Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. Vekst og utvikling ChevronRight
  4. Kunnskap om funksjonshemmingarChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Barn med fortrinnsrett for plass i barnehagen

Barnehagen skal sikre barn under opplæringspliktig alder eit oppvekstmiljø som både gir utfordringar som er tilpassa alderen og funksjonsnivået til barna, og tryggleik mot fysiske og psykiske skadeverknader.

Barn leker ute i barnehagen. foto.

Fortrinnsrett

Barn med særskilde behov har fortrinnsrett for plass i barnehagen. Barnehagearenaen ser ut til å vere den beste arenaen for å inkludere alle barn og gi dei høve til å delta i aktivitetar saman med andre. Dei aller fleste barna med særskilde behov har barnehageplass, og undersøkingar viser at dei aller fleste trivst i barnehagen. Barn med funksjonshemmingar og utviklingshemmingar får rett nok ofte ei marginalisert rolle i barnegruppa, og dei deltek i mindre grad i spontan leik.

Det blei fastsett ein ny rammeplan for barnehagane i 2006. Rammeplanen er ei forskrift til barnehageloven og skal ifølgje Kunnskapsdepartementet vere meir tydeleg når det gjeld kva innhald barnehagen skal ha, kva som er oppgåvene til barnehagen, og kva som er ansvaret til personalet. Rammeplanen legg vekt på kor viktig det er å ha eit kompetent personale og eit godt læringsmiljø. Regjeringa har sett av 50 millionar kroner til ein kompetanseplan for tilsette i barnehagesektoren. Målet til regjeringa på barnehageområdet er full dekning, høg kvalitet, mangfald i tilbodet og låg pris.

I Stortingsmelding 40 (2002–2003) «Nedbygging av funksjonshemmende barrierer» står det at regjeringa har følgjande mål med omsyn til barn med nedsett funksjonsevne:

  1. betra tilgjenge for barn med nedsett funksjonsevne både i private og kommunale barnehagar
  2. reell valfridom med omsyn til val av barnehageplass

Læringsressursar

Kunnskap om funksjonshemmingar

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter