinar.

Reingjering av leiker og utstyr er viktig

  • Leiker og utstyr skal alltid vaskast når dei er synleg skitne.
  • Leiker av plast og tre bør vaskast regelmessig, om lag ein gong i veka, med varmt vatn og reingjeringsmiddel.
  • Tøyleiker vaskar ein i vaskemaskina.

God kjøkkenhygiene

Dette lærte du mykje om på Vg1, men kanskje du bør repetere det fagstoffet som ligg under Vg1? Når du jobbar på eit kjøkken som serverer mat til fleire, bør du vere ekstra påpasseleg. Dårleg hygiene kan føre til bakteriar eller giftstoff i mat og drikke som kan gi kvalme, diaré eller feber. I lenkjesamlinga kan du lese meir om

  • hygiene på kjøkkenet

Tannpuss

Tannpuss er ansvaret til foreldra, men mange barn et frukosten sin i barnehagen eller på SFO, og dei bør derfor få høve til å pusse tennene der. Barnehagar som praktiserer dette, meiner det bør vere ein naturleg del av rutinane rundt frukostmåltidet. I dag er det relativt få barnehagar og SFO-ar som gir tilbod om tannpuss.

Dersom barnet skal pusse tennene i barnehagen eller på SFO, krev dette ei organisering som hindrar spreiing av bakteriar. Dei barnehagane som praktiserer tannpuss, har ulike rutinar knytte til dette:

  • Kvart enkelt barn må ha sin eigen tannkost og eventuelt tannglas, og alt må vere merka med namn.
  • Tannkostar og tannkrem må lagrast slik at barna ikkje kan få tak i dei utan hjelp.
  • Tannkosten bør bytast ut når det trengst, eller minst to gonger i året.

Forskrift for miljøretta helsevern i barnehagar og skular seier mellom anna: Verksemda skal planleggjast og drivast slik at risikoen for spreiing av smittsame sjukdommar blir så liten som mogeleg.

Utfordringar til deg

  1. Korleis kan vi førebyggje smitte?
  2. Kva er god handhygiene?
  3. Korleis bør bleieskiftet føregå?
  4. Korleis bør leiker og utstyr reingjerast?
  5. Korleis handterer du blodsøl?
  6. Kva er god kjøkkenhygiene, og kvifor er det så viktig?
  7. Kva meiner du om tannpuss i barnehage og skulefritidsordning?
  8. Kva trur du er grunnen til at få barnehagar og skulefritidsordningar gir tilbod om tannpuss sjølv om barn et frukost der?
  9. Prat med ulike barnehagar og skular i kommunen eller bydelen din og finn ut korleis dei lærer barna handhygiene.
  10. Diskuter korleis vi kan leggje til rette for tannpuss i barnehagen. Ser du nokre hygieniske utfordringar knytte til tannpuss i barnehagen?
  11. Heftet Bra mat i barnehagen har nokre sider om hygiene. Les det som står der.
  12. Finn ut kva aktuelt lovverk seier om hygiene i barnehagen.
  13. Fordjuping: Les faglege råd frå Folkehelseinstituttet.
  14. Kvifor trur du det er viktig å vaske leiker regelmessig, og kva rutinar må barnehagane ha for å gjennomføre dette?
  15. Finn ut korleis ein kan passe på hygienen til dei tilsette og barna når barnehagen er på tur og
    • det skal skiftast bleier
    • barna leikar
    • de skal ete
  16. Fordjuping: Les Folkehelseinstituttet sine faglege råd om barnehagar og smittevern. Åpne lenkja.
  17. I kva situasjonar vil du bruke eingongshanskar?
    Ta på og av hanskane som vist på teikninga over.

Læringsressursar

Hygiene