Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. Vekst og utvikling ChevronRight
  4. Kunnskap om funksjonshemmingarChevronRight
  5. Årsaker og utfordringar ved psykisk utviklingshemmingChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Årsaker og utfordringar ved psykisk utviklingshemming

Genetiske faktorar som påverkar hjernen tidleg i svangerskapet er den aller vanlegaste årsaka til psykisk utviklingshemming.

Øye med refleksjonen av diverse nettsider om helse. Foto.

Årsaker til utviklingshemming

Den vanlegaste årsaka til psykisk utviklingshemming er organisk skade i hjernen. Årsakene til psykisk utviklingshemming kan oppstå både før, under og etter fødsel.

Genetiske faktorar som påverkar hjernen tidleg i svangerskapet er den aller vanlegaste årsaka til psykisk utviklingshemming. Downs syndrom er eit døme på det.

Oksygenmangel før, under og rett etter fødsel, og infeksjonar og sjukdommar som til dømes hjernehinnebetennelse, kan også gi skadar som fører til psykisk utviklingshemming.

Utfordringar og sårbarheit

Den kognitive svikten, altså problem med å lære og forstå hos personar med utviklingshemming, inneber problem med å tolke og forstå både omgivnadar og språk. Mange personar med utviklingshemming kan derfor oppleve omgivnadane som uføreseielege og kaotiske. Dei skjønar ikkje samanhengar eller kvifor ting skjer.

Den kognitive svikten påverkar også minnet, og korleis ein lærer og erfarer. Det betyr at personar med utviklingshemming har problem med innlæring, og også å hugse det ein har lært.

Emosjonsregulering er å kunne regulere følelsar som blir utløyste ved glede, sinne, misunning og så vidare. Dette må lærast og utviklast gjennom heile livet.

Dei kognitive utfordringane som personar med utviklingshemming har, fører til auka risiko for problem eller manglande utvikling av denne emosjonsreguleringa. Personar med psykisk utviklingshemming kan derfor ha problem med å regulere følelsar, som til dømes sinne.

Læringsressursar

Kunnskap om funksjonshemmingar

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter