Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. Grupper og kommunikasjonChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Ulike leiarstilar

I eit orkester er alle like viktige. Men samspelet krev også kompetanse og reglar. Det er leiaren eller dirigenten for orkesteret som har ansvaret for at samspelet fungerer.Slik er det i ei barnegruppe også. Kvaliteten på samværet er avhengig av den sosiale kompetansen til barna og av evna vår til å leie gruppa.

Dame som kommuniserer med to små barn. Foto.

Som leiar har du delansvar for oppseding og læring. Du må leggje forholda til rette slik at barna opplever samværet som positivt og lærerikt.

Leiarar har kvar sin måte å styre på, men vi snakkar gjerne om tre hovudstilar: den autoritære, den ettergivande og den demokratiske leiarstilen. I barne- og ungdomsgrupper kan desse leiarstilane gi seg ulike utslag:

Autoritær leiarstil

Nokre leiarar trur at ei autoritær leiing løyser alle problem. Barna ser opp til leiarar som kan mykje og er flinke til å lære frå seg. Ein slik stil gjer det enklare for leiaren å planleggje og å halde situasjonen under kontroll. Opplegget skaper gjerne trivsel og tryggleik, men det gir lite rom for barnefantasien.

Døme

I ein barnehage sit barna samla rundt Eva Marie. Ho fortel om korleis ein bjørnefamilie lever, og viser bilete av bjørnar i ei bok. Etterpå set barna seg ved forskjellige bord der det ligg sjablongar av bjørnar. Eva Marie viser korleis barna kan teikne og klippe ut ein bjørn. På andre bord ligg det nokre puslespel. Barna byter på å vere ved borda. Alt er velorganisert, og barna er livlege og glade. Eva Marie er i sentrum heile tida, og barna roper på henne frå alle kantar. Når det er på tide å samle seg, får eitt av barna lov til å ringje med klokka. Alle reiser seg utan protestar og kjem til bordet for å ete frukt. Etterpå får vesle Martin ansvar for å rydde opp. Til slutt har Eva Marie planlagt at dei skal leike eit rollespel. Ho deler ut roller og viser korleis leiken skal vere. Så er dagen over.

(Dømet er fornorska og henta frå Christina Godée: Leka i grupp. Natur och kultur, 1981.)

Ettergivande leiarstil

Dersom leiaren føler seg utilstrekkeleg og ikkje trur på kompetansen sin, kan han eller ho skjule seg bak uttrykk som «alle har jo rett til å gjere som dei vil». Barna møter ingen motstand og har ingen til å rettleie seg. Leiaren lèt det skure. Gruppa blir uroleg, og konfliktane florerer. Under slike forhold hender det at barn med leiarevner tek kontrollen både over den vaksne leiaren og resten av gruppa.

Døme

I skulefritidsordninga ventar leiarane Toril og Ove på at barna skal kome etter skulen. Det blir servert mat som alt er sett fram. Barna droppar inn etter kvart og set seg ved bordet. Stemninga er høg. Lene ber nokon sende smøret, og det kjem som eit skot nedover bordet og veltar eit glas mjølk. Toril ber den skuldige om å hente ei fille for å tørke opp, men ingenting skjer. Telefonen ringjer, og Ove svarer. Under resten av måltidet sit han og pratar i telefonen. Etter maten samlar barna seg på leikerommet. Nokre går på hobbyrommet for å snikre. Når det er på tide å dra heim, føreslår Ove at barna ryddar opp etter seg. Alle hjelper til. Men så ringjer telefonen på ny, og då Ove kjem tilbake, er barna søkk borte. Dagen endar som så ofte før med at Ove og Toril må rydde opp sjølve før dei går heim.

(Dømet er fornorska og henta frå Christina Godée: Leka i grupp. Natur och kultur, 1981.)

Demokratisk leiarstil

Denne stilen blir også kalla gruppeorientert leiarstil. Stilen tek konsekvensen av at vi treng nokre rammer for å få til skapande verksemd og samspel. Men rammene må vere vide for at alle skal få plass. I praksis betyr det at alle har nokre haldepunkt, nokre reglar og ein plan for kva som skal skje i løpet av dagen. Samtidig treng barna å vite kvar materiellet er, korleis dei skal bruke det, og korleis dei skal halde utstyret ved like. Utover det finst det inga detaljstyring, og barna har stor fridom. Leiaren har alltid oversikt, men grip berre inn når det er nødvendig.

Døme

Kristian er skilærar i ei nybegynnargruppe. Dagen begynner med litt teknikktrening før dei skal køyre slalåm i ein alpinbakke. Kristian lèt alltid den som er minst flink, renne først etter han. På den måten blir det lettare for barnet å følgje svingrytmen hans. Jo lenger bak ein er, desto vanskelegare blir det. Det er alltid nokon som dett. Kristian blir aldri utolmodig. Han forklarer roleg om og om igjen korleis dei bør køyre. Kvar gong nokon dett, roper han: «Alt OK?» Dersom han ikkje får noko svar, er Kristian raskt der for å sjå kva som har hendt.

Dømet er fornorska og henta frå Christina Godée: Leka i grupp. Natur och kultur, 1981.)

Utfordringar til deg

  1. Kva meiner vi med autoritær leiarstil?
  2. Kva meiner vi med ettergivande leiarstil?
  3. Kva meiner vi med demokratisk leiarstil?
  4. Kva for leiarstil passar best for deg av desse tre? Grunngi svaret.
  5. Det finst forskjellige nemningar på leiarstilar. Leit på nettet og sjå om du kan finne andre ord på dei ulike leiarstilane. Sjå også lenkja til høgre, «Tre ulike typer av ledelse».

Læringsressursar

Grupper og kommunikasjon