Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. Grupper og kommunikasjonChevronRight
  4. Å bli trygg i barnegruppaChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Å bli trygg i barnegruppa

Når barna skal begynne i barnehagen, er dei fleste forventningsfulle og stolte. Men barnehagen inneber ein heilt ny situasjon for dei. No skal dei bli kjende med nye menneske, og dei skal få oppleve tilknyting og fellesskap med andre enn familien.

Barn som leikar i ei sandkasse. Foto.

Vanlegvis tilpassar barna seg barnehagelivet etter nokre dagar. Men ingen er like. Nokre blandar seg med andre med ein gong, medan andre treng lengre tid. Det som er viktig i begge tilfella, er at det første møtet med barnehagen gir tryggleik og tillit.

Her er noko av det vi kan gjere for å hjelpe barna inn i den nye fellesskapen:

  • Opprett ein primærkontakt i personalet for kvart barn. På den måten har alle barna «sin eigen» kontaktperson som dei alltid kan søkje til når dei treng det. Primærkontakten er særleg viktig i tilvenningsperioden. Han eller ho har ansvar for å følgje opp barnet «sitt», rettleie det og passe på at det slepp til i leiken.
  • Ønsk kvart enkelt barn velkomen den første dagen i barnehagen. Sei namnet til barnet tydeleg. Vis vegen til garderoben der ein fast plass ventar. Plassen kan vere markert med eit bilete, ei teikning eller eit bumerke (for eksempel ein sommarfugl, ein katt eller ein blomster). Slik opplever barnet at det både er sett og venta, og at barnehagen set pris på at det kjem.
  • Hald samlingsstund. Ein av dei vaksne roper opp namna til alle, og barna reiser seg når dei høyrer namnet sitt. Kanskje kan den vaksne og barnet veksle nokre ord, for eksempel om kvar det bur, eller kva favorittleika er. Etterpå kan ein lese høgt frå ei forteljing og syngje ein song som aktiviserer alle barna. Slik kan den første barrieren brytast.
  • Lat dei eldre barna få vere med og ta imot dei nye. Dei kan også vere med og vise nykomarane rundt og vise det dei sjølv synest er morosamt å gjere. Dei minste lærer mykje av dei eldre, og dei eldste lærer både å ta omsyn til og å ta vare på dei yngre.
  • Avtal med foreldra at barna kjem regelmessig til barnehagen. Det styrkjer tilhøyrsla til dei andre barna og til personalet.
  • Ver tydeleg på kva barnehagen forventar av barnet. Alle må vite kva dei har å halde seg til. Det gir barna tryggleik å vite kva som gjeld i bestemte situasjonar.
  • Finn på aktivitetar som samlar barna. Samlingsstunder der ein sit i ring og syng, skaper ei kjensle av fellesskap. Det gjer også teater der fleire barn må samarbeide om skodespelet, og ein kan dessutan etablere mindre grupper rundt forskjellige aktivitetar. I eitt hjørne av rommet kan dei som har lyst til å måle, samle seg, og i eit anna kan ein ha eit bord der dei som har lyst til å leike med byggjeklossar, kan samle seg, og så vidare. Å dra på tur saman styrkjer også fellesskapskjensla.

Utfordringar til deg

  1. Korleis kan du som barne- og ungdomsarbeidar hjelpe til slik at barn får ein trygg og god start når dei begynner i barnehagen?
  2. Kva er ein primærkontakt?
  3. Kvifor er det viktig å «sjå» kvart enkelt barn?
  4. Kva for forventningar har du til barn som begynner i barnehagen?
  5. Kvifor er det ekstra viktig at vaksne og barn gjer noko saman i tilvenningsperioden til barnet?
  6. Kva for aktivitetar ville du ha valt å gjere saman med barna? Grunngi valet ditt.

Læringsressursar

Grupper og kommunikasjon