Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. Grupper og kommunikasjonChevronRight
  4. Hygiene ChevronRight
  5. Hygiene på kjøkkenet ChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Hygiene på kjøkkenet

Moderne rent og ryddig kjøkken. Foto
Helsedirektoratet gir desse råda når det gjeld hygiene på kjøkkenet:
  • Ta av deg ringar og armband og saml langt hår i ein strikk slik at du ikkje får hår i maten.
  • Vask hendene godt med såpe og varmt vatn før du byrjar å lage mat. Vask òg hendene etter at du har vore på toalettet, pussa nasen, hosta eller vaska grønsaker.
  • Ha minst mogleg ståande framme der du lagar mat. Då blir det lettare å halde reint.
  • Skyl frukt, grønsaker og poteter godt i kaldt vatn, og vask skyljekummen godt etterpå slik at jorda ikkje kjem i kontakt med matvarer som kjøtt og fisk. Jord inneheld svært mykje bakteriar.
  • Skyl knivar og skjerebrett kvar gong du har skore opp nye matvarer. Dette er ekstra viktig når utstyr som har vore brukt til rått kjøt eller rå fisk, skal brukast til grønsaker og frukt som ikkje skal kokast.
  • Bruk ei eiga skei når du smaker på mat, og ikkje ta henne ned att i gryta når du har hatt henne munnen.
  • Ha kjøt, fisk og matvarer som er merka med «kjølevare», i kjøleskapet eller kjølerommet.
  • Sjekk haldbarheitsdatoen på innpakka matvarer.
  • Ta vekk matvarer som er mugne. Det smittar raskt til andre matvarer.
  • Vask opp kvar dag. Skiten oppvask som blir ståande, kan lukte vondt.

Slik vaskar du opp på ein hygienisk måte:

  • Skyl av matrestar med lunke vatn. Bruk børste viss det er nødvendig.
  • Vask i varmt vatn med såpe.
  • Skyl i så varmt vatn som mogleg.
  • Bruk reint forkle og reine gryteklutar.
  • Skyl benkekluten i reint vatn etter bruk, vri han godt opp og heng han slik at han tørkar raskt. Ein klut med matrestar er ein god vekstplass for bakteriar.
  • Vask klutar og handdukar ofte. Bruk høg temperatur, minst seksti grader.

Kjelde: Helsedirektoratet

Læringsressursar

Hygiene