Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. Vekst og utvikling ChevronRight
  4. Seksualitet hos barn og ungeChevronRight
  5. Barne- og ungdomsarbeidaren som rettleiarChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagstoff

Barne- og ungdomsarbeidaren som rettleiar

Dei vaksne si tilbakemelding på barn sin seksualitet har stor verdi for utviklinga av sjølvkjensla til barnet. Det at ein oppfattar sin eigen kropp og sine eigne lyster som noko bra og normalt, er med på å styrkje sjølvkjensla.

To voksne som står sammen med et barn. Bilde

Trygg seksualitet

Utviklinga av ein trygg seksualitet frå barneåra av har òg mykje å seie for seksualiteten i vaksen alder. Difor er det viktig med tydelege og reflekterte vaksne som kan rettleie barnet på ein slik måte at det utviklar ein god seksualitet.

Barn og ungdom treng vaksne som er imøtekommande, og som tør å snakke med dei om det dei lurer på når det gjeld seksualitet.

Intervju med sexolog

Dersom du synest dette er eit vanskeleg tema å snakke med barna om, kan du be om råd og rettleiing frå nokon du jobbar saman med.

Rettleiing

Modell som viser elementer man bør kunne for å drive veiledning. Bilde

Å rettleie vil seie å hjelpe ein annan til sjølv å komme fram til si eiga løysing. Gjennom rettleiing skal du hjelpe barn og ungdom til å bli i stand til sjølve å vurdere, setje grenser og gjere eigne val når det gjeld seksualitet. Dette meistrar barnet eller den unge som eit resultat av refleksjon og innsikt.

For å kunne rettleie barn og ungdom må du

  • ha kunnskap om seksuell utvikling
  • ha kunnskap om kva barn og ungdom i forskjellige aldrar er opptekne av når det gjeld seksualitet
  • ha god kunnskap om seksualitet generelt

Det er viktig at du held deg til kompetanseområdet ditt. I nokre tilfelle kan rettleiing òg innebere at du viser barnet eller ungdommen til nokon som kan meir om emnet.

Som barne- og ungdomsarbeidar må du vere klar over dine eigne haldningar til seksualitet, og du må opptre profesjonelt. Det inneber å vise respekt for alle menneske. Ver merksam på at du som vaksen er eit førebilete, og at barn og unge speglar seg i reaksjonane dine.

Det er viktig at barnet eller den unge opplever deg som eit menneske det er trygt og godt å snakke med. Måten du kommuniserer på, både verbalt og ikkje-verbalt, er avgjerande for om du oppnår tillit. Ikkje undervurder intelligensen til barnet eller ungdommen, og unngå å vere moraliserande.

Prøv å forstå og setje deg inn i den røyndommen som barnet eller ungdommen er i, og ta utgangspunkt i den. Det gjer du best med å observere og lytte aktivt. I ein samtale kan du stille spørsmål for å vise interesse og for å oppnå større forståing og innsikt. Støtt opp om ressursane til barnet eller ungdommen, og gi gode tilbakemeldingar. Det vil styrkje sjølvkjensla.

Barn og ungdom bruker ord om seksualitet som er naturlege for dei, og det å bruke medisinske ord på kjønnsorgan verkar som oftast fjernt. Bruk gjerne dei same orda som dei du snakkar med, dersom det er naturleg for deg. Ver likevel merksam på at barn og unge ofte bruker ord og uttrykk som dei slett ikkje ønskjer at vaksne skal bruke. Vis respekt, og juster språket ditt dersom du merkar at barnet eller den unge reagerer på dei orda du bruker.

Sjølv om du har erfaringar sjølv, skal du ikkje utlevere deg sjølv når du rettleier barn og unge.

Utfordringar til deg

  1. Kva er forskjellen på å rettleie og å gi råd?
  2. Kva er føremålet med rettleiing?
  3. Kva for ord meiner du det er naturleg å bruke når du skal snakke med barn og unge om seksualitet?
  4. Kva vil det seie å vere profesjonell på dette området?
  5. Kva vil du leggje vekt på i rettleiinga av barn og unge?
  1. Kvifor opplever mange at det er vanskeleg å snakke om seksualitet?
  2. Kva er bluferdigheit?
  3. Kva er grunnkompetanse når det gjeld seksualitet?
  4. Kva fortel sexologen om det med å finne sin eigen identitet?
  5. Når er barn modne nok til å høyre om seksualitet?
  6. Korleis bør du svare barn som stiller spørsmål om seksualitet?
  7. Kva for opplæring bør barn i barnehagen og skulen få om seksualitet?
    Fordjuping:
    – Kva seier rammeplanen om opplæring om kropp og seksualitet i barnehagen?
    – Kva seier læreplanane om opplæring i seksualitet i grunnskulen?
  8. Kvifor er sexologen uroa for guttegruppa?
  9. Kva vil det seie å vere ein profesjonell barne- og ungdomsarbeider når det gjeld seksualitet?
  10. Når bør du be barn eller unge om å gå til nokon andre med spørsmåla sine om seksualitet?

Læringsressursar

Seksualitet hos barn og unge

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgåver og aktivitetar