Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. Grupper og kommunikasjonChevronRight
  4. Gruppetypar ChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Gruppetypar

I løpet av oppveksten gjennomgår vi mange fasar og mange endringar i den personlege utviklinga. Det same gjer gruppene vi hører til.

Kvinne som tar bilde av en gruppe. Foto.

Her er nokre eksempel på dei gruppetypene vi kan vere medlemmar av i oppveksten:

Leikegrupper

Leikegrupper er små grupper av barn i barnehagen. Gruppene er sette saman av dei vaksne for å fremje læring og utvikling. Når barna blir delte inn i grupper, blir dei lettare kjende med kvarandre og utfaldar seg lettare. Ingen blir ståande utanfor. Samtidig kjem dei vaksne nærmare barna og kan følgje opp kvar einskild, for eksempel ved å hjelpe dei passive og sjenerte til å bli meir aktive.

Vennegrupper

Ei vennegruppe er ei samling menneske som vi set særleg pris på, som vi har tillit til, og som vi har glede og nytte av å vere saman med. Vi vel venner sjølve. Vi kan tru oss til venner, leike med dei og finne støtte hos dei når livet går oss imot.

Ei vennegruppe kan også vere organisert av ein vaksen for å hjelpe sosialt svake barn til å få kontakt med jamaldringar i fritida. Ein barne- og ungdomsarbeidar, lærar eller forelder kan avtale med tre–fire elevar at dei skal vere hos kvarandre (for eksempel ein gong i veka), og at dei skal veksle på kven dei er hos. Ideen er at alle har nokon å vere saman med. Ei slik ordning føreset eit samarbeid med foreldra til barna.

Tema- og prosjektgrupper

Slike grupper er ein del av utdanninga. Elevar eller studentar kan sjølve velje kven dei vil samarbeide med for å løyse ei oppgåve, eller dei blir delte inn i grupper av læraren. Desse gruppene liknar dei vi seinare møter i arbeidslivet.

Arbeidsgrupper

Arbeidsgrupper er ei vanleg samarbeidsform på skolar, universitet og arbeidsplassar. Som regel kan vi ikkje sjølve velje deltakarar. Gruppa har ei oppgåve som skal løysast, og arbeidet kan vere permanent eller avgrensa i tid. Elevrådet eller studentutvalet i skolen er eksempel på slike grupper. Også i barnehagen har vi arbeidsgrupper – for eksempel når nokre barn får ansvaret for å vere med på matlaginga, mens andre dekkjer bordet, hentar frukt eller ryddar etter måltidet.

Medlemsgrupper

Medlemsgrupper er grupper vi må betale eller gjere noko aktivt for å vere med i. Idrettslag, politiske parti, foreiningar og rockeband er nokre eksempel.

Utfordringer til deg

  1. Lag ein collage som viser ulike grupper du er med i.
  2. Beskriv ei leikegruppe.
    Hugsar du ei leikegruppe du sjølv har teke del i, så beskriv ho gjerne.
  3. Kva er hensikta med ei leikeguppe?
  4. På kva for måte kan ei leikegruppe fremje læring og utvikling? Kom med eksempel.
  5. Beskriv ei vennegruppe.
  6. Korleis kan du som barne- og ungdomsarbeidar hjelpe barn som ikkje får innpass i vennegrupper?
  7. Beskriv ei tema- eller ei prosjektgruppe.
  8. Korleis kan du hjelpe elevar til å fungere i tema- eller prosjektgrupper?
  9. Kva er hensikta med ei tema- eller prosjektgruppe?
  10. Beskriv ei arbeidsgruppe du er medlem av.
  11. Kva skal til for at arbeidsgrupper fungerer godt?
  12. Kva er ei medlemsgruppe?
  13. Søk på nettet og finn ulike medlemsgrupper.
  14. Kva for grupper er du medlem av på nettet. Kva er fordelen, og kva for ulemper har nettbaserte grupper (f.eks. på Facebook)?

For barne- og ungdomsarbeidaren ligg det ei stor utfordring i å møte dei ulike gruppene og miljøa på ein god måte. Utfordringa blir ikkje mindre av at vi arbeider med grupper på ulike årstrinn! Faget vårt krev mykje av kreativiteten vår, ja faktisk av heile personlegdommen vår.

Læringsressursar

Grupper og kommunikasjon