Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. Grupper og kommunikasjonChevronRight
  4. FørstehjelpChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Førstehjelp

Dette skuleåret skal du først og fremst lære førstehjelp ved drukning, fall og trafikkulykker. Førstehjelp er eit viktig fagområde for barne- og ungdomsarbeidaren. At du meistrar riktig førstehjelp, skaper tryggleik både hos deg som skal utføre førstehjelp, og hos dei som skal få hjelp.

Person utfører hjertekompressjon på en mann. foto.
Førstehjelp hjertekompresjon

Ulykker som skjer ved fall, drukning eller i trafikken omfattar ei rekkje ulike typar skadar som du skal kunne handtere. I tillegg skal du ha kompetanse frå Vg1 på ei rekkje område som er viktige når du jobbar med barn og unge. Derfor bør du repetere førstehjelp minst éin gong i året, slik at du veit at du kan det grunnleggjande.

Sannsynlegvis vil både barn og foreldre ha forventningar om at du som barne- og ungdomsarbeidar kan utføre førstehjelp på ein forsvarleg måte. At du har kunnskapar om kva du skal gjere dersom ulykka er ute, gjer at foreldra føler seg trygge når du har ansvar for barna.

Dersom du er usikker på kva du skal gjere, bør du likevel prøve så godt du kan. Har du ein mobiltelefon for handa, kan du også få rettleiing over telefon, for eksempel ved å ringje 113.

Tenk gjennom

  1. Lag eit tankekart som viser kva du hugsar om førstehjelp frå Vg1. Samanlikn tankekartet med fagstoffet som ligg under Vg1 Helse- og oppvekstfag. Er det område du treng å repetere før du går vidare? Ta gjerne fram tankekartet når du er ferdig med førstehjelpa. Kva har du lært?
  2. Kva for kompetansemål seier at du skal lære om førstehjelp?
    Diskuter kompetansemålet i klassen din.
  3. Forskrift om miljørettet helsevern i barnehager og skoler
    «§ 15. Førstehjelp: Virksomheten skal ha førstehjelpsutstyr i tilstrekkelig mengde og av tilfredsstillende standard. Utstyret skal være forsvarlig plassert. Virksomhetens eier skal sørge for at alle ansatte er kjent med hvor utstyret oppbevares, og hvordan førstehjelp ytes.»

    Vi rår deg til å lese side 59–60 i veileder til forskrift om miljørettet helsevern i barnehager og skoler mv. Forskrift om miljørettet helsevern i barnehager og skoler m.v.

Læringsressursar

Førstehjelp

SubjectEmne

Fagstoff