Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. Grupper og kommunikasjonChevronRight
  4. Vaksengruppa på arbeidsplassenChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Vaksengruppa på arbeidsplassen

Samarbeid må til for å løyse oppgåver på dei fleste arbeidsplassane.

Dei fleste gruppeprosessane vi finn blant barna, finn vi igjen blant dei vaksne på ein arbeidsplass. Vi tilpassar oss kvarandre stort sett på den same måten. Nokre vil dominere, medan andre stiller seg på sidelinja.

Ei gruppe vaksne som planleggjer saman. Foto.

Ein viktig forskjell er at deltakarane i vaksengruppa er i stand til å setje ord på det som skjer.

Ein arbeidsplass er gjerne delt inn i arbeidsgrupper med bestemte oppgåver som kan vere permanente eller kortvarige. Desse profesjonelle gruppene består vanlegvis av personar som har litt ulik kompetanse, og som utfyller kvarandre. Det gjer gruppa effektiv og slagkraftig.

Dei fleste opplever det som positivt og lærerikt å arbeide saman. Vi arbeider grundigare, og kvaliteten på arbeidet aukar fordi vi gir kvarandre tilbakemeldingar heile tida.

Likevel må vi vere førebudde på at det kan oppstå spenningar som fører til at vi samarbeider dårleg. Kanskje tør ikkje folk ta ordet fordi dei fryktar å bli håna eller utsette for sarkasmar. For å få til eit godt samarbeid må vi lokalisere problema og finne ut korleis dei kan løysast.

Råd

Ei arbeidsgruppe fungerer best dersom ho har klart definerte roller og tydeleg fordelte arbeidsoppgåver. Blir gruppa for stor, er det fare for at nokon fell utanfor.

Ei diskusjonsgruppe bør heller ikkje vere for stor dersom alle skal få sagt noko, og dersom gruppa ikkje skal dele seg.

Når vi både har ei vaksengruppe og ei barnegruppe på arbeidsplassen, for eksempel i ein barnehage, skule eller skulefritidsordning, er det spesielt viktig at vaksengruppa fungerer.

Her er noko av det vi kan gjere for å få vaksengruppa til å fungere betre:

  • Dersom gruppa er nystarta, bør vi la alle få tid til å bli kjende med kvarandre.
  • Gruppa må ha eit klart definert mål.
  • Vi må sjå til at alle deltakarane har same forståing av arbeidsoppgåva.
  • Vi må undersøkje om gruppemedlemmene utfyller kvarandre (har ulik kompetanse).
  • Arbeidet bør fordelast tydeleg: Kven gjer kva og når?
  • Vi må passe på at det er god balanse mellom oppgåver og tidsfristar.
  • Gruppa må ha reglar for arbeidet.
  • Vi bør vise at vi er pålitelege, og at vi har tillit til dei andre.
  • Vi på passe på at alle kjem til orde og får seie meininga si.
  • Vi må skilje mellom sak og person dersom det oppstår ueinigheit.
  • Vi må passe på å ta avgjerder på ein demokratisk måte.
  • Vi må ha god kommunikasjon, med regelmessige møte.
  • Vi må ikkje feie problema under teppet eller la dei tårne seg opp.
  • Vi må prøve å halde ein passeleg uformell tone i gruppa. Fleip kan fort bli til mobbing.
  • Vi må ikkje tillate hetsing, sarkasmar eller nedlatande haldningar.
  • Vi skal vere opne og ikkje halde noko hemmeleg for andre.
  • Ingen må få dominere eller kontrollere andre.
  • Ingen må få større fordelar eller meir attraktive oppgåver enn andre.
  • Vi bør gjere noko saman som ikkje har med jobben å gjere.
  • Vi skal ta vel imot nye medlemmer og gi dei tid til å bli kjende.

Utfordringar til deg

  1. Nemn minst seks faktorar du meiner kan føre til at vaksengruppa fungerer bra. Grunngi svaret ditt.
  2. Kvifor er det spesielt viktig at vaksengruppa fungerer i barnehagen, skulen eller skulefritidsordninga?

Læringsressursar

Grupper og kommunikasjon