Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. Vekst og utvikling ChevronRight
  4. Kunnskap om funksjonshemmingarChevronRight
  5. Lovverk og psykisk utviklinghemmingChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Lovverk og psykisk utviklinghemming

Personar med utviklingshemming omfattast av dei alminnelege reglane i helse- og omsorgslovgivinga på lik linje med alle andre.

paragraf symbol.ilustrasjon.

Lov om kommunale helse- og omsorgstenester

Helsetenestene i kommunen blir regulert av Helse- og omsorgstenestelova.

Lova inneheld reglar om kommunen sitt ansvar for helse- og omsorgstenester til alle som oppheld seg i kommunen, og ho skal syte for at personar som oppheld seg i kommunen, blir tilbode nødvendige helse- og omsorgstenester. Dette omfattar ei rekkje tenester, som til dømes helseteneste i skule, legevakt, fastlegeordning, helsetenester i heimen, plass i sjukeheim og avlastingstiltak.

Kommunen har vidare ansvar for å gi tilbod om bustad særskilt tilrettelagt for heildøgns tenester. Mange utviklingshemma bur i slike bustadar, der det er heildøgns tenester.

Kapittel 9 i Helse- og omsorgstenestelova

Bruk av tvang og makt overfor personar med utviklingshemming er regulert i Helse- og omsorgstenestelova sitt kap. 9.

Hensikta med lova er å hindre at personar med utviklingshemming utset seg sjølve eller andre for skade, og å førebyggje og avgrense bruk av tvang og makt. Om personar med utviklingshemming har ei åtferd eller framferd som kan skade andre eller dei sjølve, gir denne lova ein moglegheit til at det brukast tvang og makt overfor dei, og definerer samtidig avgrensingar for tiltaka.

Hensikta med lova

Det presiserast i lova at tvang og makt berre kan brukast for å hindre og avgrense vesentleg skade, altså at skaden må vere av ein viss storleik og alvorsgrad.

Ei anna hensikt med lova er at ho skal førebyggje og avgrense bruk av tvang og makt. Det inneber at ein må arbeide for å leggje til rette tenester til personar med utviklingshemming på ein slik måte at behovet for tvang blir minst mogleg.

Lova stillar vidare krav om at andre løysingar skal vere prøvd før ein bruker tvang og makt. Det inneber at ein skal unngå bruk av tvang og makt viss det er mogleg, og ein skal heile tida ha fokus på å forsøkje å unngå det.

Lova seier at det kan brukast makt og tvang i følgjande tilfelle:

a) Skadeavverjande tiltak i naudstilfelle.

b) Planlagde skadeavverjande tiltak i gjentekne naudssituasjonar.

c) Tiltak for å dekkje brukaren eller pasienten sine grunnleggjande behov for mat og drikke, påkledning, kvile, søvn, hygiene og personleg tryggleik, medrekna opplærings- og treningstiltak.

Bokstav a) og b) handlar om situasjonar der personar med utviklingshemming står i fare for å gjere skade på seg sjølv, andre personar eller gjenstandar.

Bokstav c) kan nyttast i tilfelle der personar med psykisk utviklingshemming motset seg tiltak som skal dekkje grunnleggjande behov, og at desse tiltaka skal hindre eller avgrense vesentleg skade på personen sjølv.

Kva meiner vi med tvang og makt?

Med tvang og makt meiner vi tiltak som tenestemottakar motset seg, eller tiltak som er så inngripande at dei uansett må reknast som bruk av makt og tvang.

Personar med utviklingshemming har i utgangspunktet dei same rettane som alle andre når det gjeld å bestemme over seg sjølv, og ting ein har rundt seg. Om tenesteytarar, altså kommunalt tilsette som skal støtte og hjelpe personar med utviklingshemming, ser det som nødvendig å avgrense denne fridomen for å hindre skade på andre personar eller gjenstandar, blir det rekna som bruk av tvang og makt.

Det betyr at tenesteytarar på ulike måtar kan stoppe eller avgrense personen sin moglegheit til å øydeleggje noko eller skade andre. Døme på dette kan vere låsing av dører, eller at ein låser inn gjenstandar som tilhøyrer personen for å hindre at dei blir øydelagde.

Lov om pasient- og brukarrettar

Pasientane og brukarane sin rett til tenester etter Helse- og omsorgstenestelova er regulert i pasient- og brukarrettslova.

Føremålet med lova er å sikre befolkninga lik tilgang på tenester av god kvalitet, og bidra til å fremje tillitsforholdet mellom pasient/brukar og helse- og sosialtenesta, fremje sosial tryggleik og vareta respekten for den enkelte pasient eller brukar sitt liv, integritet og menneskeverd.

Lov om helsepersonell

Helsepersonellova omhandlar plikter og rettar for helsepersonell. Lova seier noko om korleis personar tilsette i helse- og omsorgstenestene skal oppføre seg og utøve yrket sitt.

Føremålet med lova er å bidra til sikkerheit for pasientar og kvalitet i helse- og omsorgstenesta, i tillegg til å bidra til tillit til helsepersonell og helse- og omsorgstenesta.

Lov om barnehagar

Barnehagar blir regulerte gjennom lov om barnehagar. Lova seier at barnehagen skal gi barn som ikkje har begynt på skole, gode utviklings- og aktivitetsmoglegheiter.

Vidare seier lova at barn med nedsett funksjonsevne, som til dømes fysisk funksjonshemming, utviklingshemming eller åtferdsvanskar, skal ha fortrinnsrett til barnehage.

Lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa

Opplæringslova regulerer grunnskuleopplæring, altså barne- og ungdomsskule og vidaregåande skule.

Barn med ulike typar funksjonshemming, også utviklingshemming, har rett til utdanning på lik linje med andre barn.

Lova seier også noko om spesialundervisning, og at ein skal tilby spesialundervisning til elevar som ikkje får nok utbytte av vanleg undervisning. Spesialundervisning er tilpassa opplæring for å hjelpe elevar med spesielle behov.

Læringsressursar

Kunnskap om funksjonshemmingar

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter