Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. Vekst og utvikling ChevronRight
  4. Kunnskap om funksjonshemmingarChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Støttekontakt og ferie

Støttekontakttenesta skal gi rom for å realisere ideala om eit aktivt og meiningsfylt liv saman med andre. For mange er dette tenestetilbod avgjerande for at dei skal kunne delta i sjølvvalde kultur- og fritidsaktivitetar.

Kvinne får hjelp til å lære og svømme. Foto.

Enkelte sine behov er viktige

Utfordringa er å forme eit fritidstilbod basert på ønska, behova, føresetnadene og kanskje draumane til det enkelte mennesket.

Rett til støttekontakt

På heimesidene til Helsetilsynet står følgjande om støttekontaktfunksjonen:

Støttekontakt etter sosialtjenesteloven § 4-2 bokstav c er særlig en tjeneste som skal hjelpe den enkelte til en meningsfull fritid. Støttekontakten kan også gi råd i dagliglivets gjøremål, f.eks. i forbindelse med små innkjøp og fornuftig bruk av penger, men forutsettes ikke å ha mer omfattende opplæringsoppgaver. Tyngdepunktet i støttekontaktens oppgaver ligger i kontakt og støtte etter brukerens ønsker.

Mange grupper kan ha behov for støttekontakt, til dømes barn, unge og vaksne med psykiske problem, yngre og eldre funksjonshemma, innvandrarar som er ukjende med det norske samfunnet, familiar med samansette problem og rusmisbrukarar.

Kven er støttekontakt

Det er ofte privatpersonar utan spesiell fagbakgrunn som er støttekontaktar. Oppgåva deira er å hjelpe den enkelte til ei meiningsfull fritid og eventuelt gi personleg råd og hjelp.

Vi må sjå på tenesta i tilknyting til andre fritidsaktivitetar som kommunen organiserer – ikkje alltid aktivitetar som sosialtenesta står for, men til dømes kulturetaten. Kommunen er ofte interessert i å kome i kontakt med personar som ønskjer å bli støttekontakt. Mange støttekontaktar får rettleiing av oppdragsgivar.

Nokre kommunar har organisert støttekontakttenesta slik at fleire brukarar er saman med éin støttekontakt. Etter ei individuell vurdering der kvar enkelt får gi uttrykk for kva han eller ho ønskjer, kan dette vise seg å vere ei god ordning.

Støttekontakten får lønn av kommunen, og det er såleis gratis å ha støttekontakt. Brukaren må likevel rekne med å måtte dekkje sine eigne utgifter når ho eller han er saman med støttekontakten – til dømes inngangspengar til symjehallen og utgifter til mat osv.

Læringsressursar

Kunnskap om funksjonshemmingar

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter