Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. Grupper og kommunikasjonChevronRight
  4. Å vere rollemodell i ei gruppeChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Å vere rollemodell i ei gruppe

Vi overfører haldningar, normer og verdiar til barna gjennom det vi seier og gjer. Sidan barn og unge som regel oppheld seg fleire timar av kvardagen i barnehage, skule og skulefritidsordning enn heime med foreldra, får barne- og ungdomsarbeidaren ei særs viktig rolle som førebilete.

Mann og barn som står sammen i ring og jubler. Foto.



Ei undersøking som to psykologar gjorde i ein barnehage i Trondheim i perioden 1997–2002, viste at barn vender seg til vaksne omtrent kvart femte minutt. Derfor må vi som er barne- og ungdomsarbeidarar, vere klare over kva for påverknad vi har.

Barn spør ikkje etter perfekte vaksne. Dei ønskjer seg vaksne som bryr seg om dei – som ser og høyrer dei. Når vi snakkar med barna, les for dei, syng og kosar med dei, gir det barna ein trygg oppvekst og ei god utvikling.

For dei større barna er vi også rollemodellar når det gjeld å løyse konfliktar og vise kva som er akseptabel oppførsel. Unge legg merke til om vi sjølv lever slik vi lærer dei at dei bør. Dersom vi fortel at det er farleg å røykje, men røykjer sjølve, mistar åtvaringa all verdi. Seier vi til barna at det er viktig å ete sunt og regelmessig, medan vi sjølv slankar oss og nesten ikkje et, vil dei unge oppfatte det også.

Her er nokre tips om korleis vi kan vere gode rollemodellar:

  • Vi skal oppføre oss pent, vere høflege og omsynsfulle mot andre, både vaksne og barn.
  • Vi skal vere konsekvente og sørgje for at det er samanheng mellom det vi seier, og det vi gjer.
  • Vi må vere tydelege i det vi meiner og gjer.
  • Vi må «sjå» alle barna og dei ulike eigenskapane deira.
  • Vi må vise at alle er like viktige og vere merksame på barn med låg status og trekkje dei passive og sjenerte inn i fellesleiken.
  • Vi må reagere når nokon blir urettferdig behandla, erta eller mobba.
  • Vi skal takle konfliktar på ein roleg måte og sjå saka frå begge sider.
  • Vi skal vere aktive og gjere ting saman med barna. Vi treng ikkje vere leikekameratar, for det held at vi berre er til stades. Dersom vi går rundt og rakar lauv om hausten, vil barna kanskje vere med og hjelpe til eller finne på aktivitetar rundt oss.
  • Vi skal halde ein god tone med dei andre vaksne i barnehagen, skulen eller skulefritidsordninga. Måten vaksne oppfører seg på mot kvarandre, smittar over på barna. Sjølv små negative signal blir oppfatta.

Utfordringar til deg

  1. Kva er ein autoritet?
  2. Drøft forskjellen på det å vere ein autoritet og det å vere autoritær.
  3. Kvifor er det viktig å vere ein god rollemodell i ei gruppe?
  4. Gjer greie for kva du kan gjere for å vere ein god rollemodell.
  5. Kven er rollemodellar i ei gruppe?

Læringsressursar

Grupper og kommunikasjon