Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. Grupper og kommunikasjonChevronRight
  4. Hygiene ChevronRight
  5. Generell hygieneChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Generell hygiene

Kvinne som nyser og en sky av dråper kommer ut av munnen hennes. Foto
Spreiing av smittsame sjukdommar i barnehagen førebyggjer ein best med gode generelle hygienerutinar:
  • Det skal vere såpedispenser og papirhanddukar ved alle handvaskar, og ein skal alltid bruke varmt vatn og såpe når ein vaskar hender.
  • Ein skal alltid vaske hendene godt etter toalettbesøk eller bleieskift.
  • Ein skal vaske hendene når ein kjem inn frå leik og arbeid ute.
  • Ein skal unngå å nyse og hoste på kvarandre, og ein skal vaske hendene når ein har pussa nasen.
  • Fellesleiker av plast og tre skal vaskast regelmessig med reingjeringsmiddel og varmt vatn, for eksempel ein gong i veka. Tøyleiker vaskar ein i vaskemaskina.
  • Ein skal bruke eingongshanskar når ein steller blødande sår og naseblødingar, og ein skal stelle skrubbsår og andre småsår som ikkje blør, på vanleg måte.
  • Stell og vanleg bleieskift skal gjerast utan hanskar.
  • Ved søl av blod eller avføring på til dømes gjenstandar eller golv skal ein gjere reint med hushaldsklorin og nytte vanlege reingjeringshanskar.


Kjelde: Folkehelseinstituttet 2009
Folkehelseinstituttet oppdaterer sidene sine kontinuerleg. Sjå lenkjesamling!

Læringsressursar

Hygiene