Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. Vekst og utvikling ChevronRight
  4. Kunnskap om funksjonshemmingarChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagstoff

Bufellesskap

På denne sida finn du filmar og oppgåver om det å arbeide i bufellesskap eller heime hos dei som treng hjelp.

Helsefagarbeidar i heimebasert omsorg
Lávvu under vårflytting. Foto.
Målretta miljøarbeid
Intervju med vernepleiar – tema seksualitet
Rettleiing av ungdom 1
Rettleiing av ungdom 2

Utfordringar til deg

Oppgåver til filmen "Yrke: Helsefagarbeidar i open omsorg"
  1. Her fortel helsefagarbeidaren at jobben hans er å hjelpe andre til sjølvhjelp. Kva betyr dette?
  2. Han fortel om ei servicebedrift. Kva er det, kven jobbar der, og kva gjer dei?
  3. Kva meiner ein med at brukarane treng hjelp i sosialiseringa?
  4. Kven jobbar saman på denne arbeidsplassen?
  5. Kva er etiske spørsmål?
  6. Kor kan helsefagarbeidaren jobbe?
  7. Kva er rettleiing?
  8. Kva for eigenskapar treng du når du skal jobbe i eit bufellesskap?
  9. Kva for rolle har klede i denne jobben?
  10. Korleis kan du opparbeide gode relasjonar til brukarane?
  11. Helsefagarbeidaren seier at det ikkje er lurt å bli for privat, kva trur du han meiner?
  12. "Å hjelpe menneske gir ei god kjensle", seier han i filmen. Korleis kjennest det å ha ei god kjensle?
  13. Å hjelpe nokon med personleg hygiene er ei arbeidsoppgåve. Korleis trur du brukaren opplever det? Korleis trur du helsefagarbeidaren opplever det?
  14. Denne mannen arbeider i eit "bufellesskap". Kva er det?
  15. "For å få til ein god relasjon må ein gi av seg sjølv". Kva betyr det?
Oppgåver til filmen «Intervju med vernepleier»
  1. Kvifor er det viktig å snakke om seksualitet uansett kva for eit funksjonsnivå menneske har?
  2. Kva er det som er spesielt med puberteten for denne brukargruppa, ifølgje vernepleiaren?
  3. Kvifor trur du det kan vere forskjell på korleis familiar pratar om seksualitet?
  4. Kva er meint med «seksualitet – ett av flere tema»?
  5. Korleis rettleier dei tilsette i denne filmen om temaet seksualitet?
  6. Korleis blir dei tilsette rettleidde om temaet seksualitet?
  7. Når veit vi at tida er inne for å snakke om seksualitet?
  8. Kvar kan du finne informasjon om seksualitet?
Oppgåver til filmen «Målretta miljøarbeid», BUA
  1. Kva kan du lære om meistring ved å sjå denne filmen?
  2. Kvifor er meistring viktig?
  3. Kva er samanhengen mellom meistring og sjølvkjensle?
  4. Kva er eit dagsenter?
  5. Kvifor er det viktig at alle aktivitetar har ei målsetjing?
  6. Korleis blir kompetanse og relasjonar bygde opp?
  7. Forklar kva som skjer når dei to speler piano?
  8. Kva er taktilt?
  9. Korleis kan personalet sjå brukarane?
  10. Kva meiner vi med å vere i relasjon til kvarandre?
  11. Observer og diskuter det de ser i sekvensen der det blir delt ut druer.
  12. Kva tyder tett personaloppfølging og «ein til ein»?
  13. Kva er målet med å lage julehjarte?
  14. Sjå sekvensen om julehjarte og diskuter det de ser.
  15. Gå saman to og to og lag julehjarte. Éin av dykk er døvblind, den andre er ein av personalet.

Læringsressursar

Kunnskap om funksjonshemmingar

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter