Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. Grupper og kommunikasjonChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Grupper og kommunikasjon

Når du skal kommunisere i ei gruppe, er det viktig at du lærer deg ulike reglar for å få til ein god dialog. Du skal både lytte og vise interesse for kva andre seier og meiner, slik at de kan få ein god dialog. Det kan lett oppstå konfliktar om ikkje alle respekterer kvarandre i ei gruppe.

Kommunikasjon. Illustrasjon.

Som barne- og ungdomsarbeidar skal du vere profesjonell i ulike situasjonar i jobben din. For å bli betre til å kommunisere i gruppe eller i ein samtale, bør du øve på dette. Du bør òg ta imot rettleiing som gjer at du utviklar deg i riktig retning. Det kan vere strevsamt og utfordrande å få tilbakemelding, men det kan vere veldig nyttig å vere god i kommunikasjon, både saman med føresette og kollegaer. Saman med barna skal du vere den som rettleiar dei til å utvikle gode kommunikasjonsevner.

Emner

Grupper og kommunikasjon

  • Kommunikasjon

    Når vi arbeider med menneske, er kommunikasjon viktig. God kommunikasjon kan skape tryggleik og tillit og vere grunnlaget for vekst og utvikling.

  • Konfliktar

    Som fagarbeidar og arbeidstakar vil du kunne kome i konfliktsituasjonar. Du bør difor kunne noko om – og trene på – å løyse ulike typar konfliktar.

  • Litt enkelt kan vi seie at fysisk aktivitet handlar om å bruke kroppen sin og røre seg. Fysisk aktivitet er svært viktig for helsa vår.

  • Førstehjelp

    Dette skuleåret skal du først og fremst lære førstehjelp ved drukning, fall og trafikkulykker. Førstehjelp er eit viktig fagområde for barne- og ungdomsarbeidaren.

  • Helse

    Som barne- og ungdomsarbeidar skal du ha gode kunnskapar om helse. Dette skuleåret skal du jobbe med fagstoff knytt til helsa til barn og unge.

  • Hygiene

    Hygiene er eit område som du som barne- og ungdomsarbeidar må ha god kunnskap om for å kunne førebyggje sjukdommar hos både barn, unge og vaksne.

Læringsressursar

Grupper og kommunikasjon