Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. Grupper og kommunikasjonChevronRight
  4. Hygiene ChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Hygiene

Hygiene er eit område som du som barne- og ungdomsarbeidar må ha god kunnskap om for å kunne førebyggje sjukdommar hos både barn, unge og vaksne.

hender vaskes i servant. foto.

På Vg1 lærte du om

  • generell hygiene
  • bakteriar, virus, sopp og protozoar
  • kjøkkenhygiene
  • handhygiene
  • smitte
  • smittespreiing

Kva for smittestoff som finst, er ein type lærestoff vi ikkje kan resonnere oss fram til. Vi må ganske enkelt lære oss nemningane og hugse kva dei tyder. Viss du ikkje hugsar dette fagstoffet frå Vg1, bør du bruke tid på å repetere det.

Teikning av mann og barn som vaskar på kjøkkenet. Illustrasjon.
Reinhald

Tenk over

  1. Kva for eit kompetansemål i læreplanen seier at du skal jobbe med hygiene?
  2. Lag eit tankekart over det du kan om hygiene. Samanlikn tankekartet med fagstoffet om hygiene på Vg1. Undersøk om det er fagstoff frå Vg1 du må repetere før du går i gang med fagstoffet på Vg2. Ta fram tankekartet på slutten av skuleåret og sjå om du har lært noko.
  3. Bruk bileta på sida som inspirasjon til ein tekst om hygiene.

Læringsressursar

Hygiene