Dette er ein case for barne- og ungdomsarbeidarfaget som skal brukast til å førebu seg til yrkeslivet. Det er ei oppgåve som kan løysast aleine eller i gruppe.
Du jobbar i ein ungdomsklubb for ungdom i alderen 10–15 år. Dette er ein klubb for ungdom med ulike typar funksjonshemming, og fleire av dei som deltek på klubben har ulike grader av psykisk utviklingshemming. Dette betyr at det er ganske stor variasjon blant ungdommane, både når det gjeld interesser og funksjonsnivå.
Ungdomsklubben tilbyr aktivitetar som musikk – dei har instrument som kan lånast, ulike typar spel – både brettspel og spel som bordtennis og biljard. Det er også ein gymsal i tilknyting til klubben, denne kan brukast ved behov. Du har fått i oppgåve å lage ein aktivitetsplan for klubben.
• Korleis vil du gå fram for å finne ut/kartleggje kva for aktivitetar som kan vere aktuelle?
• Kva skal vere målet for aktivitetsplanen?
• Korleis leggje til rette for aktivitetar som inkluderer alle, og som alle meistrar?
Læringsressursar
Kunnskap om funksjonshemmingar
Læringssti
Psykisk utviklingshemming
Kjernestoff
Fagstoff
Kva er psykisk utviklingshemming?
KjernestoffLovverk og psykisk utviklinghemming
KjernestoffUniversell utforming og ulike buformer
KjernestoffÅ bestemme over eige liv
KjernestoffHjelpemiddel
KjernestoffBufellesskap
KjernestoffEit godt liv med nedsett funksjonsevne
KjernestoffHundesledetur for eldre
KjernestoffBarn med utviklingshemming i grunnskulen
KjernestoffSFO – skolefritidsordning
KjernestoffStøttekontakt og ferie
Kjernestoff
Oppgaver og aktiviteter
Case: Julie går i barnehagen der du jobbar
Kjernestoff- Kjernestoff
Case: På jobb i ungdomsklubb Du er her