Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. Grupper og kommunikasjonChevronRight
  4. Hygiene ChevronRight
  5. Råd om smittevern i barnehagarChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Råd om smittevern i barnehagar

Folkehelseinstituttet har utarbeidd nye faglege råd om smittevern i barnehagar.

Person som vasker hendene med vann og såpe. Foto

I tillegg til oppdaterte råd om når barn bør haldast heime frå barnehagen av smittevernomsyn, inneheld råda andre aspekt som aktuelt lovverk, rolla til smittevernlegen, generell hygiene, mathygiene, handhygiene og bruk av desinfeksjonsmiddel og kontakt med dyr.

Tilrådingane er først og fremst utarbeidde for helsepersonell som skal gi smittevernråd til barnehagar, men dei kan også vere nyttige for barnehagepersonell og foreldre.

Råd for mathygiene i barnehagar

Barnehagen har – dersom det blir produsert eller servert mat – ansvar for å melde kva slags mattilbod dei har til sitt lokale mattilsyn. Gjennom meldeplikta vil barnehagen kunne få nyttig informasjon om reglar som gjeld for å sikre helsemessig trygg mat og at oppbevaring og tillaging skjer under tilfredsstillande vilkår. Helsedirektoratet gir i rettleiingsheftet "Bra mat i barnehagen" mellom anna følgjande råd:

  • Vask hendene godt før matlaging og måltid.
  • Skyl knivar og skjerebrett kvar gong du skjer opp nye matvarer.
  • Hald kjøkkenbenken ryddig og rein og ha minst mogeleg ståande framme på kjøkkenbenken.
  • Skyl kjøkkenkluten godt etter bruk og heng han fritt opp slik at han tørkar. Vask han på minst 60 °C eller legg han i klor. Kjøkkenpapir er eit godt alternativ til kluten.
  • Sjekk jamleg at kjøleskapstemperaturen er +4 °C eller noko lågare.
  • Rydd og vask i kjøleskapet jamleg.
  • La det ikkje gå for lang tid mellom tillaging og servering av mat. Mat som blir ståande lenge i romtemperatur, taper næringsstoff og får ein dårlegare hygienisk kvalitet. Mjølk og mjølkeprodukt er særleg utsette.
  • Oppbevar mat som barna har med seg heimafrå, kjølig.
  • Sett pålegg og restar av varm mat raskt til kjøling etter måltidet.

Smittespreiing i barnehagar skjer i hovudsak gjennom direkte eller indirekte kontaktsmitte. Det er vanskeleg å unngå smittespreiing heilt på grunn av leik og den generelle åtferda til barna.

Spreiing av smittsame sjukdommar blir best førebygd ved gode rutinar for handvask for barn og tilsette, spesielt etter toalettbesøk, bleieskift og før handtering av mat.

Læringsressursar

Hygiene

SubjectEmne

Fagstoff