Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. Vekst og utvikling ChevronRight
  4. Kunnskap om funksjonshemmingarChevronRight
  5. Case: Julie går i barnehagen der du jobbar ChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Case: Julie går i barnehagen der du jobbar

Dette er ein case for barne- og ungdomsarbeidarfaget som skal brukast til å førebu seg til yrkeslivet. Det er ei oppgåve som kan løysast aleine eller i gruppe.

Lita jente som går fra liten gutt. Foto.

Case

Du er barne- og ungdomsarbeidar og jobbar i barnehage. Der skal du planleggje ein tur i skogen for 5-åringane. På gruppa med 5-åringar er også Julie. Ho har diagnosen utviklingshemming, og ein reknar med at graden ligg mellom moderat og alvorleg. Julie har lite utvikla språk, men språkforståinga hennar ser ut til å vere ganske god. Dette betyr at Julie forstår mykje av det som blir sagt til henne, men ho har problem med å gi uttrykk for kva ho sjølv ønskjer og vil, kva ho tenkjer og føler. Julie har også forsinka motorisk utvikling, ho har problem med å gå, og ho brukar rullestol når ho skal bevege seg over større avstandar.

Spørsmål

1. Kva for førebuingar bør gjerast i forkant av turen?

2. Er det noko spesielt ein bør ta omsyn til når det gjeld Julie?

3. Korleis kan du bruke turen til å auke samspelet mellom barna, slik at Julie også blir inkludert?

4. Kan du komme med forslag til ulike aktivitetar som alle kan meistre?

Læringsressursar

Kunnskap om funksjonshemmingar

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter