Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. Grupper og kommunikasjonChevronRight
  4. Hygiene ChevronRight
  5. Handhygiene og bruk av desinfeksjonsmiddelChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Handhygiene og bruk av desinfeksjonsmiddel

Barn og tilsette i barnehagen bør gjennomføre handhygiene før dei et, lagar mat og etter toalettbesøk. Tilsette gjennomfører i tillegg handhygiene etter bleieskift, stell og etter tørking av snørr og andre sekret.

Håndvask. Foto.

Håndvask

Er hendene synleg skitne, blir handhygiene gjennomført ved å vaske hendene med flytande såpe og rennande lunke vatn. Barna tørkar seg deretter med eingongspapirhandkle, eller dei bruker eit eige handkle som dei ikkje deler med andre.

Er ikkje hendene synleg skitne, kan barn og tilsette gjennomføre handhygiene ved å bruke eit alkoholbasert handdesinfeksjonsmiddel i staden for handvask.

Alkoholbasert handdesinfeksjonsmiddel kan også brukast i tillegg til handvask etter gjennomført handvask med såpe og vatn og etter at hendene er tørka.

Handdesinfeksjonsmiddel er vanleg salsvare. Det er opp til den enkelte barnehagen å avgjere kva handhygienerutinar som skal innførast. Ved innføring av alkoholbaserte handdesinfeksjonsmiddel som rutine for barna bør foreldra bli informerte.

Ein studie frå Sverige publisert i 2008 viste at bruk av handdesinfeksjon med etanol i tillegg til handvask med såpe og vatn minska sjukefråværet blant barna med 12 %. Det er ikkje påvist resistensutvikling mot alkohol hos mikrobar som følgje av bruk av sprit til desinfeksjon.

Det er heller ingen fare for at spriten skal absorberast gjennom
huda eller inhalerast og gi rus ved handdesinfeksjon.

Alkoholbaserte handdesinfeksjons-middel må oppbevarast forsvarleg.


Kjelde: Folkehelseinstituttet 2009
Folkehelseinstituttet oppdaterer kontinuerleg sidene sine

Læringsressursar

Hygiene

SubjectEmne

Fagstoff